Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for the 'Musikkvideo' Category

Androgynous

Enno ein song eg høyrde i dag: Androgynous med Joan Jett.

2 comments

Andrew in drag

Det er vel eigentleg alt for lenge sidan eg har oppdatert her no – men om nokre skulle følgja med, sÃ¥ kjem her ein musikkvideo eg nett kom over :

SÃ¥ fÃ¥r eg hÃ¥pa eg greier Ã¥ gjera noko meir seinare…

Comments are off for this post

Duett for éin

Eg har ikkje heilt avgÃ¥tt ved døden – og startar forsiktig med Ã¥ dela litt musikk; eit opptak frÃ¥ Thailand’s Got Talent.

Comments are off for this post

Ta vare på YouTube-filmane

Det er i grunn masse artig å finna på YouTube, og av og til er det råd å finna filmar og slikt som er vel verd å ta vare på. Og det har jo lenge vore mulig å lasta ned flv-filene, og evt. konvertere dei etterpå, eller bruka tenester som t.d. vixy.net som konverterer til ulike format som du så kan lasta ned. Men, no når det er råd å få filene i betre kvalitet rett frå YouTube, kvifor ikkje utnytta det?

YouTube har jo lagt om eindel for å få betre kvalitet på filene, så i staden for å tukla med flv-filene, så er det råd å lasta ned videoane som mp4-filer. Og med litt hjelp, så er det svært enkelt. Denne sida fortel korleis du kan få eit lite bookmarklet i nettlesaren din (Opera, Safari, Firefox, IE) som automatisk genererer ei lenke til kvar du kan lasta ned videoar i mp4-format. Alt du treng gjera er altså å klikka denne bookmarkleten når du er på ei side med videoen du vil ha. Men, det er jo kjedeleg å måtta gjera det kvar gong òg. Særleg når det er råd å automatisere det. Heilt automagisk.

Har du Opera eller Firefox, sÃ¥ kan du installere eit lite userscript/greasemonkeyscript som legg til ei slik lenke for sidene etter kvart som du besøker dei. Alt som treng gjerast med dette scriptet installert er Ã¥ høgreklikke og velge ‘lagre mÃ¥let som’ (eller tilsvarande) og that’s it. Eg har jo mÃ¥tta prøva det sjølv, og det fungerer som ein draum. Ein god draum.

Den første videoen eg prøvde dette på, var denne:

2 comments

James — Laid

Det er ei god stund sidan eg har hatt ein musikkvideo her no, er det ikkje? Så, for å bøta på det, her er James: Laid.

Comments are off for this post

Djengis khan

Dersom nokre mÃ¥tte tru at eg har pikante opplysningar om Temudjin her, sÃ¥ mÃ¥ eg nok skuffa litt. Eg kom berre til Ã¥ tenkja pÃ¥ han fordi eg har sansen for ein del av det japanske. Ingen direkte samanheng med denne mongolske fyrsten – khanen – men det var songen “Koi no dance site” med Morning Musume som fekk meg til Ã¥ assosiere:

Rettnok oppfattar eg korkje “Temudjin” eller “djenghis khan” iteksten der (sjølv om det godt kan gÃ¥ forbi meg) – innhaldet i songen er vel heller stikk motsett av kva han praktiserte – men om det ikkje ringer nokre bjeller, sÃ¥ kan me ta turen til Tyskland og Dschinghis khan:

NÃ¥r det er sagt: Er det nokre som veit om noko mongolsk musikk pÃ¥ nettet? No byrja eg lura pÃ¥ korleis det høyrest ut…

Comments are off for this post

Ingen kommentar

Kort og godt fordi eg manglar ord. Andre er kanskje meir veltalande?
Alt eg kan seia er at eg ikkje greidde Ã¥ la vera Ã¥ sjÃ¥ og høyra til det var ferdig…

1 comment

Kate Nash

Kate Nash er ei jente som enkelte kanskje har høyrt om. Ho spelar musikk. Har gitt ut CD òg, Made Of Bricks, og jo meir eg høyrer på ho, jo meir får eg sansen for ho. Rett nok har eg ikkje høyrt så mykje av ho når eg skriv dette, men men.

Eg for min del høyrde om Kate Nash først i går, og det var ikkje på grunn av musikken. Det var på grunn av andre ting ho likar. Ho har nemleg lyst til å skriva bøker for born, med Roald Dahl som førebilete, i følgje ein artikkel i Daily Record. Ho held på med ein historie no for tida. Han er for born, men temaet er kanskje ikkje heilt vanleg for ei barnebok. Kankskje ikkje så vanleg uansett målgruppe, for den del. Det er om ein 12 år gammal gut som møter ein 2.10 m høg transvestitt, Roy. Roy inviterer gutten med seg til ein stad kalla Terommet, der det er ei hemmeleg foreining. Konseptet der er at du blir det du måtte drøyma om.

SÃ¥nn grovt oppsummert. Kunne vore interessant Ã¥ lesa den historien. nÃ¥r han vert ferdig. 😉

I mellomtida, her er ein frisk melodi med ho, Merry Happy.

Comments are off for this post

Dana International — Diva

No er det visst ei stund sidan eg har hatt ein musikkvideo her i bloggen. Det kjennest i alle fall slik ut for meg. Dette skuldst ikkje divanykker frå meg, men eg kan jo få presentere Diva likevel, i to versjonar.

Første versjonen av melodien Diva med Dana International er på morsmålet hennar, hebraisk, i klassisk utføring. Dvs, nokså likt slikt det vart framført i Melodi Grand Prix i si tid. Andre versjonen er ein dance-versjon.

Hebraisk:

Dance:

Comments are off for this post

Diskofil — Da Johnny Ble’ til Conni

Tid for litt god, gammal disko her, med ny tekst til melodien Y.M.C.A.

Comments are off for this post

Next Page »