Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for October 25th, 2006

Nuppefjerning og uheldige konsekvensar?

Eg kjøpte meg ein nuppefjernar på måndag. Grunnen til det kunne eg finna i sengetøyet.

Det har seg namleg slik at eg har eit sengesett i sateng, “silk look” eller kva det no heiter. Fint og glatt er det i alle fall, og ganske behageleg Ã¥ liggja i. Slik var det før investeringa i ein nuppefjernar òg, med unntak av heilt nede med beina — der var det sÃ¥ mange nupper at stoffet var ganske ru, og slett ikkje behageleg. Ikkje akkurat som sandpapir, men eg tok meg i Ã¥ kjenna etter om huda mi var fin eller ikkje, kvar gong eg brukte det settet.

Denne gongen var det nok, eg var lei nuppene. MÃ¥ndag kveld sette eg i gong med opprenskinga, og nuppefjernaren fekk skikkeleg kjørt seg. DÃ¥ eg var ferdig, var nuppene vekke, og sengetøyet var glatt og fint igjen. Ved sengetid kunne eg knapt tru mine eigne bein — før og etter nuppefjerning var som natt og dag; no var det inga ekkel skrapekjensle lengre nÃ¥r eg rørde beina. Ah, det ville bli ei god natt.

Dei uheldige konsekvensane? Vel, eg sov ein halvtime lengre enn eg burde i gÃ¥r. Er det ein samanheng? I sÃ¥ fall har eg ikkje vant meg til Ã¥ sova sÃ¥ godt glatt og behageleg enno, for jammen santen sov eg ikkje ein halvtime lengre enn eg burde i dag òg. Muleg det kan ha noko Ã¥ gjera med leggjet… Nei — det er nok nuppefjerninga som gjer det!

2 comments