Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for September, 2007

Lindex – litt meir kvinneleg

Eg er sanneleg ikkje sikker pÃ¥ den eksakte ordleggjinga, men Lindex har jo lenge reklamert med at dei er litt meir kvinneleg. Utan at dei nemner kven eller kva dei samanliknar seg med, men nett no har eg lyst til Ã¥ tolka dette som at ein person iført varer frÃ¥ Lindex er meir kvinneleg enn nÃ¥r vedkomande ikkje er iført desse varene. Grunnen er nemleg eit besøk eg nyleg gjorde i ein Lindex-butikk…

Ikkje overraskande var det jo ein del fint og feminint tøy der, men eg var ikkje ute etter noko slikt denne gongen. Søte sokkar, spennande strømper, fint undertøy – men det er jo likevel ikkje noko som skiller seg sÃ¥ særleg ut frÃ¥ andre klesbutikkar. Likevel, det var i undertøysavdelinga eg sÃ¥g noko som nok kunne skilta med Ã¥ gjera meg litt meir kvinneleg.

To ting som i relativt sterk grad seier “kvinne” er hoftene og puppene. Blant dei som har noko Ã¥ skilta med av det sistnemnde finst det push-up BH-ar, mens dei som har mindre treng litt ekstra hjelp. Og at det finst ulikt Ã¥ fylle ut litt ekstra i ein BH med, det er heller ikkje noko stor løyndom. Det er alt i frÃ¥ formpressa skumgummi til silikonputer som aukar cup-storleiken. Og dette fann eg jo der, no som tidlegare. Men eg fann òg noko eg kun har sett pÃ¥ nettet før, pÃ¥ stadar som rettar seg mot transar. Eg fann falske brystvorter.

Vel, kvifor ikkje? Det kan vel vera pirrande for nokon ein kvar Ã¥ ha konturen av eit par framtredande brystvorter under toppen, like mykje som litt større pupper…

Likevel, slagordet “litt meir kvinneleg” fÃ¥r etter kvart ei litt anna tyding for meg no, nÃ¥r Lindex sÃ¥ smÃ¥tt byrjar Ã¥ gÃ¥ transebutikkar etter i næringa. 😉

2 comments

Korleis knyta ein sarong

Det vil kankje vera vanskeleg å nyta varme dagar der ein sarong vil vera rette plagget her i landet no, men kanskje det er ein del menn og kvinner som reiser til varmare strøk for å få oppleva sommar i år òg? I så fall kan det kanskje vera nyttig å læra seg ulike teknikkar for å knyta ein sarong.

Mann og kvinne i sarong

Ein del menn er kanskje skeptiske til dette, av di dei ikkje kan tenkja seg Ã¥ gÃ¥ i skjørt. Evt. blir nekta Ã¥ gÃ¥ i skjørt. Frykt ikkje – ein sarong er meir allsidig enn de kanskje trur. SjÃ¥ berre videoen. Første 2 tredjedelar viser korleis kvinner kan knyta og bera ein sarong, siste tredjedel er via mannen.

[flash http://video.google.com/googleplayer.swf?docId=3838459503429999567]
1 comment

PÃ¥ vengene

I teikneserien Knøttene sÃ¥ tek hunden Sniff pÃ¥ seg rolla som eit flygaress – “Luftens Baron” – der han sit pÃ¥ hundehustaket. Eg har vel gjort noko av det same eg no, i gÃ¥r og litt i dag, at eg har gÃ¥tt inn i rolla som “Luftens Baronesse.”

Innover mot Sandnes sentrumDet er Google Earth som hjelper meg med det, med ein innebygd flysimulator. Ikkje den heilt enklaste Ã¥ finna kanskje, men han er berre ein liten tastekombinasjon vekke: Control-Alt-A/Command-Option-A er dei tre tastane du skal halda nede (med fokus pÃ¥ sjølve kartet) for Ã¥ fÃ¥ fram simulatoren. Der kan du velja mellom to ulike fly – jagarfly (F16) og propellfly – og kor du vil starta frÃ¥. Du kan starta frÃ¥ diverse flyplassar som er lagt inn, og ta prosedyren med takeoff, eller enkelt og geit starta frÃ¥ det punktet du er og ser pÃ¥ i Google Earth.

For Ã¥ ta den skjermdumpen du kan sjÃ¥ her, sÃ¥ starta eg i Sandnes, sidan det er her eg bur. Det er òg rÃ¥d Ã¥ sjÃ¥ akkurat kor eg bur pÃ¥ det biletet. Hadde oppløysinga vore betre, eller eg floge enno nærare bakken, sÃ¥ kunne stovevingauget skimtast. Vinkelen er den rette for det. 😉

Eg prøvde òg å landa på flyplassen på Sola, men det gjekk ikkje så heilt bra. På første forsøk spratt eg opp att, og på andre forsøk small eg i bakken. Ein ting er at kontrollane er svært vare, men eg burde nok òg lesa litt meir på kontrollane eg kan bruka i simulatoren. Det hjelper jo alltid litt å veta nokonlunde kva du gjer, og kva funksjonar dei ulike tastane har.

Litt gøy er det jo. Eg får kopla til ei gledesstikke og sjå om det gir meg betre kontroll enn å kun bruka tastaturet neste gong.

Comments are off for this post

« Previous Page