{21. June, 2008}   Ikkje heilt Britney Spears

Men…

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{30. May, 2008}   Negler

No og då hender det at eg får godord om neglene mine, at dei er både lange og fine.
Men – nett no kjenner eg at eg kjem til kort…

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{3. May, 2008}   Gutar meir status enn jenter?

Ein ting eg la merke til i intervjuet Klassekampen hadde med Petter Schjerven om bokstavkjeks og – tilsynelatande – ulike kjekspakkar for dei to kjønna, er noko han sa heilt mot slutten: «Rosa er ene og alene forbeholdt jenter. I et program vi gjorde nylig, var vi på en fødestue, og der kunne vi se hvordan det var helt krise hvis det ikke fantes lyseblå tepper som man kunne tulle inn guttebarna i. Det samme gjaldt ikke motsatt vei. Det er helt ok å tulle ei jente inn i blått. Hvis vi forholder oss til det arkaiske statussystemet mellom kjønnene, betyr det jo at man klatrer oppover i hierarkiet hvis man kler ei jente i blått.»

Er det me ser her eit teikn på at det er meir status med gutar enn jenter? Og er dette i så fall noko som held seg livet ut?

Girls can wear jeans and cut their hair short, wear shirts and boots, because it’s OK to be a boy, but for a boy to look like a girl is degrading, because you think that being a girl is degrading. But secretly you’d love to know what it’s like, wouldn’t you? What it feels like for a girl?
– Julie, The Cement Garden

Livet ut ja, for angsten for det feminine til gutar sluttar ikkje med babyteppe, medan det ikkje er problem med at jenter er guttete. (Vel, kanskje ikkje alltid, men vanlegvis.) Gutar skal gjerne ha litt tøffe klede, og i alle fall ikkje søte klede som ei jente kunne gå med. Jenter kan gjerne få søte klede, men om dei heller vil ha tøffe klede så er ikkje det noko problem.

Når det gjeld oppførsel, så skal gutane vera litt tøffe og viltre. Dei kan nok få vera rolege, men dei må i alle fall ikkje halda på med slike ting som det vanlegvis er kun jentene som gjer. Omvendt, så reknar ein helst med at jentene skal vera rolege, men om dei skulle finna på å vera tøffe og viltre som gutane, så er det i grunnen heilt OK. Ordet gutejente har helst ein positiv klang, mens jentegut – i den grad det vert brukt – helst blir brukt negativt. På engelsk finst jo ikkje noko tilsvarande tomboy for gutar i det heile, det seier vel sitt. (Rett nok vart ordet tomboy opprinneleg brukt om viltre gutar, og ikkje jenter, men det har endra seg etter kvart som meir er blitt akseptabelt for jenter, og ikkje gutar.)

Men så veks ein opp, blir vaksne og… Menn er stadig livredde for alt som kan gje inntrykk av at dei ikkje er 100% mann, macho og maskulin. Sånn typisk Pondus, som ikkje ein gong vil bruka fuktighetskrev for å ta vare på huda. Heldigvis er ikkje alle slik då, men sjølv kjenner eg til ein som ikkje vil bruka gensrar med trykk. Både han og familien hans er av den oppfattinga at det er feminint, om det er aldri så mykje kjøpt i herrebutikkar. Men det er kanskje eit ekstremt tilfelle det òg.

Andre er modige nok til å bruka ein kilt av eitt eller anna slag, sjølv om dei ikkje kan skulda på å vera skottar, eller ha røter til Skotland. Rett nok er ein kilt eit heller maskulint plagg, men likevel er det mange (av begge kjønn) som berre ser eit skjørt, og som følgeleg gir grunn til å le av det. Det er jo degraderande. Og kva så med metroseksuelle menn? Med skjørt som ikkje er kilt, sarongar, til og med makeup – det må då vera akseptert no? Vel, når eg ser det omtalt, så ser eg svært ofte òg negative haldningar til det, enno.

Uansett, det er mykje ein mann ikkje kan kle seg i om det ikkje skal verka degraderande, om han ikkje vil bli ledd av. Annaleis er det for kvinnene. Éin ting er at dei kan gå rett inn i herreavdelinga og finna klede til seg sjølve, og det blir sett på som fint og sexy, men dei kan òg ta for seg herrekleda og endra litt på snittet, sånn at det passar den kvinnelege figuren betre. Dressen er vel eit godt eksempel på det, og kva vert det kalla når kvinner ifører seg ein dress? Powerdressing. Dei kler seg som menn, til makt, oppover rangstigen. Eller oppgraderande, om du vil. Det er lov.

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{27. April, 2008}   Last ned avansert Canon-kamera

Utsikt frå stranda ut mot havet
Det var reint tilfeldig at eg fekk veta at eg kunne få eit avansert kamera av merket Canon – gratis. Eg skulle nemleg kunna få eit kamera med svært raske lukkartider, ISO-verdiar, lagre i RAW-format, alt det som avanserte Canon-kamera har. Det er ein artikkel i Wired, om korleis ein kan gjera Canon-kameraet om til ei kraftpakke, som fortalde meg dette, og grunnen er at mange kamera frå Canon, enkle som avanserte, brukar same chipen. Det er kun programvaren som er ulik. (Vel, reint bortsett frå fysiske forskjellar mellom kompaktkamera og speilreflekskamera då…) Så ved hjelp av Canon Hacker’s Development Kit (CHDK) går det an å laga ny programvare for å utnytta kameraet til fulle.

Eller leggja vekt på bestemte ting. Det finst fleire ulike versjonar av programvare laga med hjelp av CHDK, som legg vekt på ulike ting. Eg for min del skal ikkje påstå eg er nokon ekspert eller legg vekt på bestemte ting – eg var berre nyfiken nok til å ville prøva, og lasta ned Allbest-versjonen og installerte den.

Og jammen var det mange nye valg som dukka opp i den nye menyen. Eg anar knapt kva det er, alt i hop, så det må bli masse prøving (og feiling) for å finna ut av dette. Men eg fann ut korleis eg kan ta bilete i RAW-format. Var litt spent på å prøva det, sidan det skulle gi stor kontroll ved diverse justeringar av biletet i etterkant. Men, her har eg eit lite problem for tida: Eg må finna ut kva program eller plugin til Photoshop (Windows) som greier å opna og la meg redigere dei .crw-filene eg får frå kameraet…

Er det nokre som har tips? :wink:

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{30. March, 2008}   Mixtape

Det er ein del dagar sidan eg såg det nemnd først, rundt om på fleire ulike bloggar. Den nye tenesta kalla Muxtape. Namnet og tenesta er inspirert av dei gode gamle kassettane, der ein tok opp melodiar av ulike artistar, laga ein miks ein hadde sans for, som ein så kunne ha som favoritkassett – eller dela med andre.

Muxtape er ein moderne versjon, der internett spelar rolla som kassett. Og på same måte som med ein fysisk kassett, så er det ei grense på kor mange melodiar du får plass til. I muxtape, så er det 12 melodiar som kan streamast.

Sjølvsagt måtte eg prøva sjølv òg, så om du vil, kan du høyra på min mixtape.

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{16. March, 2008}   Når møkki på marki eg spreier

Olkabilamo - omslaget til singelen av SalhuskvintettenEi soge om ein målstrid. Men, sjølv om målstrid kan vera aldri så spanande, så vil eg innleiia med noko heilt anna, nemleg ei vitjing på Clas Ohlson. Dei har nemleg hatt eit tilbod gåande ei stund no, på ein litt moderne platespelar. Ein som kan spela gode, gamle LP-plater i vinyl. Kan spela CD òg, og har radio, men det som var interessant med dette anlegget er at det kan ta opp til minnekort eller USB minnepinne – konvertere til MP3 frå CD eller vinyl.

Det er det siste som var av interesse for meg, det å kunne ta opp frå vinyl utan å fikla med leidningar og styr frå anlegg til PC, slik som eg måtte gjera med det gamle anlegget mitt. At drivreima til den platespelaren må skiftast for å greia å snurra platetallerkenen rundt har nok òg hatt litt å seia… Denne moderne platespelaren har dei hatt på Clas Ohlson ei stund no, men det som har halde meg tilbake frå å kjøpa er at eg ante jo ingenting om kvaliteten. Inkludert kvaliteten på mp3-filene som ville vera resultatet av opptak – ville dei vera sampla med 128 kbps, eller? No fredag tok eg sjansen, sidan ein minnepinne på 1GB følgjer med på kjøpet ved det noverande tilbodet.

Erfaringar? Lyden frå dei medfølgjande høgttalarane er ikkje noko særleg å skryta over, men eg kopla spelaren til anlegget mitt eg, og lyden vart fin. Opptakskvaliteten? Den kan eg variere, frå 32 til 256 kbps. Alt i alt skal eg ikkje klaga.

Så nærmar me oss målstriden her. For å testa nemnde opptakskvalitet så måtte eg jo ta opp noko. Eg fann fram nokre gamle vinyl 45-singlar, som har tilhøyrd opphavet. (Er vel for så vidt deira enno, men dei bryr seg ikkje.) Noko av det eg tok opp då, var eit par singlar av Salhuskvintetten. Songen om Pop Ola (Når møkki på marki eg spreier) er ei levande skildring av korleis populærmusikken er fordervande på språket – men nynorskfolket gir seg jo ikkje så lett… ;)

Singelen har hatt eit opphald litt for nær ein omn ein gong i tida, noko som ikkje akkurat har forbetra lyden i starten, men om de greier å oversjå det: Nyt musikken.

Om de har problem med å spela av musikken, eller vil høyra meir, gi frå dykk lyd i kommentarane.

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{17. February, 2008}   Eingongsføljetongen

Eit fortvila rop om hjelp.

Vel - kanskje ikkje fortvila, men… Uansett, det eg så gjerne vil veta, er meir informasjon om Eingongsføljetongen, ein liten komiserie som gjekk på NRK i hine hårde dagar. Det vil seie, kort tid før fiaskoen «Herfra til Haglemoen» vart sendt på same kanal – hausten 1980. Eg meinar det var Monty Python-gjengen som stod bak denne, men eg kan ta feil her, men det var i svart/kvitt i alle fall. Hugsar berre éin episode: Ein person var fanga inne i eit gammalt (smuglar?)hus, og alle utgongar var sperra. Ingen måte å koma seg ut på, om det ikkje var nokre skjulte panel og fluktruter då. Han slo frustrert i veggen, og sjølvsagt opna det seg mange skulte panel, over alt i rommet. Så hangreidde å flykta.

NRK gav serien namnet «Eingongsføljetongen» (trur faktisk dei skreiv det på nynorsk) men kva var det originale namnet? Var det Monty Python-gjengen som stod bak, og er det råd å få tak i serien? Det er jo ikkje så mykje eg hugsar, men eg hugsar eg likte serien, og eg må jo ha hatt ein god grunn til det? Sjølv om eg ikkje var så gammal då…

Så spørst det då, om det finst nokre som veit svara – og les dette…

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{13. January, 2008}   Lag din eigen snø

Me er godt inne i januar, men snøen let venta på seg fleire stadar i landet. Til glede for ein del, men andre saknar den kvite materien å leika med og i. Om du tilhøyrer den siste kategorien, og vêrgudane ikkje er på di side, kvifor ikkje laga din eigen snø? Eller, i alle fall snøkrystallar. På den gode, tradisjonelle måten, med papir og saks – berre i opppdatert utgåve.

No kan du nemleg ta del i denne gamle fritidssysla ved hjelp av datamaskin og nettlesar, og skapa snøkrystallar vha. flash. Resultatet av arbeidet kan du sjølvsagt lagre på di eiga datamaskin, som jpeg eller postscriptfil. Så kan du enten skriva og klyppa ut nokre milliardar krystallar å leika deg i, eller bruke i scrappeprosjekt, eller kva du no vil. Kanskje berre visa fram i galleriet over snøkrystallar?

Litt gøy er det no i alle fall.

Synest eg.

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{15. December, 2007}   Leppestift farleg – for kvinner

Det er ein artikkel i AVIS2 som fortel oss om dei farlege sidene ved leppestiften. Brukar du leppestift på julabordet, kan du få kreft. Skræmande lesing, så klart, og det blir ikkje betre når me les vidare: Nyresvikt, impotens og fødselsproblem er òg problem. Alt dette på grunn av eit stoff i leppestiften, BBP. Det er heldigvis ulovleg i leppestiftar produsert i EU-land, men det er likevel funne i fleire undersøkjingar av den britiske kosmetikkmarknaden.

Det er jo alvorleg og lite hyggeleg dette, men likevel – noko eg la godt merke til, var vektleggjinga av at dette gjeld kvinner. No er det rett nok ikkje så mange menn som brukar leppestift, men kvifor då denne poengteringa av at det er kvinner som står i faresona av å bli skada/sjuke av bruken? Det burde jo logisk følgja av det at det er kvinnene som brukar leppestift. Eller, er det andre grunnar til at kvinnene vert nemnd spesielt – er det forskjellar mellom menn og kvinner her, slik at det faktisk kun rammar kvinnene som brukar leppestift, og menn i tilsvarande situasjon er heilt utanfor fare?

No har jo menn allereie svært store problem med å føda born, og bruk av leppestift vil neppe gjera det problemet større. Impotens blant menn og kvinner er ikkje heilt det same heller, men brystkreft og nyresvikt – eg trur neppe kroppane våre er så ulike på dette feltet, at me reagerer så ulikt på same stoff, at det kun er kvinnene som står i faresona ved bruk av leppestiftar med dette stoffet i.

Diverre, kunne eg nesten sagt. Det kunne vore hyggeleg å berre vifta vekk slikt med at det ikkje gjeld menn, men det er nok berre forfattaren av artikkelen som ikkje har tenkt godt nok på formuleringane, slik at det ser ut som om det kun gjeld dei kvinnelege brukarane av leppestift.

Korriger meg gjerne om eg tek feil.

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{4. November, 2007}   Lamont: Golden Daze

Piratebay elskar LamontIkkje før har eg skrive om Saul Williams og albumet hans som kan lastast ned gratis, før eg ser at svenske Lamont gjer det same. I samarbeid med Pirate Bay, som sponsar dei. I kjent stil har Pirate Bay endra litt på logoen sin for å visa til denne hendinga, og om du klikka på han, kjem du til ei side der du kan lasta ned albumet, i mp3, ogg vorbis eller flac, samt musikkvideen til ein av melodiane. Og lenker til heimesidene til bandet så klart, og kor du kan kjøpa den fysiske CDen og meir til.

Lamont på si side er svært begeistra over all reklamen dei får på denne måten: Over 100.000 lasta ned albumet dei første 24 timane, og over 60.000 såg videoen. Du kan lesa om det på sidene deira, men dei er litt trege for meg nett no…

Vel - treng eg seia meir, eller er de allereie av stad for å sjekka ut dette?

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    August 2008
    M T W T F S S
    « Jul    
     123
    45678910
    11121314151617
    18192021222324
    25262728293031
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kjenner du ein transe?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen