Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for September 2nd, 2007

Korleis knyta ein sarong

Det vil kankje vera vanskeleg å nyta varme dagar der ein sarong vil vera rette plagget her i landet no, men kanskje det er ein del menn og kvinner som reiser til varmare strøk for å få oppleva sommar i år òg? I så fall kan det kanskje vera nyttig å læra seg ulike teknikkar for å knyta ein sarong.

Mann og kvinne i sarong

Ein del menn er kanskje skeptiske til dette, av di dei ikkje kan tenkja seg Ã¥ gÃ¥ i skjørt. Evt. blir nekta Ã¥ gÃ¥ i skjørt. Frykt ikkje – ein sarong er meir allsidig enn de kanskje trur. SjÃ¥ berre videoen. Første 2 tredjedelar viser korleis kvinner kan knyta og bera ein sarong, siste tredjedel er via mannen.

[flash http://video.google.com/googleplayer.swf?docId=3838459503429999567]
1 comment

PÃ¥ vengene

I teikneserien Knøttene sÃ¥ tek hunden Sniff pÃ¥ seg rolla som eit flygaress – “Luftens Baron” – der han sit pÃ¥ hundehustaket. Eg har vel gjort noko av det same eg no, i gÃ¥r og litt i dag, at eg har gÃ¥tt inn i rolla som “Luftens Baronesse.”

Innover mot Sandnes sentrumDet er Google Earth som hjelper meg med det, med ein innebygd flysimulator. Ikkje den heilt enklaste Ã¥ finna kanskje, men han er berre ein liten tastekombinasjon vekke: Control-Alt-A/Command-Option-A er dei tre tastane du skal halda nede (med fokus pÃ¥ sjølve kartet) for Ã¥ fÃ¥ fram simulatoren. Der kan du velja mellom to ulike fly – jagarfly (F16) og propellfly – og kor du vil starta frÃ¥. Du kan starta frÃ¥ diverse flyplassar som er lagt inn, og ta prosedyren med takeoff, eller enkelt og geit starta frÃ¥ det punktet du er og ser pÃ¥ i Google Earth.

For Ã¥ ta den skjermdumpen du kan sjÃ¥ her, sÃ¥ starta eg i Sandnes, sidan det er her eg bur. Det er òg rÃ¥d Ã¥ sjÃ¥ akkurat kor eg bur pÃ¥ det biletet. Hadde oppløysinga vore betre, eller eg floge enno nærare bakken, sÃ¥ kunne stovevingauget skimtast. Vinkelen er den rette for det. 😉

Eg prøvde òg å landa på flyplassen på Sola, men det gjekk ikkje så heilt bra. På første forsøk spratt eg opp att, og på andre forsøk small eg i bakken. Ein ting er at kontrollane er svært vare, men eg burde nok òg lesa litt meir på kontrollane eg kan bruka i simulatoren. Det hjelper jo alltid litt å veta nokonlunde kva du gjer, og kva funksjonar dei ulike tastane har.

Litt gøy er det jo. Eg får kopla til ei gledesstikke og sjå om det gir meg betre kontroll enn å kun bruka tastaturet neste gong.

Comments are off for this post