Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

RewriteEngine? Ooops! Eg treng hjelp…

Det er ikkje så alt for lenge sidan eg skeia ut og spanderte på meg eit eige domene til denne bloggen, og det som eventuelt måtte kome i tillegg seinare. Eg innstallerte WordPress, fikla litt med innstilligane, og valde å bruka fine url-ar. WordPress tok seg av å skriva .htaccess-fila, og eg såg at alt var bra. Litt tilpassing av ønska design og ekstra funksjonar, og eg var i gong med å skriva. Det var ingen problem. Så – etter nokre dagar – fekk eg lyst til å kikka på statistikken over besøket.¹

Ooops!

Eg gjorde som eg skulle, og skreiv inn hamskifte.com/stats i adresselinja i Opera, men i staden for å sjå statistikken (eller måtta logga meg inn for å sjå) så fekk eg sjå – bloggen min. Eg hadde blitt fint og pynteleg redirigert til framsida av den i staden. Javel ja. Då var det nok magien i RewriteEngine som spela meg eit puss, så eg opna opp .htaccess og såg etter:

# BEGIN WordPress

RewriteEngine On
RewriteBase /
RewriteCond %{REQUEST_FILENAME} !-f
RewriteCond %{REQUEST_FILENAME} !-d
RewriteRule . /index.php [L]

# END WordPress

No må eg innrømma at kunnskapane mine om RewriteEngine heller er ganske små, men eg fann no ut at den regelen slår til om URL-en korkje peikar til ei fil eller katalog. 'stats' er korkje ei fil eller ein katalog hjå meg, og følgeleg slo RewriteRule til og let meg sjå index.php (bloggen) i staden for statistikken. Eg måtte altså laga meg eit unntak for det, men korleis?

Ein del prøving og feiling tok stad etter å ha lest det eg fann om mod_rewrite og RewriteEngine. Resultata vart til tider at ingenting skjedde, eller at eg fekk sett statistikken, men ikkje bloggen. Men til slutt fekk eg no laga til noko som gjorde at eg fekk sett både bloggen, og statistikken når eg ville det. Eg rekna med at det heilt sikkert ikkje var slik det burde gjerast, men så lenge det fungerte…

# BEGIN WordPress

RewriteEngine On
RewriteBase /
RewriteRule ^stats/?$ stats/ [L]
RewriteCond %{REQUEST_FILENAME} !-f
RewriteCond %{REQUEST_FILENAME} !-d
RewriteRule . /index.php [L]

# END WordPress

Vel – eg hadde rett i at det heilt sikkert ikkje var slik det skulle gjerast, for når eg no ville ha meg ein liten kikk på statistikken igjen (sjølv om eg ikkje venta meg så masse nytt) så var eg tilbake til det gamle: Eg fekk sjå bloggen min i staden.

*Sukk*

Det er berre til å gå på med krum hals igjen, og prøva finna ein god plass å læra dette, men det skal òg seiast: Om det skulle dukka opp ein riddar i skinnande rustning og hjelpa meg her, så ville eg setja stor pris på det. 😉

4 comments

4 Comments so far

  1. Sexy Sadie August 26th, 2006 5:02

    Du får prøve forumet til norblogg. 😉

    Lykke til.

  2. Monica August 27th, 2006 14:40

    Har spurt eit par andre plassar òg, så eg ventar og ser om eg får svar der først. Men eg skal ha Norbloggforumet i minne. 🙂

  3. Monica August 30th, 2006 20:50

    Og ting fungerar fint igjen no 😀

  4. Hamskifte October 22nd, 2006 1:22

    Statistikk-junkie?…

    Eg innrømmer gladeleg at eg er glad i statistikk. Ikkje som fag innan matematikken – der fekk eg aldri den heilt store inspirasjonen – men når det gjeld oversikt over besøkande så er eg lett fascinert, det er ein del spennande informasj…

Leave a reply

(Antispam - krav)