Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for November, 2006

Sinnataggen, del 2

SinnataggenDet er ei stund sidan eg skreiv her sist no, men diverre ikkje så mange postar sidan første del av Sinnataggen. Så, kva har skjedd, og kvifor kjem ein del 2 her no? Set deg godt til rette, så skal eg fortelja.

Eg skreiv sist at eg ville reformattere harddisken og innstallere alt på nytt, og det gjorde eg. Reformatteringa gjekk fint. Eg kom meg på nett igjen, og fekk innstallert dei viktigaste programma. Chatta litt med venner òg, og fekk høyra at eit par av dei hadde opplevd det same som meg: Etter automatisk oppdatering av Windows så kræsja PC-en, og dei måtte reformattere. Skummelt!

Men uansett, PC-en min var fin igjen, og stikk i strid med det eg sa eg skulle gjera, sÃ¥ sjekka eg ikkje prisar pÃ¥ nye PC-ar. Det skulle eg kanskje gjort, for mindre enn ei veke seinare – same dag som eg skreiv førre innlegg, “guteleiker?”, sÃ¥ kræsja PC-en min igjen. Det skjedde etter automatisk oppdatering av Windows… Eg fekk han ikkje opp og gÃ¥ igjen den dagen, før eg mÃ¥tte leggja meg. Fredagen sjekka eg prisar pÃ¥ PC-ar, kom heim igjen og prøvde Ã¥ fÃ¥ maskina opp og gÃ¥ igjen. No such luck. Laurdagen la eg ut det eg hadde rÃ¥d til (eller litt meir) for ein ny PC.

Ein annan ting som skjedde laurdagen, var at eg i eit siste forsøk fekk den rebelske PC-en opp og gå igjen, òg. Fekk teke backup av dei siste dataene då, så eg mista ikkje noko der. Eg får sjå kva som skjer med den etter kvart.

Men som det heiter: Ei ulukke kjem sjeldan åleine. Ein ny PC er ikkje synonymt med ein problemfri kvardag. Neida, det er ikkje noko gale med den, men eg har òg ein ekstern harddisk, der eg hadde lagra massevis av data, og brukt til å ta backup av det eg hadde. Denne viste no teikn til å gi meg lesefeil, slik at eg ikkje fekk opna filer eg hadde lagra. Fleire og fleire feil, faktisk.

No var eg ikkje høg i hatten! 300GB med data — det ville fylla opp mange DVD-ar det. Ja, for eg mÃ¥tte jo ta vare pÃ¥ det eg hadde. Heldigvis kom den nye med harddisk pÃ¥ 250GB, sÃ¥ det aller viktigaste vart flytta over der med ein gong. Eg vart glad dÃ¥ det gjekk utan lesefeil — alle foto og uerstattelege data kom feilfritt over. Viktige dokument og brev same eins, og mesteparten av musikken.

Mykje av det andre trengte eg ta ei opprydding i, sÃ¥ eg fÃ¥r sjÃ¥ det positive i det — og det ser ut til at eg greier Ã¥ berga det beste, i ei eller anna form. Men likevel, det blir mykje Ã¥ brenna til DVD framover — og eg skal brenna ut med jamne mellomrom heretter. SÃ¥ hÃ¥par eg at ei reformatering av harddisken er det som skal til for at den skal fungere utan problem etterpÃ¥, at det ikkje er noko meir gale med den. I sÃ¥ fall blir eg veldig lei meg…

Comments are off for this post

Guteleiker?

porsche 356Eg var i leikebutikkar i gÃ¥r for Ã¥ kjøpa ein presang til eine nevøen min — det er jo slikt eg gjerne gjer nÃ¥r dei har fødselsdagar. Ikkje uventa var eg ikkje Ã¥leine i butikkane — det var òg ein del ungar der, med og utan foreldre. Ungane ville sjølvsagt ha masse av det dei sÃ¥g, og bønene om Ã¥ fÃ¥ det eine eller andre var meir eller mindre vellukka. Helst mindre.

Dei som fekk meg til Ã¥ tenkja litt var foreldrene som var ute med dotter si. Ho var vel rundt 3-4 Ã¥r, og skulle tydlegvis fÃ¥ eitt eller anna, sÃ¥ dei vandra rundt mellom reolane for Ã¥ finna noko passande som ho ville ha. Dei vanlege innvendingane var der jo — det var for dyrt, eller det passa meir for dei som var eldre. Men sÃ¥ var det noko jentungen likte, men som mora ikkje syntest noko om. “Det er guteleiker. Det er sÃ¥nt som gutane leikar med,” sa ho, og for bestemt vidare. “Og jenter,” prøvde faren seg med, men mora var like bestemt pÃ¥ at det der var guteleiker, og slikt noko skulle ikkje jenta ha.

Det var visst ikkje sÃ¥ farleg for jenta, ho traska glad vidare etter mora og sÃ¥g pÃ¥ nye ting. Eg for min del var nyfiken pÃ¥ kva det var som hadde skapt sÃ¥ store reaksjonar, sÃ¥ eg kikka rundt hjørna pÃ¥ reolen og fann — bilar. Det var dyre, radiostyrte bilar for litt eldre ungar, sÃ¥ bÃ¥de pris og alder kunne vera grunn til Ã¥ seia nei, men i staden var det det at det er guteleiker som var det viktige.

Eg kunne i første omgang ikkje forstÃ¥ kvifor det skulle vera sÃ¥ farleg om jenta likte bilar/guteleiker — særleg ikkje i vÃ¥re dagar nÃ¥r det er lagt sÃ¥ mykje vekt pÃ¥ likestilling, like rettar og like mulegheitar. Rettnok har opphavet mitt fortalt meg at dÃ¥ eg var liten, sÃ¥ var den populære pedagogiske haldninga at gutar og jenter skulle fÃ¥ leika med dei same leikene — det skulle ikkje gjerast forskjell. Det var ikkje ein særleg vellukka pedagogikk… Eg hugsar at eg fekk plukka ut ei dokke til meg sjølv, men eg kan ikkje hugsa at eg nokon gong leika med ho. Men det er ein forskjell pÃ¥ Ã¥ gi tradisjonelle jenteleiker til gutar og vice versa fordi det skal vera pedagogisk fornuftig, og Ã¥ gjera det fordi ungane har lyst pÃ¥ det. I sistnemnde tilfelle er det interesse til stades.

Når det så er slik at t.d. ei jente har interesse for såkalla guteleiker, er det då rett å nekte ho det? I så fall, kvifor? Eg er nyfiken på kva haldningar ein legg til grunn, og kva haldningar ein i slike tilfelle lærer vidare til ungane. For å ha det sagt: La no ungane leika med det dei vil, meinar eg.

5 comments

Sinnataggen

<sinna/>Ting skal ikkje alltid vera lette her i verda. Særleg ikkje når det gjeld tekniske ting, slik som ein PC. Når det går ein periode der problema synest å ikkje gå vekk, men stadig er der i større eller mindre grad, då kjem Sinnataggen fram.

Som eit heilt tilfeldig valt døme sÃ¥ tek eg min eigen PC. Han kan vera litt vel treg til tider, men eg har lært meg Ã¥ leva med det. Stort sett, i alle fall. Her om dagen sÃ¥ var det likevel ikkje nok for han Ã¥ la ting gÃ¥ i sirup under oppstart av program, og slike ting — neida, no var det visst pÃ¥ tida Ã¥ laga problem under oppstarten av Windows. Som ein unge i trassalderen sette PC-en seg rett ned og nekta Ã¥ gjera noko som helst. Berre sat der heilt uanfekta etter eit par smÃ¥ steg, og gjorde absolutt ingenting.

Eg for min del kunne vore freista til Ã¥ gjera litt av kvart — diverre har eg ikkje rÃ¥d til ein ny PC, sÃ¥ det fÃ¥r heller venta. I staden prøvde eg Ã¥ slÃ¥ av og pÃ¥ maskina, for Ã¥ sjÃ¥ om det hjelpte. Med same resultat. Av og pÃ¥ igjen, og prøvde Ã¥ starte opp med valget “sist fungerande konfigurasjon” (eller noko i den dur.) Og dÃ¥ gjekk det. Eg pusta letta ut.

Det dumme med PC-ar er at dei treng restartast av og til, og slik er det òg med min. No er det ingen poeng for å gjetta at oppstarten ikkje gjekk heilt knirkefritt. Igjen hadde eg same problem, og igjen måtte eg starta opp med sist fungerande konfigurasjon. Bah! Her måtte eg til med å ta kopi av det eg ville ta vare på, og reformattere driten. Tenkte eg. Så langt kom eg ikkje.

Greit nok, eg utsette det litegrann, slik at eg ikkje skulle bli sitjande seint pÃ¥ kvelden og halda pÃ¥ med slikt. Eg hadde ikkje tenkt Ã¥ slÃ¥ av eller restarta PC-en med det første uansett, sÃ¥ det arbeidet kunne venta. Dagen etterpÃ¥? Vel — dÃ¥ eg sat framfor skjermen sÃ¥ kom det eit kort straumglimt. Lyset blinka, og PC-en byrja som vanleg med ein omstart. Jippi, liksom. Men — denne gongen fungerte alt prikkfritt. Omstarten gjekk som pÃ¥ skinner, og eg smilte glad og lukkeleg. Endeleg sÃ¥g det ut til at problema faktisk var over. Eg stolte ikkje heilt pÃ¥ det, men…

Kor lenge var Eva i Paris? Ei god stund vart det (masse Ã¥ shoppa?) men i dag — eller teknisk sett i gÃ¥r — sÃ¥ var det over igjen. Denne gongen var det òg skikkeleg vanskeleg Ã¥ fÃ¥ sparka ting i gong, det mÃ¥tte mange ulike forsøk til. Denne gongen er det nok, og sundagen blir nok brukt til Ã¥ kopiere det siste til ein trygg plass, før eg reformatterer og innstallerer ting pÃ¥ nytt. Og pengar eller ei, eg skal sjÃ¥ om eg ikkje greier Ã¥ sjekka kva prisane er for ein god PC no om dagen…

Sinnataggen? Det er dÃ¥ opplagt? Med slike problem som er lagt for dagen, og frustrasjonar som følgje av dei, sÃ¥ dukkar Sinnataggen opp. Denne gongen er det eg som er Sinnataggen — hÃ¥par det ikkje vil vara alt for lenge.

2 comments