{17. May, 2008}   Ta vare på YouTube-filmane

Det er i grunn masse artig å finna på YouTube, og av og til er det råd å finna filmar og slikt som er vel verd å ta vare på. Og det har jo lenge vore mulig å lasta ned flv-filene, og evt. konvertere dei etterpå, eller bruka tenester som t.d. vixy.net som konverterer til ulike format som du så kan lasta ned. Men, no når det er råd å få filene i betre kvalitet rett frå YouTube, kvifor ikkje utnytta det?

YouTube har jo lagt om eindel for å få betre kvalitet på filene, så i staden for å tukla med flv-filene, så er det råd å lasta ned videoane som mp4-filer. Og med litt hjelp, så er det svært enkelt. Denne sida fortel korleis du kan få eit lite bookmarklet i nettlesaren din (Opera, Safari, Firefox, IE) som automatisk genererer ei lenke til kvar du kan lasta ned videoar i mp4-format. Alt du treng gjera er altså å klikka denne bookmarkleten når du er på ei side med videoen du vil ha. Men, det er jo kjedeleg å måtta gjera det kvar gong òg. Særleg når det er råd å automatisere det. Heilt automagisk.

Har du Opera eller Firefox, så kan du installere eit lite userscript/greasemonkeyscript som legg til ei slik lenke for sidene etter kvart som du besøker dei. Alt som treng gjerast med dette scriptet installert er å høgreklikke og velge ‘lagre målet som’ (eller tilsvarande) og that’s it. Eg har jo måtta prøva det sjølv, og det fungerer som ein draum. Ein god draum.

Den første videoen eg prøvde dette på, var denne:

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{27. April, 2008}   Last ned avansert Canon-kamera

Utsikt frå stranda ut mot havet
Det var reint tilfeldig at eg fekk veta at eg kunne få eit avansert kamera av merket Canon – gratis. Eg skulle nemleg kunna få eit kamera med svært raske lukkartider, ISO-verdiar, lagre i RAW-format, alt det som avanserte Canon-kamera har. Det er ein artikkel i Wired, om korleis ein kan gjera Canon-kameraet om til ei kraftpakke, som fortalde meg dette, og grunnen er at mange kamera frå Canon, enkle som avanserte, brukar same chipen. Det er kun programvaren som er ulik. (Vel, reint bortsett frå fysiske forskjellar mellom kompaktkamera og speilreflekskamera då…) Så ved hjelp av Canon Hacker’s Development Kit (CHDK) går det an å laga ny programvare for å utnytta kameraet til fulle.

Eller leggja vekt på bestemte ting. Det finst fleire ulike versjonar av programvare laga med hjelp av CHDK, som legg vekt på ulike ting. Eg for min del skal ikkje påstå eg er nokon ekspert eller legg vekt på bestemte ting – eg var berre nyfiken nok til å ville prøva, og lasta ned Allbest-versjonen og installerte den.

Og jammen var det mange nye valg som dukka opp i den nye menyen. Eg anar knapt kva det er, alt i hop, så det må bli masse prøving (og feiling) for å finna ut av dette. Men eg fann ut korleis eg kan ta bilete i RAW-format. Var litt spent på å prøva det, sidan det skulle gi stor kontroll ved diverse justeringar av biletet i etterkant. Men, her har eg eit lite problem for tida: Eg må finna ut kva program eller plugin til Photoshop (Windows) som greier å opna og la meg redigere dei .crw-filene eg får frå kameraet…

Er det nokre som har tips? :wink:

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{18. April, 2008}   Milliways: The Restaurant at the End of the Universe

Eg fekk nokre gode minner då eg såg kva som dukka opp i RSS-lesaren min i dag frå waxy.org: Nytt (eller gammalt) om Infocom. Andy Baio har fått tak i arkivet til Infocom, med bl.a. dokument og kjeldekode til alle spela dei laga, utgitte og ikkje utgitte, og det er det sistnemnde som var spennande her. Nemleg den planlagde oppfølgjaren til «Hitchhiker’s Guide to the Galaxy» – «Milliways: The Restaurant at the End of the Universe».

Ikkje berre var det interessant å lesa dokumenta og konversasjonar som foregjekk i firmaet under planleggjinga og diverse problem som oppstod (t.d. at Douglas Adams i kjent stil mista interessa og heldt på med andre ting, og…) men blant kommentarane på innlegget så dukka det opp kjende namn: Utviklarar av spela.

No hadde eg jo sansen for Infocom og spela deira, men eg må innrømma: Hitchhiker fekk eg aldri spelt ferdig… Kanskje eg skulle prøva igjen? Hmmm

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    August 2008
    M T W T F S S
    « Jul    
     123
    45678910
    11121314151617
    18192021222324
    25262728293031
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Finst det gute- og jenteleiker?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen