Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for September, 2006

Sko-frustrasjonar

Alle har me eit forhold til sko, på eitt eller anna vis. Du kan vera likegyldig, kresen, sjå på det som eit naudsynt onde eller elska sko. Sko kan òg vera ei kjelde til frustrasjon.

Mitt forhold til sko er — variert. Eg likar slanke, elegante sko, gjerne litt eleverte i bakkant. Med litt hæl, altsÃ¥. Ser eg pÃ¥ herresko sÃ¥ er det lett Ã¥ finna sko som passar, men for min del synest eg flesteparten er breie og klumpete. At sko er breie for Ã¥ gjera plass til breide føter er greit nok — men kvifor den dumme centimeteren med sÃ¥le utanfor? Den er til stades pÃ¥ alt for mange sko.

Hælar pÃ¥ herresko finst det òg, men sjeldan høgare enn eit par centimeter. Eg fann eit par for ikkje sÃ¥ lenge sidan med rundt 5cm hæl, men det var eit par ting som drog ned inntrykket: Med sÃ¥nn brei sÃ¥le stikkande langt utanfor overlæret var han ikkje særleg elegant — og sÃ¥ sÃ¥g han kjedeleg ut òg. Skal kanskje ikkje pirka for mykje pÃ¥ det siste punktet, for herresko er generelt kjedelege. Herresko kjøper ein fordi ein treng nokre sko, ikkje fordi ein vil variere litt.

Men er det sÃ¥ mykje betre pÃ¥ damesida dÃ¥? For min del er det kanskje vel sÃ¥ mykje frustrasjonar der… Joda, det er masse fint, elegant og stilig, men damesko sluttar jo vanlegvis i storleiken 40-41, sjeldan over. Det er dumt, fordi eg brukar vanlegvis nr. 42, av og til mÃ¥ eg opp i 43. Ikkje uventa mÃ¥ eg difor sjÃ¥ med lengsel pÃ¥ mange par sko eg skulle likt Ã¥ hatt, men som ikkje finst i min storleik.

Slikt er frustrerande for meg, og fleire med meg. Snakkar eg med ekspeditørar i skobutikkane, sÃ¥ kan eg ana litt frustrasjon der òg — dei skulle gjerne hatt større storleikar inne, men er dei med i kjeder sÃ¥ mÃ¥ dei ta til takke med dei pakkane dei fÃ¥r tilsendt, og dei pakkane inneheld ikkje sÃ¥ mange store nok sko. Dette trass i at dei som arbeider i butikkane legg merke til at det er fleire og fleire kvinner med store føter, og som er ute etter elegante sko. Slike sko forsvinn gjerne fort, i nr. 42.

Dei skoa butikkane gjerne har igjen eller fÃ¥r i min storleik, er slikt som dei sjølve gjerne kallar “tantesko” eller “konesko” — lÃ¥ge, solide sko som skal tÃ¥la litt vekt, men kanskje litt gammaldagse i utsjÃ¥nad? For eldre “koner” og “tanter”? Ikkje ein stil som først og fremst tiltalar meg.

Å bestilla via postordre er jo råd, frå butikkar som spesialiserer seg på store sko, eller som har større utvalg. Har kjøpt slik éin gong med godt hell, men eg er likevel litt skeptisk til å kjøpa slikt utan å prøva skoa først. Er ikkje alltid like lett å veta kva storleik eg faktisk må ha. Men alt er jo ikkje berre trist heller, då. Eg har fått meg litt sko etter kvart likevel, og flesteparten med litt høg hæl. Og apropos høge hælar:

Nemi: Høge hælar = Bambi on ice

Eg har alltid vore litt forundra over alle dei som seier dei aldri ville vore i stand til Ã¥ gÃ¥ i høge hælar — har aldri hatt problem med det eg. Ikkje ein gong aller første gongen eg prøvde. Kanskje det har noko Ã¥ gjera med at eg greier Ã¥ strekka ut foten ganske bra? Det skal jo vera viktig for ballettdansarar som vil halda balansen nÃ¥r dei stÃ¥r pÃ¥ tÃ¥.

5 comments

Dame for ein dag

Rocky

Eller for kvinnene: Mann for ein dag. Det var Rocky som sette tankane i sving denne gongen: Kva ville du gjort om du var dame for ein dag — fullstendig biologisk dame — dersom du stod heilt fritt til Ã¥ gjera kva du ville? Det er ikkje spesielt originale tankar, dÃ¥ dei har vore framme fleire gongar ulike stadar, og mange ville gjerne oppleve det dei fysisk sett ikkje ville vera i stand til som menn. Men — kva om me endrar litegrann pÃ¥ problemstillinga?

Du opplever at du i løpet av natta har blitt fullstendig, biologisk dame. Alt det andre er som før: Arbeid, ektemake, born, og kva det no skulle vera. Kva dÃ¥? Ein ting er jo t.d. korleis kona ville oppleva Ã¥ vakna opp med ei dame i senga i staden for ektemannen, for dei med den sivilstanden – men kva med resten av dagen? Ville du fÃ¥tt sjokk og murt deg inne, eller?

SÃ¥ klart, det er slett ikkje usannsynleg at du ville trenga litt tid for Ã¥ takla ei slik omvelting – særleg om du ikkje visste kor lenge dette kjønnsskiftet ville vara. Korleis ville det vera om du var dame for ei veke, ein mÃ¥nad, eit Ã¥r…? Kva ville du dÃ¥ gjort?

Og sÃ¥ kan eg endra enno ein gong pÃ¥ problemstillinga: Ikkje berre ville du vera klar over at du ville vera dame for ein dag – du ville òg vera i stand til Ã¥ skifta pÃ¥ Ã¥ vera mann og kvinne nett nÃ¥r du ville, og sÃ¥ lenge du ville. Ville du i det heile teke prøvd Ã¥ bytta kjønn? I sÃ¥ fall, kor ofte, kor lenge og kvifor?

Jaja. SÃ¥nne tankar er det eg gjer meg nÃ¥r eg burde ha lagt meg for mange timar sidan. Men det kunne vore gøy om enkelte hadde prøvd Ã¥ svara 😉

Som hamskiftar ville eg nok sjølv bytta att og fram titt og ofte av same grunn som eg no skiftar ham pÃ¥ mindre fullstendig mÃ¥te. Og nyta kroppen min, i alle fall i starten — kunne vore greit Ã¥ fylla ut der eg skulle fylla ut, og ikkje omvendt. Hadde eg derimot vakna opp som dame utan Ã¥ veta om det pÃ¥ førehand, sÃ¥ hadde eg nok fÃ¥tt sjokk i første omgang. Og deretter, om det varte, levd som vanleg som ei lesbisk? (For eg ville nok stadig vera glad i damer, reknar eg med.)

2 comments

Korleis får ei dame plass til så mykje i veska si?

Det gÃ¥r jo igjen det heile tida, at damer har sÃ¥ mykje rart i veskene sine. Korleis fÃ¥r dei plass til alt? Vel – det er berre til Ã¥ pakka rett det. Kor flink er du til Ã¥ pakka? Her har du sjansen til Ã¥ prøva deg, i eit heilt kjønnsnøytralt puslespel. Ingen handvesker innblanda.

For å snu på brikkene, hald nede Skift-tasten og klikk med musa. Brikkene kan ikkje liggja over kvarandre eller utanfor firkanten, men dei kan røra kvarandre.

Lenke til flash-fila: Puslespel

Comments are off for this post

Torturinstrumentet

HÃ¥rlause leggarEg hadde sjølvsagt høyrt historiane, om lang, smertefull tortur. Kvinnene som orka fortelja om opplevingane sine (for det var alltid kvinner som var offer) pakka ikkje hendingane inn i bomull, men fortalde om smertene i detalj. Eg kunne uttrykka min sympati, men tanken om at det same kunne henda meg sveiv meg ikkje. Likevel, no var eg i nett same situasjon. Naturleg nok var eg ekstremt uroleg dÃ¥ torturinstrumentet — velkjent frÃ¥ overleveringar — sakt men sikkert nærma seg den nakne huda mi. Uvillig til Ã¥ lukka augene beit eg tenna saman og venta pÃ¥ kontakt…

Faktisk, sÃ¥ vart eg litt skuffa. Her hadde eg forberedt meg i lang tid, klargjort kjølebag og eit “nybyrjarhovud” til epilatoren — og alt eg kjende var nokre kitlande stikk dÃ¥ eg byrja Ã¥ epilere leggen min. Kvar var smertene? OK, det var innsida av lÃ¥ret som skulle vera det verste, sÃ¥ dÃ¥ eg testa der, sÃ¥ kjente eg — litt kitlande stikk. Ingen smerte. Diverre, med det nybyrjarhovudet pÃ¥ epilatoren var det ikkje mykje framgang heller, sÃ¥ eg bytta resolutt over til dewt normale hovudet.

