Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for October, 2006

Aerosmith – Dude (looks like a lady)

Det vert to musikkvideoar denne gongen — til same melodi. I tillegg til originalen, er det laga mange remiksar av videoar plukka frÃ¥ ulike kjelder. Eg har plukka med meg ein der det er plukka frÃ¥ ein enkelt animeserie, “I, My, Me! Strawberry Eggs”

Fordi eg har lyst.

Originalen:

Til Animeserien “I, My, Me! Strawberry Eggs”

Comments are off for this post

Shopping spree

I samband med diktet “I am” i førre post, sÃ¥ tenkte eg eg skulle fortelja litt om kor gøy det har vore Ã¥ bruka ein del av mine surt oppsparte pengar dei siste mÃ¥nadane. For det har det faktisk vore — ikkje fordi eg ikkje greier Ã¥ halda pÃ¥ pengar, men fordi eg har fÃ¥tt sÃ¥ mykje att for dei.

Det er nemleg ein butikk her i byen som har eit slags avslutningssalg. Dei byrja i sommar med det, og skal halda fram til jul. Eller, i alle fall til jul, var det siste eg høyrde. Dette er jo eigentleg ganske lenge for eit salg — godbitane pleier jo Ã¥ forsvinna raskt, og sÃ¥ sit ein igjen med massevis av ukurante storleikar, som XS og S… Det er ikkje akkurat slik her — her kjem det nye klede inn heile tida, og sÃ¥ vert dei lagt ut for salg meir eller mindre med ein gong. DÃ¥ er det gøy!

Det kan sikkert nemnast ein del om kor stor avanse ein vanlegvis tek pÃ¥ kleda for at slikt skal gÃ¥ an Ã¥ gjera i sÃ¥ lang tid, men for min del er det mest interessante no at det er mulig Ã¥ fÃ¥ tak i fleire komplette antrekk for nokre fÃ¥ hundrelappar. Og det har eg fÃ¥tt — mange flotte antrekk, og full valuta for pengane. Men sÃ¥ er eg innom ein gong eller meir i veka òg dÃ¥, og ser om det er nye prisar eller nye plagg som freistar. Av og til er det det, andre gongar ikkje.

SÃ¥ klart, sjølv om det er billig, sÃ¥ kan eg ikkje kjøpa alt eg kunne tenka meg heller. Diverre. Men likevel har det blitt ein god del pÃ¥ meg der — og meir vil det nok bli. Det er ei stund til jul 😉

2 comments

I am

SÃ¥ er det tid for eit aldri sÃ¥ lite dikt igjen. 🙂

I am

Delicate
Sweet
Soft
Sexy
I am

The Cheerful
The colours of summer
The innocent white
The many choices
I am
a woman

Irresistable
Lovely
Saying “Take me!”
“Don’t leave me!”
and “Sale!”
I am
a woman
on a shopping spree

1 comment

Ekte mannfolk

Eg høyrde uttrykket pÃ¥ TV i gÃ¥r, i samband med omtale av The Man Show — det skulle vera eit show for ekte mannfolk og andre enkle sjeler. Ikkje den mest positive meininga der, kanskje, men det blir jo sagt i fullt alvor av bÃ¥de menn og kvinner elles. SÃ¥ var det det dÃ¥: Kva legg folk i uttrykket “ekte mannfolk”?

Det kan jo vera sÃ¥ mangt, det ulike folk legg vekt pÃ¥: Indre kvalitetar, korleis ein ter seg, eller kler seg. Eller noko anna. Og at ein legg vekt pÃ¥ det same, treng slett ikkje tyde det same som at ein meinar det same. Eller — er eg heilt pÃ¥ viddene no?

Berre ta det Ã¥ te seg. For Ã¥ vera eit ekte mannfolk, mÃ¥ ein dÃ¥ vera skikkeleg barsk, og (sterk) fysisk? Ut Ã¥ hogga ved, mekka pÃ¥ motor/bil/sykkel, hÃ¥r pÃ¥ brystet og vera skikkeleg muskuløs? Er det “you Jane, me tarzran” som er idealet for eit ekte mannfolk, eller kan menn òg ha sans for sÃ¥kalla mjukare verdiar utan at manndomen deira skal dragast i tvil?

NÃ¥r eg les litt rundt om kring, sÃ¥ kan det synast som ein del set ei grense for kva menn kan kle seg i: Ekte mannfolk kan kle seg i nett det dei vil, men dei vil ikkje kle seg i noko som kvinner kunne tenkast Ã¥ gÃ¥ med. No for tida kan dog kvinner tenka seg Ã¥ gÃ¥ kledd i det meste… Har ein mot nok til Ã¥ gÃ¥ i mot straumen og ikkje kle seg likt med alle andre, sÃ¥ er det fare for den manndomen? Trudde ikkje “saueflokk” skulle vera idealet?

Andre ting eg har sett nemnd? Enkelte har jo total angst for fuktighetskrem og evt. andre kremar. Sjølv synest eg ikkje det høyrest særleg mandig ut Ã¥ vera redd for slikt, men det Ã¥ ta vare pÃ¥ huda si og vera oppteken av korleis ein ser ut (bortsett frÃ¥ det Ã¥ vera generelt velstelt) kan synast Ã¥ vera lite mandig, i følge enkelte. Eg leste for eit par Ã¥r sidan eller sÃ¥, eit innlegg i eit blad: Ei jente hadde møtt ein skikkeleg kjekk gut; intelligent, kunne føra gode samtalar, tiltrekkande, vakker kropp og maskulin — han var nesten perfekt. SÃ¥ fann ho ut at han hadde lakkerte tÃ¥negler. Krise! Det vart ikkje noko meir mellom dei to.

Lakkerte tÃ¥negler er kanskje ikkje av det mest maskuline, men at noko sÃ¥ overfladisk skulle endra inntrykket frÃ¥ ekte mannfolk til femi type, det heng vel eigentleg ikkje pÃ¥ greip? Men nÃ¥r eg les eller høyrer kommentarar om “ekte mannfolk” rundt om, sÃ¥ er det oftast svært sÃ¥ overflødige ting det er snakk om. Blir det berre brukt som eit pressmiddel for Ã¥ fÃ¥ menn til Ã¥ vera pÃ¥ ein bestemt mÃ¥te, eller er det noko som kan kallast eit ekte mannfolk? Skiller det seg i sÃ¥ fall ut frÃ¥ det Ã¥ vera eit ekte kvinnfolk? (I den grad me høyrer om det, pÃ¥ same mÃ¥te.) For min del sÃ¥ mÃ¥ det dÃ¥ vera at ein viser ansvar, stÃ¥r opp for det ein meinar, og ikkje let seg tvinga/kua til Ã¥ vera nokon ein ikkje er. Uansett kjønn. Men det er mi meining, i den grad eg mÃ¥tte ta uttrykket pÃ¥ alvor. Kva meiner andre?

Rundar av til slutt med eit passande sitat om ekte mannfolk: “Det krevt eit ekte mannfolk Ã¥ gÃ¥ som kvinne!” (Sagt av ein transvestitt. 🙂 )

1 comment

Nuppefjerning og uheldige konsekvensar?

Eg kjøpte meg ein nuppefjernar på måndag. Grunnen til det kunne eg finna i sengetøyet.

Det har seg namleg slik at eg har eit sengesett i sateng, “silk look” eller kva det no heiter. Fint og glatt er det i alle fall, og ganske behageleg Ã¥ liggja i. Slik var det før investeringa i ein nuppefjernar òg, med unntak av heilt nede med beina — der var det sÃ¥ mange nupper at stoffet var ganske ru, og slett ikkje behageleg. Ikkje akkurat som sandpapir, men eg tok meg i Ã¥ kjenna etter om huda mi var fin eller ikkje, kvar gong eg brukte det settet.

