{30. October, 2006}   Shopping spree

I samband med diktet «I am» i førre post, sÃ¥ tenkte eg eg skulle fortelja litt om kor gøy det har vore Ã¥ bruka ein del av mine surt oppsparte pengar dei siste mÃ¥nadane. For det har det faktisk vore – ikkje fordi eg ikkje greier Ã¥ halda pÃ¥ pengar, men fordi eg har fÃ¥tt sÃ¥ mykje att for dei.

Det er nemleg ein butikk her i byen som har eit slags avslutningssalg. Dei byrja i sommar med det, og skal halda fram til jul. Eller, i alle fall til jul, var det siste eg høyrde. Dette er jo eigentleg ganske lenge for eit salg – godbitane pleier jo Ã¥ forsvinna raskt, og sÃ¥ sit ein igjen med massevis av ukurante storleikar, som XS og S… Det er ikkje akkurat slik her – her kjem det nye klede inn heile tida, og sÃ¥ vert dei lagt ut for salg meir eller mindre med ein gong. DÃ¥ er det gøy!

Det kan sikkert nemnast ein del om kor stor avanse ein vanlegvis tek pÃ¥ kleda for at slikt skal gÃ¥ an Ã¥ gjera i sÃ¥ lang tid, men for min del er det mest interessante no at det er mulig Ã¥ fÃ¥ tak i fleire komplette antrekk for nokre fÃ¥ hundrelappar. Og det har eg fÃ¥tt – mange flotte antrekk, og full valuta for pengane. Men sÃ¥ er eg innom ein gong eller meir i veka òg dÃ¥, og ser om det er nye prisar eller nye plagg som freistar. Av og til er det det, andre gongar ikkje.

SÃ¥ klart, sjølv om det er billig, sÃ¥ kan eg ikkje kjøpa alt eg kunne tenka meg heller. Diverre. Men likevel har det blitt ein god del pÃ¥ meg der – og meir vil det nok bli. Det er ei stund til jul ;)

Liknande innlegg:
I am ⇐ ⇒ Aerosmith - Dude (looks like a lady)


Becca skriv:
Gravatar

Hmm.. den butikken skulle vært her! Hadde vært genialt til de siste julegavene ;)



wander skriv:
Gravatar

Sier som Becca, jeg… Den butikken skulle vært her - og i store størrelser… jepp :D



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    October 2006
    M T W T F S S
    « Sep   Nov »
     1
    2345678
    9101112131415
    16171819202122
    23242526272829
    3031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kor mange kjønn finst det?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster