Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Transedans

Eg ser ikkje sÃ¥ overvettes mykje pÃ¥ TV, men “Skal vi danse?” er eitt av programma eg vil ha med meg. BÃ¥de fordi eg synest det kort og godt er gøy Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥, ein del fin dans og ein del fine damer inkludert, men òg fordi det er litt spennande Ã¥ følgja med pÃ¥ Esben Esther. Eg vil tru det ikkje er sÃ¥ veldig overraskande.

Ein del av denne spenninga har si årsak i at eg er spent på korleis både dommarar og publikum reagerer ut over etter kvart som programmet går. Etter dei to første programma, så har me i alle fall fått sjå at dommarane har litt problem med at eitt av para ikkje er eit reint dame/mann-par. Problem på den måten at dei kan bli litt forvirra, i det minste, og ikkje heilt greier å tilpassa reglane for dans til situasjonen. I følgje dei burde nok Esben Esther ha kutta ut ein del av seg sjølv, og dansa enten som mann, eller som dame med mannleg partner. Litt enklare for publikum då, som slepp ta omsyn til reglar for tokjønna dans, men kan la Esben Esther få dansa som seg sjølv og ikkje ta på seg ei bestemt rolle.

Stemmegivinga til publikum viser jo òg at dei ikkje har problem med det transkjønna i dansen, sÃ¥ Esben Esther fÃ¥r me sjÃ¥ igjen neste gong òg, og enno ein sjanse til Ã¥ bli van med det uvanlege. Og apropos det: Hyggeleg Ã¥ sjÃ¥ Dorthe Skappel i “God kveld, Norge” etterpÃ¥ bruka det personlege pronomet “hin” om Esben Esther. Det er Ã¥ ta transar pÃ¥ alvor, Ã¥ setja seg inn i korleis ein kan og bør omtala dei. (SÃ¥ sant andre preferansar ikkje er kjende.)

2 comments

2 Comments so far

  1. wander September 30th, 2007 20:46

    Jeg fikk ikke sett det i gÃ¥r, sÃ¥ jeg har ikke peiling pÃ¥ hvordan de danset – eller hvem som gikk ut…

    Men, forrige uke var jeg enig med dommeren uansett; Det er helt greit å være transe, men når man danser så må man la det ene framfor det andre være fremtredende.

    Forrige gang syns jeg ble “uriktig” pÃ¥ en mÃ¥te. Det sÃ¥ ikke ut som det var noe “helt” over det pÃ¥ en mÃ¥te. Høres kanskje slemt ut, men jeg klarer ikke forklare det nærmere…

  2. Monica September 30th, 2007 23:41

    Uvant Ã¥ sjÃ¥ iden settinga, det er det, for her er det jo definitivt lagt opp til at det er to kjønn – mann og kvinne – som skal dana med kvarandre. NÃ¥r det sÃ¥ dukkar opp eit tredje kjønn (eller noko sÃ¥nt) sÃ¥ blir det vel gjerne lett Ã¥ oppfatta det som “feil” – for me er jo ikkje van med slikt.

    Veldig uvant for meg òg, litt lettare Ã¥ godta det i andre program, dÃ¥ begge hadde like kjolar (i ulik farge). Men som Esben Esther sjølv sa det, fritt etter minnet: “Det tok meg 30 Ã¥r Ã¥ venne meg til meg sjølv, sÃ¥ dommarane treng vel eit par program til for Ã¥ greia det.” Og det er jo eit poeng i det. 😉

    Stemmegivinga frÃ¥ dommarane er no elles grei nok, sjølv om dei kanskje i denne settinga kunne vera litt meir tøyelege med tanke pÃ¥ eit tokjønna regelverk…