Denne gongen var det nok, eg var lei nuppene. MÃ¥ndag kveld sette eg i gong med opprenskinga, og nuppefjernaren fekk skikkeleg kjørt seg. DÃ¥ eg var ferdig, var nuppene vekke, og sengetøyet var glatt og fint igjen. Ved sengetid kunne eg knapt tru mine eigne bein — før og etter nuppefjerning var som natt og dag; no var det inga ekkel skrapekjensle lengre nÃ¥r eg rørde beina. Ah, det ville bli ei god natt.

Dei uheldige konsekvensane? Vel, eg sov ein halvtime lengre enn eg burde i gÃ¥r. Er det ein samanheng? I sÃ¥ fall har eg ikkje vant meg til Ã¥ sova sÃ¥ godt glatt og behageleg enno, for jammen santen sov eg ikkje ein halvtime lengre enn eg burde i dag òg. Muleg det kan ha noko Ã¥ gjera med leggjet… Nei — det er nok nuppefjerninga som gjer det!

2 comments

Halloween

Jada, eg er klar over at det er ei heil veke og ein dag til Halloween er her — eller Allehelgensaften som det vel heiter pÃ¥ norsk — men det mÃ¥ no vera eit passande tidspunkt til Ã¥ lura litt pÃ¥ ulike tradisjonar som mÃ¥tte finnast her i landet?

At ungane enkelte stadar har byrja Ã¥ kle seg ut og gÃ¥ pÃ¥ “trick or treat”-rundar for Ã¥ fÃ¥ godteri, det har eg fÃ¥tt med meg. Halloween parties der dei vaksne kler seg ut er heller ikkje uvanleg, men sÃ¥ er det éin liten tradisjon til eg har lest om i fleire Ã¥r over i USA: Ã… gÃ¥ utkledd pÃ¥ jobb. Ikkje alle, men ikkje sÃ¥ uvanleg heller.

Og sÃ¥ kjem det eg lurar pÃ¥: Er det nokre her som gÃ¥r utkledd pÃ¥ jobb pÃ¥ Halloween, eller veit om at det blir gjort? Eg er berre nyfiken…

2 comments

Scissor Sisters – Filthy/Gorgeous

Det vart ikkje posta noko musikkvideo i bloggen her i går, så eg får ta den i dag i staden. Denne gongen er det Scissor Sisters som slår til med videoen til melodien Filthy/Gorgeous.

1 comment

I drag for Rognan

»Damene« i alt for Rognan
SÃ¥ har eg endeleg fÃ¥tt sett ein episode av “Alt for Rognan” — kanskje det var pÃ¥ tide? No veit eg ikkje kva eg har gÃ¥tt glipp av tidlegare, men episoden denne veka var i alle fall fornøyeleg Ã¥ fÃ¥ med seg. Eg fÃ¥r følgja med vidare for Ã¥ sjÃ¥ korleis ting gÃ¥r. Det som var artig i episoden denne veka var jo dragforestillinga og reaksjonane rundt det.

Sjølvsagt vart det mykje lÃ¥tt og moro, noko anna er vel ikkje Ã¥ venta i eit slikt variert lag. Kommentarane frÃ¥ gjengen pÃ¥ vegen mot det ferdige resultatet var litt interessante Ã¥ fÃ¥ med seg òg — eit par stykke hadde prøvd seg tidlegare i dameklede og høge hælar, kom det fram. Godt humør var det i alle fall pÃ¥ alle, og vilje til Ã¥ gjera det beste ut av det.

Mest positiv til det heile var kanskje Steinar, studenten. I det minste var han i alle fall ikkje redd for Ã¥ gi uttrykk for at han hadde sansen for det. Han storkoste seg i høge hælar,sa han i nettpraten, og ville gjerne gjera slikt igjen. Han hadde funne urkvinna i seg sjølv. Enkelte meinte at det mÃ¥tte dÃ¥ vera pinleg Ã¥ mÃ¥tta kle seg i kvinneklede, men sÃ¥ veldig pinleg var det visst ikkje, korkje for han eller Geir som òg var i nettpraten — og kvifor skulle det no vera pinleg? Dei er nok trygge nok pÃ¥ seg sjølv til Ã¥ takla slikt.

Stilige som damer var dei i alle fall. 🙂

Comments are off for this post

Statistikk-junkie?

piechartEg innrømmer gladeleg at eg er glad i statistikk. Ikkje som fag innan matematikken — der fekk eg aldri den heilt store inspirasjonen — men nÃ¥r det gjeld oversikt over besøkande sÃ¥ er eg lett fascinert, det er ein del spennande informasjon til tider. Kanskje vart eg òg litt lettare hysterisk dÃ¥ eg kort tid etter Ã¥ ha starta denne bloggen her oppdaga at det vart konflikt mellom mÃ¥ten WordPress lagar fine, permanente lenker og Ã¥ sjÃ¥ statistikken over nettstaden min. Men det løyste seg heldigvis.

Men er det nok å sjå statistikken slik då? Det finst jo litt ulike plugins til WordPress for å visa statistikk, og ein eg likar svært godt der er wp-shortstat. Masse gøyal informasjon tilgjengeleg med eit museklikk eller to, inkludert kva folk hadde søkt etter på dei ulike søkemotorane for å finna meg. Vel, kanskje ikkje spesifikt for å finna meg, men eg dukkar no opp i enkelte søk. Det var berre eitt lite problem: Sjølv om Google er mykje brukt, så finst det jo norske søkemotorar òg, og desse er ikkje med i pluginscriptet. Det medfører at søkeorda frå desse ikkje vert registrert.

Ooops!

No er det vel slik at problem er til for Ã¥ overvinnast? I alle tilfelle kikka eg nærare pÃ¥ kjeldekoden for Ã¥ sjÃ¥ om eg fann ut noko, og det gjorde eg i grunnen. Dei ulike søkemotorane var lista opp saman med kva parameter som vart brukt for Ã¥ identifisere søkeorda. Eg fylte inn dei norske søkemotorane eg fann med same format som dei som stod der frÃ¥ før og testa — og det verka. Ikkje berre vart nye besøkande registrert korrekt, men det vart dei gamle òg. Joohoo!

Det mest tidkrevande i heile operasjonen var i grunnen å sjekka kva dei ulike norske søkemotorane brukte som parameter, men om nokre skulle vera interessert i plugin-en utan å ville gjera det same arbeidet, så la eg ut fila hjå meg eg: wp-shortstat med norske søkemotorar.

2 comments

Den der undertrykkinga

Mannen stÃ¥r og vaskar opp. Kona ved kjøkkenbordet les: I følge denne undersøkinga er du ein mannssjÃ¥vinistisk gris.Menn er undertrykt, det er vel slÃ¥tt grundig fast no? Mykje er skrive etter artikkelen av Døving — ein oversikt finst hjÃ¥ tiqui, sjølv om debattar føregÃ¥r fleire andre stadar òg. Det har vore fleire gode artiklar og kommentarar, men jammen har det vore ein del av det motsette slaget òg, og ein del som har fÃ¥tt meg til Ã¥ stussa.

Eg må innrømma at då eg leste artikkelen til Døving, så reagerte eg ikkje noko særleg på han. Det stod jo i grunnen ikkje noko nytt ut over det som har kome fram i fleire undersøkingar tidlegare? Men fleire såg ut til å latterleggjera det han sa, til å ignorere problema han peika på og heller hakka på han fordi han skulle ha gitt kvinnene skulda for problema, og at kvinnene var undertrykkarar? Var det slik det var då, at han berre la skulda for situasjonen over på kvinnene? Det var ikkje slik eg hugsa artikkelen, så eg lesta han på nytt.

Stadig ser eg ikkje at Døving skuldar pÃ¥ kvinnene, sjølv om han menar dei ikkje ser situasjonen korleis han verkeleg er, kor mykje makt kvinnene faktisk har. Ikkje dermed sagt av det var ein velskriven artikkel. Døving peika pÃ¥ fleire viktige punkt, utan Ã¥ gÃ¥ vidare inn pÃ¥ dei, utan Ã¥ spørja kvifor det er slik og kva som kan gjerast. Dermed gjer han ingenting med den situasjonen han opnar artikkelen med, inga bevisstgjering om at ting kan bli betre enn dei er: “Vi er klar over at ikke alle menn føler seg undertrykt, men vi vet at de fleste er det. Ingen føler seg undertrykt før de har en drøm, en visjon om noe bedre.” I staden er det lett for dei som les artikkelen Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥ det som surmaga klaging og avfeia heile greiene. Det er synd.

At situasjonen pÃ¥ fleire felt er mykje verre for menn enn kvinner, at menn er dÃ¥rlegare stilt og blir dÃ¥rlegare behandla enn kvinner, det har fleire undersøkingar vist. Program har blitt vist pÃ¥ TV om det, i 60 minutes om skulen i USA, korleis krav om kvotering har ført til mindre tilbod til gutane (grunna laber interesse frÃ¥ jentene), korleis undervisningsopplegget favoriserte jenter (eit eksperiment der elevane vart delt i gute- og jenteklassar, og gutane fekk eit opplegg tilpassa dei, førte til at gutane gjorde det svært mykje betre.) Dokumentaren “Könskriget” frÃ¥ svensk TV skapte mykje debatt i fjor og i Ã¥r. Jack Kammer har skrive ei bok om korleis menn blir diskriminert pÃ¥ ulikt sett, If men have all the power, how come women make all the rules? (Kan lastast ned som pdf-fil.) Mange vil nok le av mykje som stÃ¥r i boka, men tenk litt etter: Kor ofte mÃ¥ menn finna seg i Ã¥ bli behandla eller omtala pÃ¥ mÃ¥tar ingen ville finna seg i om det var snakk om kvinner? Kor mykje ubevisst dobbeltmoral er det i samfunnet vÃ¥rt? Eg kunne nok ha peika pÃ¥ fleire ting som enkelte menn finn viktige, andre menn totalt uinteressante, og kvinne tek som ei sjølvfølge for sin eigen del. Kanskje ein annan gong.

Men, korleis skal me gripa fatt i det Døving skriv om? Korleis skal me løysa dei problema han peikar pÃ¥? Først og fremst mÃ¥ me bli klar over at det er problem som mÃ¥ gjerast noko med. Først dÃ¥ kan me bøta pÃ¥ manglande forstÃ¥ing for problema, finna ut kva som mÃ¥ gjerast. Det kan kanskje vera vanskeleg til tider, for mykje av det nokre synest er ubetydeleg og kan ignorerast er svært viktig for andre — me mÃ¥ ta slikt pÃ¥ alvor og ikkje avvisa desse poblemstillingane som ikkje-eksisterande, noko begge kjønn likevel gjer, òg ovanfor sine eigne. At det er fÃ¥ som snakkar om eit problem tyder kanskje pÃ¥ at det er mange som ikkje tør snakka om det, og ikkje at det er eit fÃ¥tal som opplever problemet? Slikt veit me ikkje før me tek problema pÃ¥ alvor og studerer dei.

Eg ser forresten at mange menn er glade for det Døving skriv, fordi dei kjenner att problema frå eigne liv. Det tyder jo på at artikkelen ikkje var eit totalt bomskot, i alle fall.

Comments are off for this post

Next Page »