Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Statistikk-junkie?

piechartEg innrømmer gladeleg at eg er glad i statistikk. Ikkje som fag innan matematikken — der fekk eg aldri den heilt store inspirasjonen — men nÃ¥r det gjeld oversikt over besøkande sÃ¥ er eg lett fascinert, det er ein del spennande informasjon til tider. Kanskje vart eg òg litt lettare hysterisk dÃ¥ eg kort tid etter Ã¥ ha starta denne bloggen her oppdaga at det vart konflikt mellom mÃ¥ten WordPress lagar fine, permanente lenker og Ã¥ sjÃ¥ statistikken over nettstaden min. Men det løyste seg heldigvis.

Men er det nok å sjå statistikken slik då? Det finst jo litt ulike plugins til WordPress for å visa statistikk, og ein eg likar svært godt der er wp-shortstat. Masse gøyal informasjon tilgjengeleg med eit museklikk eller to, inkludert kva folk hadde søkt etter på dei ulike søkemotorane for å finna meg. Vel, kanskje ikkje spesifikt for å finna meg, men eg dukkar no opp i enkelte søk. Det var berre eitt lite problem: Sjølv om Google er mykje brukt, så finst det jo norske søkemotorar òg, og desse er ikkje med i pluginscriptet. Det medfører at søkeorda frå desse ikkje vert registrert.

Ooops!

No er det vel slik at problem er til for Ã¥ overvinnast? I alle tilfelle kikka eg nærare pÃ¥ kjeldekoden for Ã¥ sjÃ¥ om eg fann ut noko, og det gjorde eg i grunnen. Dei ulike søkemotorane var lista opp saman med kva parameter som vart brukt for Ã¥ identifisere søkeorda. Eg fylte inn dei norske søkemotorane eg fann med same format som dei som stod der frÃ¥ før og testa — og det verka. Ikkje berre vart nye besøkande registrert korrekt, men det vart dei gamle òg. Joohoo!

Det mest tidkrevande i heile operasjonen var i grunnen å sjekka kva dei ulike norske søkemotorane brukte som parameter, men om nokre skulle vera interessert i plugin-en utan å ville gjera det same arbeidet, så la eg ut fila hjå meg eg: wp-shortstat med norske søkemotorar.

2 comments

2 Comments so far

  1. joakim October 22nd, 2006 17:09

    Mint er etterfølgeren til shortstat og er forferdelig deilig. Finnes også mange tøffe plugins til det.

  2. Monica October 23rd, 2006 0:24

    Men Mint kostar $30…