Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for October, 2006

Kor vakre er dei vakre?

At reklamebransjen fiksar litt pÃ¥ bileta dei brukar for Ã¥ gjera modellane enno meir attraktive enn dei er, det er vel noko flesteparten eigentleg veit — sjølv om me kanskje ikkje tenkjer over det til vanleg. Men, kor mykje vert bileta fiksa pÃ¥? Vel, kanskje nok ein reklamefilm kan gi oss svaret pÃ¥ det? Dove – Evolution, her i quicktime-format og flash format.

Som dei seier i filmen: No wonder our perception of beauty is distorted.
Samanlikning mellom uretusjert og retusjert bilete.

Comments are off for this post

Det gjekk fort!

Raude støvlettar med høge stiletthælarEg har for ikkje sÃ¥ alt for lenge sidan skrive om skofrustrasjonar. Dagens tema er ikkje sÃ¥ mykje om frustrasjonar — vanlegvis. Det handlar nemleg om sÃ¥lar, og dei vert som kjent slitte etter kvart som skorna og støvlettane vert brukte. Heilt normalt, og skomakaren fÃ¥r besøk no og dÃ¥ for Ã¥ halda fottøyet ved like. NÃ¥r hælane pÃ¥ fottøyet vert mindre blir tyngda konsentrert pÃ¥ eit mindre punkt (elementær fysikk) og slitasjen vert større. NÃ¥r det er snakk om stiletthælar, sÃ¥ mÃ¥ nesten den vesle sÃ¥len bli sett pÃ¥ som forbruksvare.

Dog.

Forbruket kan kanskje bli i største laget, av og til? Når det varer i to veker før skomakaren får besøk igjen, då er det litt frustrerande, og for min del på tide å sjå etter måtar å skjera ned. Kanskje ein ståltipp kunne vera tingen, i staden for vanleg gummisåle? (Eller kva dei no er laga av.) Metallet skulle i alle fall vera meir slitesterkt.

Joda, skomakaren kunne gjerne gjera det han, og det vart ikkje noko dyrare, men — ei lita Ã¥tvaring ville han no gje meg: Støvlettane ville bli glattare Ã¥ gÃ¥ pÃ¥, særleg pÃ¥ fliser, og det ville vera lettare Ã¥ gli og detta. Fleire hadde erfart det. Hmmm. Eg brukte litt tid pÃ¥ Ã¥ tenka meg om, men bestemte meg for uansett Ã¥ ta sjansen. Eg leverte dei inn torsdagen, og henta dei att etter arbeid pÃ¥ fredag. Skomakaren rÃ¥dde meg til Ã¥ bruka sÃ¥nne ekstra hetter pÃ¥ hælane (normalt for Ã¥ verna golva mot merke) slik at dei ikkje skulle vera sÃ¥ glatte, og sÃ¥ ville dei jo òg dempa lyden. slik at det ikkje vart sÃ¥ høge smell nÃ¥r eg gjekk. Dessutan var det jo litt ekstra slitestyrke i dei, òg. Joda, det var greitt for meg, eg tok gjerne eit par slike òg.

Eg gjekk heim og sette frå meg alt eg bar på, skreiv ferdig eit brev og la ved i ein pakke eg skulle posta, og fór ut att. Denne gong med nysåla støvlettar på beina, og musikk på øyrene.

Eg hadde ikkje gÃ¥tt meir enn 2-3 minutt før eg la merke ein godt høyrbar, klakkande lyd i takt med venstrefoten min. Det var slik at eg mÃ¥tte kikka ned for Ã¥ sjÃ¥ at hetta satt pÃ¥ plass pÃ¥ hælen — og det gjorde ho. Vel, eg berre trakk mentalt pÃ¥ skuldrane og fortsette Ã¥ gÃ¥, og muren eg gjekk attmed gav bra med gjenlyd. Spaserturen gjekk roleg vidare til posten, og eg la merke til at begge hælane var like høglydte, og begge hettene var pÃ¥. Og likevel var dei ikkje meir stille? Jaja.

Posten fekk sitt, eg stakk innom Popin og bytta ut ein 100-lapp med eit par gensrar og ein topp før eg vende nasa heimover att. Hælane heldt lojalt ut og let meg ikkje gløyma at dei var der, sÃ¥ dÃ¥ eg kom inn heime, tok eg av meg støvlettane og sÃ¥g etter korleis hettene tok seg ut. Og joda, sÃ¥len pÃ¥ hettene var fin den, og nesten ikkje sleten i det heile. Problemet var i baksida av hetta: MetallsÃ¥len pÃ¥ hælane hadde gnage seg hol der og teke turen ut i friluft. Klart dÃ¥ at det var lett Ã¥ høyra nÃ¥r eg gjekk — eg gjekk jo rett pÃ¥ metalltuppane.

Men — det var jo det eg ville ha. Dei tuppane vil nok halda ei god stund til, i motsetnad til hettene, for dei gjekk an fort. MÃ¥ vel nesten vera rekord? 😉

2 comments

Mystery Jets – Alas Agnes

Transvestitt, transseksuell, eller kva? Det er på tide med ein ny musikkvideo som på eitt eller anna vis inkluderer det som kan seiast å vera den raude tråden i denne bloggen.

Denne gongen er det ein historie, fortalt i tekst og levande bilete av Mystery Jets.

Comments are off for this post

TWO

Eg vart oppmuntra til ̴ republisere nokre dikt eg skreiv for mange ̴r sidan, og Рkvifor ikkje? Kan no i alle fall ta eitt av dei denne gongen, s̴ ser eg kva som skjer med resten etter kvart.

TWO

Early up
straigt to the job
quick – start working

You’re surrounded
by bodies
hard working
strong
sweaty
energic
no time to rest
for long

You see their faces
tired
unshaven
dirty
as your must be

It’s been a long day
at work
time to go home

Having a shower
making some food
getting ready

You’re surrounded
by clothes
nice dresses
skirts
blouses
shoes
it’ll take time to pick
the right

You admire your face
attractive
cute
perfect
as it must be

You’re ready to dance
for hours
let the night begin

Comments are off for this post

Gravid? Eg?

Gravid kvinne i profilEg vart teken for Ã¥ vera ei dame. Det er smigrande nok det, men…

For Ã¥ ta situasjonen frÃ¥ byrjinga: Eg kom til busstoppen, bærande pÃ¥ ei lang pakke frÃ¥ IKEA. Eg har lakkerte negler pÃ¥ tær og fingrar, høghælte sandalar, skjørt og genser. Ingen pupper, men til gjengjeld har eg ein del skjeggstubbar – slikt som ein fÃ¥r nÃ¥r ein ikkje barberer seg ein dag. PÃ¥ busstoppen stod det ei (søt) dame frÃ¥ før, og me byrja no Ã¥ snakka litt. Litt uti samtalen spør ho, pÃ¥ litt gebrokkent norsk, om eg er norsk. Og jo, eg mÃ¥tte no innrømma det. Deretter peikar ho pÃ¥ magen min, og lurar pÃ¥ om eg er gravid…

No kunne eg jo ikkje anna enn Ã¥ ta det med godt humør dÃ¥ – eg fÃ¥r heller sjÃ¥ om eg greier Ã¥ ta det som ein ekstra, liten spore for Ã¥ slanka meg litt. Sjølv om eg ikkje er sÃ¥ tjukk, i følgje andre… (Er berre litt tynn elles, utanom pondusen.)

Men eg har tenkt litt i ettertid, pÃ¥ korleis ho har tenkt; “Norske menn gÃ¥r ikkje i skjørt, vedkommande er norsk, ergo mÃ¥ det vera dame” – kanskje? Rettnok kan eg med todagarsskjegg sjÃ¥ ei dame i spegelen sjølv, men at andre skulle gjera det? Uansett, bussen hennar kom dÃ¥, sÃ¥ vÃ¥r tid saman var over. Det siste ho sa var rett nok “Snakkest” – men eg har ikkje sett ho seinare, sÃ¥ sjølv om eg gjerne skulle ha snakka meir med ho sÃ¥ har ikkje det skjedd.

3 comments

The New Pornographers – Sing Me Spanish Techno

Musikkvideoar kan vera gøy. Her er ein eg nett kom over, og som er litt fin. Ønskedraumen for fleire, kanskje? 😉

1 comment

« Previous Page