Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for September, 2007

Kva implikasjonar har dette?

Men are the new women
(Foto: Becky)

Comments are off for this post

Transedans

Eg ser ikkje sÃ¥ overvettes mykje pÃ¥ TV, men “Skal vi danse?” er eitt av programma eg vil ha med meg. BÃ¥de fordi eg synest det kort og godt er gøy Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥, ein del fin dans og ein del fine damer inkludert, men òg fordi det er litt spennande Ã¥ følgja med pÃ¥ Esben Esther. Eg vil tru det ikkje er sÃ¥ veldig overraskande.

Ein del av denne spenninga har si årsak i at eg er spent på korleis både dommarar og publikum reagerer ut over etter kvart som programmet går. Etter dei to første programma, så har me i alle fall fått sjå at dommarane har litt problem med at eitt av para ikkje er eit reint dame/mann-par. Problem på den måten at dei kan bli litt forvirra, i det minste, og ikkje heilt greier å tilpassa reglane for dans til situasjonen. I følgje dei burde nok Esben Esther ha kutta ut ein del av seg sjølv, og dansa enten som mann, eller som dame med mannleg partner. Litt enklare for publikum då, som slepp ta omsyn til reglar for tokjønna dans, men kan la Esben Esther få dansa som seg sjølv og ikkje ta på seg ei bestemt rolle.

Stemmegivinga til publikum viser jo òg at dei ikkje har problem med det transkjønna i dansen, sÃ¥ Esben Esther fÃ¥r me sjÃ¥ igjen neste gong òg, og enno ein sjanse til Ã¥ bli van med det uvanlege. Og apropos det: Hyggeleg Ã¥ sjÃ¥ Dorthe Skappel i “God kveld, Norge” etterpÃ¥ bruka det personlege pronomet “hin” om Esben Esther. Det er Ã¥ ta transar pÃ¥ alvor, Ã¥ setja seg inn i korleis ein kan og bør omtala dei. (SÃ¥ sant andre preferansar ikkje er kjende.)

2 comments

Skriv du som ein mann eller ei dame?

Eg kom over ein test her om dagen, som baserer seg på resultata frå nokre israelske forskarar om ulikskapane i tekstar skrivne av menn og kvinner. Det viser seg at menn og kvinner ordleggjer seg på ulikt sett for å formidla det dei vil, og dette kan kjennast att på bestemte nøkkelord i tekstane. Nøkkelorda vert vektlagde ulikt, og ved hjelp av ein algoritme som baserer seg på desse nøkkelorda og talet på ord i teksten så kunne kjønnet på forfattaren bestemmast 80% sikkert.

Testen eg tok baserer seg pÃ¥ engelske tekstar, men sidan eg har skrive ein del engelsk opp gjennom Ã¥ra sÃ¥ hadd eg noko materiale Ã¥ ta av her. Eg prøvde meg med ein del ulike tekstar, og kjønnet eg i følge teksten skal ha er… SÃ¥nn rundt om halvparten mann og halvparten kvinne. Passande?

No kunne det vore artig Ã¥ hatt denne testen for norsk sprÃ¥k, men det er nok ikkje heilt rett fram Ã¥ tilpassa han norsk. I alle fall ikkje med mine kunnskapar. Likevel, til de av dykk som har nokre tekstar pÃ¥ engelsk: Ta testen, og fortel kor godt det stemmer overeins, dÃ¥. 🙂

6 comments

Oppdatert

Så har eg oppdatert bloggen min til siste versjon av WordPress. No blir det litt spennande å sjå om alle pluginane eg har innstallert fortset å virka, eller om eg må gjera noko på den fronten. Sånn ved første raske overblikk så ser det no heller fint ut.

Med den nye versjonen kjem òg noko nytt til: Tagging. Eller nøkkelord, som det òg kan kallast. For å dra nytte av dette, så måtte eg jo oppdatere temaet litt, men siden eg allereie hadde gjort dette for eit par andre jenter, så gjekk det fort og greitt. Det største arbeidet på dette feltet vil vera å gå gjennom alle dei gamle postane mine og leggja till nøkkelord til dei. Det skal no gå greitt det òg, etter kvart, men det får venta litt i første omgang. Først får eg sjekka litt at alt står bra til elles.

Comments are off for this post

Blogging er ikkje alltid like lett

No tenkjer eg ikkje pÃ¥ det Ã¥ skrive ofte, eller finna ut kva ein skal skriva om, men sjølve skriveprosessen. Det er éin ting at folk – til og med dei du kjenner – kan lesa det ferdige produktet i bloggen, men det er ein situasjon som kanskje ikkje er sÃ¥ behageleg…

Å lese over skuldera på ein som skriv er ikkje populært…

Comments are off for this post

Dum som eit brød?

Eg er litt sjokkert eg. Sjokkert over kor dumt tilsynelatande vaksne menn kan oppføra seg. Det har å gjera med noko så daglegdags som å handla daglegvarer.

Fleire har sikkert lagt merke til varer som ligg på feil plass rundt om i butikklokala, varer som kundar finn ut dei ikkje vil ha likevel. Litt irriterande kan det kanskje vera, men men. Litt kjedelegare å oppdaga forlatte handlekorger/handlevogner i området rundt kassaapparata (der det gjerne er lange køar i slike tilfelle) men det er ikkje så ofte eg ser. Så lenge det ikkje er snakk om kjøle-/frysevarer så er det jo heller inga skade skjedd. Varene er i god behald.

Men i dag… Vel, eg hadde funne fram varene eg skulle ha, og stilte meg i ein kø der det sÃ¥g ut til Ã¥ vera fÃ¥ varer som skulle handlast. Det burde gÃ¥ raskt; han som stilte seg i køen framfor meg hadde berre eit brød og nokre pastillar. Likevel, det tok ikkje lange stunda før mannfolket byrja Ã¥ visa teikn til Ã¥ vera litt utÃ¥lmodig. Nokre sekund til og han kom med eit irritert grynt, men i staden for Ã¥ leggja varene frÃ¥ seg i t.d. avisstatived attmed seg og gÃ¥, sÃ¥ slengde han dei i frÃ¥ seg pÃ¥ golvet og gjekk. Det var nokre som stirra etter han dÃ¥…

No var det ei lita jente som var flink og gjorde det vaksne mannen ikkje greidde, og plasserte brødet i avisstativet, sÃ¥nn at det var ute a vegen. Hadde han gjort det sjølv kunne eg trudd han hadde det veldig travelt og allereie var alt for seint ute, men som det er har eg ikkje særleg høge tankar om han. Kven han no er…

1 comment

Det me ikkje likar, bør ingen få lov til

Som enkelte av dei som er innom bloggen min har lagt merke til, har eg ei avstemming gåande på sida her, med nye spørsmål no og då. No for tida har eg hatt spørsmålet om sminke for menn framme (det går fint an å stemme på dei som er i arkivet òg) og resultata der forundrar meg ærleg talt lite grann.

No skal eg ikkje gjera meg viktigare enn eg er og dra så bastante haldningar ut av denne statistikken, for så mange er det ikkje som stemmer. Eg har nok alt for få besøkande til det. Likevel, eg undrar meg altså litt.

SpørsmÃ¥let er kort og godt om me bør fÃ¥ sminke for menn. Ikkje heilt uventa (vil eg tru) er det eit fleirtal som er positive til dette av dei som er innom her. Og stemmer. Dei resterande vil helst ikkje eller slett ikkje ha noko av dette. Ingen har kryssa av for at det er det samma for dei – og det er det som overraskar.

At dei som kunne tenkja seg Ã¥ bruka sminke sjølv, eller vil at mannen/kjæresten skal bruka det, er positive er naturleg nok. At mange er skeptiske til Ã¥ bruka sminke sjølve overraskar heller ikkje, men at ingen av desse synest det er det same kva andre mÃ¥tte gjera, det overraskar. For det er jo det som ligg i valget “Samma for meg.” Kan det ha vore litt mistydingar ute og gÃ¥, at ein del av dei som har vore negative har stemt ut i frÃ¥ kun seg sjølve og ikkje kva menn generelt burde kunna gjera, eller er det litt fordommar Ã¥ spora her?

Uansett, det er jo stadig mogeleg å påvirka resultatet, både på denne avstemminga og dei tidlegare som er i arkivet.

Comments are off for this post

Pass språket ditt!

No skal eg vera den første til å innrømma at eg ikkje har vore særleg flink til det i dag. Passa språket mitt, altså. Men sidan eg er nyfiken, og med tanke på kva dag det er i dag, er det andre som har vore flinkare enn meg? Og altså snakka som ein pirat?

Eh – yarr…

2 comments

Photoshop, Painter Рg̴ heim og vogg!

Photoshop har jo vore sett pÃ¥ som det beste programmet for grafikk og fotomanipulering, og Painter har fÃ¥tt ord pÃ¥ seg som det beste til Ã¥ simulere ekte media som oljemaling, akvarell, blyant osv. Vel – tid for Ã¥ skjerpa seg, for her er konkurranse frÃ¥ eit velkjent programvarefirma. Eg let videoen tala for seg sjølv:

[flash http://www.youtube.com/watch?v=Hxx2KcPWWZg]

2 comments

Hedwig and the Angry Inch — Angry Inch

Eg har tidlegare hatt “Wig In A Box” frÃ¥ “Hedwig and the Angry Inch” her blant musikkvideoane, men om de lurar litt pÃ¥ denne sinte tommen sÃ¥ fÃ¥r de all informasjonen de treng her.

Sjølv trur eg eg mÃ¥ ta meg litt saman og sjÃ¥ filmen no etter kvart…

Comments are off for this post

Next Page »