Og no snakkar me. Med det normale hovudet pÃ¥ plass, sÃ¥ kjende eg — litt kitlande stikk. Kvar var smertene? Terroren? Men i det minste sÃ¥ gjekk epileringa raskare. Eg hadde ikkje planlagt Ã¥ ta bikinilinja, men vekk gjekk den òg, i lag med armar og armholer. Og eg mÃ¥ innrømma, at dÃ¥ eg tok armholene sÃ¥ kjende eg det godt — dÃ¥ var det ikkje snakk om kitling lenger. Men eg fann no ein teknikk, og det gjekk raskt over. SÃ¥ no sit eg her med ein hÃ¥rlaus og glatt kropp, og ser fram til ikkje Ã¥ mÃ¥tta barbere meg igjen etter eit par dagar. Og utan Ã¥ ha opplevd dette som tortur.

Berre sÃ¥nn at eg kan fÃ¥ sova godt med reint samvet i natt, og ikkje vri meg rundt og bada i sveitte frÃ¥ mareritt etter Ã¥ ha lurt uskuldige menneske, sÃ¥ bør eg nemna at eg fortalde ei løgn over her: Eg er eigentleg ikkje skuffa over at eg ikkje følte smerte. Eg er snarare letta…

3 comments

Supermodell, eg?

Dior-reklameEg gjekk berre rundt og kikka dÃ¥ den store sjansen til ære og lovord opna seg for meg. Ã… bli behandla som ei prinsesse, bli frakta rundt i limosin, bli dulla og stelt med av profesjonelle som kan det dei held pÃ¥ med, styla opp og fotografert, stor reportasje om meg og pÃ¥følgjande fanskare og autografskriving — alt kan bli mitt.

Teoretisk sett.

Vel, kanskje ikkje sÃ¥ heilt stor fanskare heller dÃ¥, men pyttsann. Eg gjekk som nemnd rundt og kikka i butikkar, og plukka med meg ei lita brosjyre frÃ¥ Esthetique. Dei og Dior inviterer til Ã¥ bli med i kÃ¥ringa av “Look of the Year” stod det der. Eg stoppa opp og kikka inni brosjyra, og fann ut at det er i samband med lanseringa av diverse nytt frÃ¥ Dior at me i perioden 11. — 23. september kan fÃ¥ lagt makeup hjÃ¥ Esthetique, og (om me ønsker det) bli teke bilete av for Ã¥ bli med i kÃ¥ringa om Ã¥ bli “Look of the Year” og fÃ¥ ein draumedag som modell i Oslo. Ja, kvifor ikkje?

Eg gjekk inn eg og vart vakkert sminka etter alle kunstens reglar og i nye fargar. Plukka opp nokre tips gjorde eg òg, så no kan eg enno litt meir når eg sminkar meg sjølv. Alltid godt å plukka med seg meir kunnskap når ein kan, om både teknikkar, fargar, og gode produkt. Og til slutt så vart eg altså teke bilete av.

SÃ¥ fÃ¥r me sjÃ¥ dÃ¥, korleis det gÃ¥r. Teoretisk sett sÃ¥ har eg sjansen til Ã¥ bli ein av tre som gÃ¥r vidare til finalen i Oslo, og fÃ¥r SPA og ny frisyre og makeup og det, og teoretisk sett sÃ¥ kan eg gÃ¥ av med seieren òg. Er eg heldig med teorien sÃ¥ kan eg altsÃ¥ oppleva Ã¥ vera supermodell, om enn berre for ein dag. 😉

4 comments

Folk er sprø

Jente som fotografererHistorien om korleis eit skjørt kan få folk til å oppføra seg langt utanom det normale.

Dette hende for ei god stund sidan, på ein tysdag. Eg berre nemner det i tilfelle nokon faktisk er interessert i den vesle biten av informasjonen. Nemnde tysdag hadde eg eit ærend i byen, og mens eg gjekk i gatene tok eg igjen ei gruppe menn og kvinner i tjueåra. Utlendingar.

DÃ¥ eg kom opp pÃ¥ sida av dei, kasta ei av jentene eit blikk pÃ¥ meg og deretter skjørtet mitt, før ho fortsette som normalt. I eit sekund eller sÃ¥. Deretter snudde ho seg mot meg, verkeleg sÃ¥g pÃ¥ skjørtet, stoppa opp og hylte av glede (eller noko) som igjen førte til at resten av gjengen stoppa og snudde seg. Vel — eg gjekk ut i frÃ¥ at ho likte skjørtet (eg gjer det, det er difor eg kjøpte det) men det sÃ¥g ut til at det var meir enn berre det;¹ ho gestikulerte mot meg for Ã¥ fÃ¥ meg til Ã¥ stoppa og rota febrilsk gjennom veska si. Til slutt fiska ho opp eit kamera. Ho snakka litt med dei andre og fekk ein av dei til Ã¥ ta eit bilete, medan ho og dei andre stilte seg opp rundt meg. Ho tok òg tak i skjørtet mitt og drog litt i det, slik at detaljane var meir synlege. (Og fekk meg til Ã¥ visa meir av beina i same slengen.)

Resten av dei kunne ikkje vera verre så klart, så det vart teke mange bilete. Ikkje at eg hadde noko i mot det, eg berre hygga meg eg, uansett kor rart det måtte synast å vera. Til slutt så var ikkje jenta som starta det heile heilt nøgd, dog. Ho ville ha eit bilete av kun oss to. Poserande på ein spesiell måte, fann eg ut. Ho fekk meg til å halda posen eg bar på i andre handa, opna glidelåsen i jakka si, tok tak i den no tomme høgrehanda mi og plasserte ho på barmen hennar. Eller puppene, om du vil. På dette punktet kunne eg ikkje anna enn å le høgt, men ho fekk biletet sitt.

Etterpå skildest me og gjekk kvar vår veg. Dei smilande og lukkelege, pratande på eit språk eg aldri forstod eit ord av, og eg gjekk og smålo for meg sjølv, og vinka farvel. Og eg hadde lært ein ting til den dagen: Folk er sprø.

¹) Det kan jo hende at det at eg var mann, og framstod som det, hadde meir Ã¥ seia enn detaljane i skjørtet…

2 comments

Tranny planet gives astronomers a show

Det var med stor spenning og glede eg leste overskrifta. Nytt om og frÃ¥ verdsrommet er spennande nok i seg sjølv det, men nÃ¥r det her i tillegg var snakk om “a tranny planet“? Ein som attpÃ¥til gir astronomane ei oppvising? Dette mÃ¥tte jo berre vera bra.

Eg er jo van med ordet “tranny” som engelsk slang tilsvarande det norske “transe”, og var veldig nyfiken pÃ¥ korleis denne vrien var. Moder jord stÃ¥r fram som fader jord, kanskje?

No viste det seg at cluet her var ordet “transiting”. Ein ørliten nedtur kanskje, men astronomi er no spennande uansett, som sagt. 🙂

Comments are off for this post

Reklame på Hamskifte.com

Vanlegvis så er eg ikkje så overbegeistra for reklame på nettsider, blinkande og forstyrrande som dei ofte er. Ikkje er eg særleg interessert i reklame på mine eigne sider heller, men reklame for reklame går kanskje? I så fall kan eg eg nok visa til ein, i alle fall om du er gammal nok til å spela poker.

I motsett fall fÃ¥r eg vel finna pÃ¥ noko anna…

1 comment

Kjolegutten

Enkelte gutar likar Ã¥ kle seg i kjolar. Dei er ikkje transar, men berre likar plagga, og korleis det kjennest ut — fleire finn det svært behageleg. Nokre kunne kanskje vera inspirerte nok til Ã¥ laga ein nettstad for Ã¥ fortelja om gledene ved Ã¥ bruka kjolar — kanskje til og med oppretta eit eige domene for det? Eit namn som kjolegutten.no ville jo passa godt dÃ¥.

Dette er ikkje ein historie om kjolegutane her i landet.

Dog — firmaet Kjølegutten AS i Spikkestad kunne kanskje ha ein liten bigeskjeft ved Ã¥ tilby mailadresser og kanskje underdomener til kjolegutar som kunne tenka seg ei fin adresse? 😉

Comments are off for this post

Geraldine

Han heitte Gerald, heilt til ein dag…

1 comment

Next Page »