Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for October 22nd, 2006

I drag for Rognan

»Damene« i alt for Rognan
SÃ¥ har eg endeleg fÃ¥tt sett ein episode av “Alt for Rognan” — kanskje det var pÃ¥ tide? No veit eg ikkje kva eg har gÃ¥tt glipp av tidlegare, men episoden denne veka var i alle fall fornøyeleg Ã¥ fÃ¥ med seg. Eg fÃ¥r følgja med vidare for Ã¥ sjÃ¥ korleis ting gÃ¥r. Det som var artig i episoden denne veka var jo dragforestillinga og reaksjonane rundt det.

Sjølvsagt vart det mykje lÃ¥tt og moro, noko anna er vel ikkje Ã¥ venta i eit slikt variert lag. Kommentarane frÃ¥ gjengen pÃ¥ vegen mot det ferdige resultatet var litt interessante Ã¥ fÃ¥ med seg òg — eit par stykke hadde prøvd seg tidlegare i dameklede og høge hælar, kom det fram. Godt humør var det i alle fall pÃ¥ alle, og vilje til Ã¥ gjera det beste ut av det.

Mest positiv til det heile var kanskje Steinar, studenten. I det minste var han i alle fall ikkje redd for Ã¥ gi uttrykk for at han hadde sansen for det. Han storkoste seg i høge hælar,sa han i nettpraten, og ville gjerne gjera slikt igjen. Han hadde funne urkvinna i seg sjølv. Enkelte meinte at det mÃ¥tte dÃ¥ vera pinleg Ã¥ mÃ¥tta kle seg i kvinneklede, men sÃ¥ veldig pinleg var det visst ikkje, korkje for han eller Geir som òg var i nettpraten — og kvifor skulle det no vera pinleg? Dei er nok trygge nok pÃ¥ seg sjølv til Ã¥ takla slikt.

Stilige som damer var dei i alle fall. 🙂

Comments are off for this post

Statistikk-junkie?

piechartEg innrømmer gladeleg at eg er glad i statistikk. Ikkje som fag innan matematikken — der fekk eg aldri den heilt store inspirasjonen — men nÃ¥r det gjeld oversikt over besøkande sÃ¥ er eg lett fascinert, det er ein del spennande informasjon til tider. Kanskje vart eg òg litt lettare hysterisk dÃ¥ eg kort tid etter Ã¥ ha starta denne bloggen her oppdaga at det vart konflikt mellom mÃ¥ten WordPress lagar fine, permanente lenker og Ã¥ sjÃ¥ statistikken over nettstaden min. Men det løyste seg heldigvis.

Men er det nok å sjå statistikken slik då? Det finst jo litt ulike plugins til WordPress for å visa statistikk, og ein eg likar svært godt der er wp-shortstat. Masse gøyal informasjon tilgjengeleg med eit museklikk eller to, inkludert kva folk hadde søkt etter på dei ulike søkemotorane for å finna meg. Vel, kanskje ikkje spesifikt for å finna meg, men eg dukkar no opp i enkelte søk. Det var berre eitt lite problem: Sjølv om Google er mykje brukt, så finst det jo norske søkemotorar òg, og desse er ikkje med i pluginscriptet. Det medfører at søkeorda frå desse ikkje vert registrert.

Ooops!

No er det vel slik at problem er til for Ã¥ overvinnast? I alle tilfelle kikka eg nærare pÃ¥ kjeldekoden for Ã¥ sjÃ¥ om eg fann ut noko, og det gjorde eg i grunnen. Dei ulike søkemotorane var lista opp saman med kva parameter som vart brukt for Ã¥ identifisere søkeorda. Eg fylte inn dei norske søkemotorane eg fann med same format som dei som stod der frÃ¥ før og testa — og det verka. Ikkje berre vart nye besøkande registrert korrekt, men det vart dei gamle òg. Joohoo!

Det mest tidkrevande i heile operasjonen var i grunnen å sjekka kva dei ulike norske søkemotorane brukte som parameter, men om nokre skulle vera interessert i plugin-en utan å ville gjera det same arbeidet, så la eg ut fila hjå meg eg: wp-shortstat med norske søkemotorar.

2 comments