Kvifor vera redd?

Som eg nemnde i førre innlegg, så turde eg etter kvart å prøva litt klede før eg kjøpte dei. Eller let vera, om dei ikkje passa eller var fine på meg. Ikkje at eg slapp meg heilt laus i butikkane heller, eg var stadig forsiktig og diskrét, sjølv om eg hadde hatt ei positiv oppleving.

Å gå ut som kvinne dog, og visa meg offentleg i dagslys, nei det var uaktuelt. Det fekk vera nok at eg hadde opna meg for venner på internett. Eg heldt meg stadig inne eller ute på nattestid når eg var kledd som kvinne. Det gjorde godt å gå ut slik, godt å vera ute, og ikkje vera redd for å møte folk i dagslys der dei lett kunne sjå kva eg var. Tenkte eg.

Girl walking out at night
Illustrasjonsfoto: Ute og går nattestid

Ein dag eg kom heim, var ikkje avisa levert i postkassen enno, men eg kledde meg heilt om som kvinne likevel – og heldt meg inne. Turde ikkje gå ut og henta avisa då den kom, så eg venta til etter midnatt før eg vågde meg ut og henta inn den.

Dagen etter slo tanken meg: Kvifor skal eg gå rundt å vera redd for kva totalt framande folk tenkjer om meg? Det var mange andre ting som var mykje verre og som eg kunne vera redd for. Eg var trass alt i live – og det var ikkje ei sjølvfølge: Eg hadde vore i ei ulukke, der ein person rett attmed meg var ein av dei som ikkje overlevde – og det var visst berre minuttar om å gjere for meg òg. Kva dei eg ikkje kjenner tenkjer om meg er berre uviktige bagatellar i samanlikning, og ikkje noko eg treng bry meg om uansett. Trass alt – når eg ikkje kjenner dei, kvifor skulle eg bry meg om kva dei tenkjer?

Éin ting er å tenkja det. Ein annan ting er å gjera noko med det. Så kva gjorde eg? Eg kledde meg om som kvinne, brukte parykk og sminke for å i alle fall vera ein smule overbevisande, og gjekk ut i sola. Helste på husverten då eg gjekk forbi han, og fortsette til Kvadrat for å sjå og handla. Negative kommentarar kunne eg ved dagens slutt telja på mindre enn éi hand …

Jente i skjørt og topp på kjøpesenter
Illustrasjonsfoto: Ute på kjøpesenter

Ein barriere var broten! Ikkje berre hadde eg turt å gå ut som kvinne, utan å vera redd for kva andre måtte tenkja om meg – eg hadde ikkje fått ein einaste negativ kommentar, det var vel helst litt oppmuntrande smil og positive kommentarar. Og no fekk eg kjenna på det andre hadde fortalt om på Usenet/News: Det var som å sleppa ut i fridom – aldri om eg skulle inn i fangenskap igjen. Eg var ikkje lengre redd for å visa meg som kvinne!

I byrjinga var angsten …

Sidan eg har lyst å gjenopplive denne bloggen, så har eg stilt meg spørsmålet: Korleis skal eg gjera det? Skal eg fortsetja i same stil som før, eller bør eg endra på noko? Det blir litt som å starte på nytt, så kvifor ikkje starte med starten?

For å ta det kort om dei aller tidlegaste gongane, så var eg ikkje store guten før eg fann nokre av mamma sine gamle minikjolar i skapet. Ikkje klesskapet hennar, for ho brukte dei ikkje. Men eg måtte jo prøva dei på, og dei vart fotside kjolar på meg. Var jo moro det, og etter kvart som eg vart eldre fann eg litt meir og prøvde. Men, eg heldt det hemmeleg. Gutar skulle jo ikkje bruke dameklede – og eg var litt redd for reaksjonen.

Liten gut i mammas kjole
Illustrasjonsbilete: Liten gut i mammas kjole.

Og sånn fortsette det. Etter kvart som eg vart eldre, så skaffa eg meg litt etter litt mine eigne dameklede. Og damesko. Eg prøvde ikkje på før eg kjøpte, det var for skummelt, så det var å ta sjansen på noko billig. for det måtte jo haldast hemmeleg!

Det byrja så smått å endra seg etter eg fekk meg internett. ICQ var ein av dei stadane der eg fekk god kontakt med enkelte – og IRC, News, og ein del eg ikkje hugsar namna på. Ei av dei eg hadde kontakt med på ICQ fortalde meg ein gong om kva ho fantaserte litt om der og då: Meg i ein sexy, kort sjukepleiaruniform For kvinner. Og krølla hår og makeup, slik at eg framstod som ei vakker sjukepleierske. Som ei kvinne, med andre ord.

Dette måtte eg jo sjølvsagt protestere på. Eg hadde ikkje krølla hår … men opptakten til å opna meg litt og stå fram som transe var no lagt. Dei to eg var i samtale med då ho fortalde om fantasien sin var jo dei første eg fortalde det til, og andre? Vel, eg var veldig forsiktig med det. Eg veit eg fortalde det til éi til på eitt eller anna tidspunkt.

Men det var på internett. Korleis gjekk det på heimebane, offline? Vel – eg greidde etter kvart å gå ut som dame – i nattemørket. Slik kunne eg unngå å møte folk, og det ville i alle fall ikkje vera så lett å sjå at eg var mann om eg skulle møta nokon … Skummelt, men det kjentest godt, òg.

Men å kjøpa klede? Det var jo stadig å ta sjansen og kjøpa billig. Å prøva kleda først? Vel – kanskje om eg kunne greia å ta med meg noko til prøveromma i herreavdelinga … eg skal ikkje påstå at eg ikkje gjorde det, for det hugsar eg ikkje så klart. Men éin dag så endra det seg. Det var eit par fine kjolar eg såg, men dei kosta for mykje til å berre ta sjansen, så eg tok mot til meg og spurte ekspeditrisa om ho trudde dei ville passa … vel, meg?

Ung mann held opp kjole for å sjekka storleiken
Illustrasjonsbilete: Ung mann held opp kjole for å sjekka storleiken

Svaret og tonefallet hennar var vel ikkje heilt det eg venta meg: “Det er berre til å prøva det.” Og det sa ho som om det skulle vera den naturlegaste ting i verda. Så då prøvde eg kjolane eg. Eine passa, andre var for liten. Og eg fann ut at OK, det var ikkje farleg å prøve kleda i prøverom.

Men å gå ut som dame, nei det var stadig alt for skremmande!

SheZow

Meininga var jo å oppdatere litt her, men … det stoppa litt opp med det innlegget eg hadde i tankane. Sååå … plan B?

Eg har ingen plan B, men eg kan jo alltids gjera det enkelt og gje lenka til ein serie som gjekk på TV for ein del år sidan. Ikkje norsk TV då, men … og det gjekk berre i éin sesong.

Personleg har eg ikkje kome lenger enn til å finna ut at denne serien skal eg sjå:

Å bli ein superhelt ved hjelp av ein ring kan jo vera draumen for mange. Men … vel. Det er jo ein grunn til at eg lenker til denne serien her, sant?

Forvirra naboar?

Kom over eit bilete på nettet, ei gammal framside av eit blad. Frå 1952. Det er jo kanskje passande nok for å kunna visast her i seg sjølv, men, eg såg litt nærare på boka som ligg på bordet …

Mann som med litt kreativitet skaper ein feminin silhuett av seg sjølv på nedtrekt rullegardin

«How to confuse your neighbours»

Vel – det fekk meg jo til å tenkja på mine naboar. Er dei forvirra over meg, og kven eller kva eg er? Eg presenterer meg ikkje forskjellig frå nokre av dei, eg er meg sjølv heile tida eg, men altså – eg blir kalla både ein kjekk mann og søt dame …

Men det er vel sånn eg er, då. 🙂

Geraldine

Eg har skrive om denne videoen tidlegare. Originalen finst stadig på YouTube, men eitt eller anna har skjedd. Ein annan versjon vart posta seinare, reparert, men utan starten. Det var jo litt dumt, syntest eg.

Sååå – eg kombinerte litt eg, og fiksa litt, så no er tittelsidene og startskriket tilbake. Undertittelen viser jo med éin gong kva situasjonen er.

Gammal, men dog – skadar ikkje med ein repetisjon, eller?

Kjønnskorrigering for born?

For ei stund sidan hadde eg eit innlegg om ein dokumentar om transseksuelle born, og korleis dei og foreldrene takla situasjonen. Den gongen var det snakk om å la borna få leve som det kjønnet dei identifiserte seg som, fram til dei var gamle nok til å få operasjonen, dvs 18 år eller så.

Det er kanskje trygt å venta så lenge før ein så drastisk operasjon, men det oppstår eit problem for desse borna ved puberteten. Dei utviklar karakteristikkar for det kjønnet dei hatar å vera. Men – kva kan ein gjera med det? Eg veit Esben Esther Pirelli Benestad har snakka om å bruka legemiddel for å utsetja puberteten, men nyleg kom eg over noko enno meir drastisk. Det vart brukt ord som kjønnsskifte når ein er sju år. Kjeldene for dette skulle vera CNN og NPR.

Og sant nok, i ein video frå CNN vert det snakka om medisinsk behandling av små born. NPR har ein artikkelserie om det same, om korleis to familiar møter situasjonen, og kva legar seier om slik behandling. No er det rett nok ikkje snakk om kjønnsskifte, eller kjønnskorrigering som er det foretrukne ordet, men pubertetsutsetjande behandling. Men i så fall, kvifor er det då snakk om sjuåringar? Det er ei stund til puberteten set inn…

I innslaget på CNN er det òg nemnd bruk av hormon for å endra på kroppen til born, for å få dei meir feminine eller maskuline, alt etter kva dei identifiserer seg som. Men, alder er ikkje nemnd i det heile i innlegget (det eg oppfatta, i alle fall) anna enn at det er unge born det er snakk om. Og, er dei i puberteten, så er dei unge.

Det omstridte opplegget med behandling av unge born baserer seg heller ikkje på ein spesifikk alder, men at dei er så unge som dei er. Enno ikkje myndige, og så byrja fikla med hormon av ulike slag for å påverka kroppen? Det er jo snakk om drastiske og alvorlege ting her, og kva om borna ikkje er sikre, og ville angra på ei slik behandling? Er det ikkje betre å vera på sikre sida, og venta?

Det er vanskelege problem å ta stilling til, ingen lette løysingar er mogelege. Kva tid er me klar over kva kjønn me er? Eller kva kjønn me meiner me skulle vera? Som me ser i dokumentaren “Mitt hemmelege sjølv” så er borna svært unge der. Og for å dra problemstillinga litt nærare oss sjølve, uansett kven me er og kva me identifiserer oss som: Kor gamle var me då me vart klar over ulikskapen mellom gutar og jenter, og kor gamle var me då me fann ut kva kjønn me sjølve identifiserte oss med? For flesteparten av oss stemmer denne overeins med kroppen, så det har ikkje vore noko problem, men sjølve prosessen med å finna ut kven me er er jo felles. Så, kor gamle var me då me visste kva me identifiserte oss som, og var me sikre?

PS. Nokre er negative til NPR-artikkelen. På grunn av bruken av pronomen. Men artikkelforfattaren er òg svært negativ til dr Kenneth Zucker, kanskje med god grunn? Behandlinga hans minnar mykje om dr. John Money, og behandlinga av bl.a. David Reimer.

Den alvorlege sida av Satinelle-videoen.

Enkelte grupperingar er lette å gleda. Det skal liksom ingenting til før det er mange som går i spinn av glede, til dømes av ein liten reklamesnutt. Ta no desse transane, til dømes. Her er dei vane med at om kvinner vert omtala som at dei liknar på ein transe, så er det ikkje positivt meint. Dersom temaet er bukt i reklame eller andre stadar, så er det helst for å ha noko å le av. Det treng ikkje vera vondt meint, og det er ofte moro, men likevel – du får ikkje noko reellt syn.

