{25. October, 2006}   Nuppefjerning og uheldige konsekvensar?

Eg kjøpte meg ein nuppefjernar på måndag. Grunnen til det kunne eg finna i sengetøyet.

Det har seg namleg slik at eg har eit sengesett i sateng, «silk look» eller kva det no heiter. Fint og glatt er det i alle fall, og ganske behageleg Ã¥ liggja i. Slik var det før investeringa i ein nuppefjernar òg, med unntak av heilt nede med beina – der var det sÃ¥ mange nupper at stoffet var ganske ru, og slett ikkje behageleg. Ikkje akkurat som sandpapir, men eg tok meg i Ã¥ kjenna etter om huda mi var fin eller ikkje, kvar gong eg brukte det settet.

Denne gongen var det nok, eg var lei nuppene. MÃ¥ndag kveld sette eg i gong med opprenskinga, og nuppefjernaren fekk skikkeleg kjørt seg. DÃ¥ eg var ferdig, var nuppene vekke, og sengetøyet var glatt og fint igjen. Ved sengetid kunne eg knapt tru mine eigne bein – før og etter nuppefjerning var som natt og dag; no var det inga ekkel skrapekjensle lengre nÃ¥r eg rørde beina. Ah, det ville bli ei god natt.

Dei uheldige konsekvensane? Vel, eg sov ein halvtime lengre enn eg burde i gÃ¥r. Er det ein samanheng? I sÃ¥ fall har eg ikkje vant meg til Ã¥ sova sÃ¥ godt glatt og behageleg enno, for jammen santen sov eg ikkje ein halvtime lengre enn eg burde i dag òg. Muleg det kan ha noko Ã¥ gjera med leggjet… Nei – det er nok nuppefjerninga som gjer det!

Liknande innlegg:
Halloween ⇐ ⇒ Ekte mannfolk


Becca skriv:
Gravatar

Jøss, plager nupper deg så mye?! Klarer ikke sånn sateng sengetøy unasett.. Du får stille vekkerklokka di, eller skaffe deg en til ;)



Monica skriv:
Gravatar

Jammen – det var harde nupper, og det var mange av dei. SÃ¥ stoffet endra totalt karakter – heilt sant!



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    October 2006
    M T W T F S S
    « Sep   Nov »
     1
    2345678
    9101112131415
    16171819202122
    23242526272829
    3031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kor mange kjønn finst det?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster