Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for the 'second life' Category

Ny butikk: Chywe’s – The Whole Shebang

Ting kan av og til skje fort. For halvannan månad sidan så starta eg forsiktig med å ha ein liten nettbutikk i Second Life, dvs. eg hadde kun varene mine på XstreetXL.com, og ikkje i butikklokale i sjølve SL. å den måten kunne eg bygga meg opp eit passande vareutvalg litt etter litt, utan å ha utgifter til butikklokale. Aberet er at Xstreet tek 5% kommisjon av kvart salg, men det er det verd. Eit større aber er kanskje at sidan eg ikkje har nokre utgifter der, så hastar det ikkje med å få opp masse ulike varer som gjer det freistande for kundar å bruka tid og handla så masse. Noko har eg jo seld, og fått inn nok til å kunna unna meg litt ekstra, men utvalget har ikkje auka så fort.

Men, ting kan altså skje litt fort, av og til. Ei venninne av meg gjorde meg merksam på eit godt tilbod. Så pass godt at ho insisterte på at eg burde slå til på det.

Oversiktebilete over butikklokalet

Oversiktebilete over butikklokalet

Vel – tilbodet gjekk ut på å få butikklokale i tre månadar – gratis. Som ei hjelp til dei som startar opp. Eg tok kontakt med eigaren av lokala, og fekk tilslag. Sikra meg eitt av dei ledige lokala, og meir var litt vanskeleg å gjera nett då. Dette var i går. I dag flytta eg inn med det eg har laga så langt. I alle fall det som er klart for salg.

No er eg i gong.

Klart, det er jo eit aber med dette òg: No må eg laga alt det eg har planar om å laga, for å få eit utvalg som er interessant å sjå gjennom. Nyttar ikkje å berre tenka «seinare» no lengre. Men, det er sikkert berre ein fordel, det.

Og så gjeld det så klart å få kundane inn og sjå kva eg har.

Om du er i Second Life, så er du kanskje litt nyfiken? I så fall finn du butikklokalet mitt her.

No comments