Så dukkar det opp ein reklame som tek transar på alvor, og enkelte blir rørt til tårer over kor vakkert det er. Slikt kan få meg til å tenkja etter litt, på korleis situasjonen faktisk er. Eg skulle ønskja at gode artiklar i aviser og blad kunne hjelpa, at TV-program kunne visa litt korleis det er å vera transeperson. Spreia litt opplysning og informasjon. Det er ikkje så mange slike artiklar og program, men dei finst, og eg har fått med meg ein del av dei. Men likevel, det er kanskje slik at folk flest ikkje kan så mykje om transepersonar, ut over at dei eksisterer. Og dermed noko ukjent, kanskje farleg? Noko ein bør halda seg unna, eller kanskje le av, for å “forsvara” seg og kjenna seg trygge?

Så kanskje burde eg ikkje berre kome med ein kort, flåsete kommentar til den reklamefilmen, men heller kommentert han frå ein heilt annan vinkel. No gjorde eg ikkje det. Til gjengjeld vart folka bak Boinkology fascinert, forvirra og nyfikne på filmen og over reaksjonane på denne, og bestemte seg for å finna ut meir om denne personen i filmen. Dei fann ut at vedkommande var Karis, dansaren i musikkvideoen “Filthy/Gorgeous” med Scissor Sisters, og fekk eit intervju med han.

Det var hyggeleg å få sjansen til å visa eit positivt bilete av det å vera ein transeperson, seier Karis, og vera med i ein nyskapande reklamefilm. For det er ikkje berre eit par enkle valg ein har i livet, når det gjeld kven ein er:

“The one really great thing about this ad – well, there are a lot of great things – but for me, now I can speak about how there are just so many more avenues than just tranny or gay boy. It’s nice to be able to educate people that there are more avenues.”

Å ta på seg ei utfordring og læra vekk, det er verkeleg bra. Og det er verd strevet:

“I love doing things that challenge and educate. I’ve gotten so many emails from trannies saying that they never thought they’d see something like this in their lifetime – and that alone is worth all the trouble.”

Les heile intervjuet med Karis.

Adresse Beograd – høyrde eg rett?

Eg vart sitjande med PC-en medan NRK sendte “Adresse Beograd” på TV på tysdag. Har pleid å synast at dei programma har vore litt småkoselege å få med meg, uansett kvaliteten på dei ulike melodiane og videoane. Denne gongen syntest eg derimot opplegget var heilt tragisk, så ting gjekk nok sikkert litt forbi meg.

Og det er der problemet mitt kanskje ligg: Fekk eg med meg det ein av “dommarane” sa? David Eriksen representerte Noreg det året Dana International song for Israel, vart det sagt. Eg hugsa ikkje namnet hans, men derimot hugsar eg at han tydlegvis hadde litt problem med akkurat det. At ei transseksuell kvinne var med. Han var nemleg redd for at MGP ville bli eit freakshow på grunn av at ho deltok. Dei kommentarane hans hadde eg absolutt ikkje sansen for.

Og no sist tysdag så syntest eg høyrde meir av same slaget. Det er Dana International som har skrive melodien Israel kjem med i år, og når David snakka om ho, så brukte han pronomenet “ho” – men så kom det ei tilføying eg vonar eg misoppfatta. Eg syntest han sa “eller «han» er det vel” (eller noko liknande.) Kan det stemma? Høyrde eg rett? Det skulle jo vera langt i frå naudsynt å kome med ein slik kommentar.

Programmet går visst i reprise rundt midnatt, natt til laurdag, men eg veit ikkje om eg har så veldig lyst å irritera meg gjennom det programmet (ein gong til) for å sjekka kva han sa…

Ny karriere i Japan?

No er det vel neppe så aktuelt for dei fleste å flytta til Japan for å arbeide i kafé, men der borte ser det ut til at ingen nisje er for liten til å satsa på. Så dersom du er mann, likar å kle deg i dameklede, og kunne tenkja deg å måtta vera kledd som dame for å jobba…

Lurar på om det hadde vore råd å gjort noko sånt her i landet…?