{13. September, 2007}   Lindex – litt meir kvinneleg

Eg er sanneleg ikkje sikker pÃ¥ den eksakte ordleggjinga, men Lindex har jo lenge reklamert med at dei er litt meir kvinneleg. Utan at dei nemner kven eller kva dei samanliknar seg med, men nett no har eg lyst til Ã¥ tolka dette som at ein person iført varer frÃ¥ Lindex er meir kvinneleg enn nÃ¥r vedkomande ikkje er iført desse varene. Grunnen er nemleg eit besøk eg nyleg gjorde i ein Lindex-butikk…

Ikkje overraskande var det jo ein del fint og feminint tøy der, men eg var ikkje ute etter noko slikt denne gongen. Søte sokkar, spennande strømper, fint undertøy – men det er jo likevel ikkje noko som skiller seg sÃ¥ særleg ut frÃ¥ andre klesbutikkar. Likevel, det var i undertøysavdelinga eg sÃ¥g noko som nok kunne skilta med Ã¥ gjera meg litt meir kvinneleg.

To ting som i relativt sterk grad seier «kvinne» er hoftene og puppene. Blant dei som har noko Ã¥ skilta med av det sistnemnde finst det push-up BH-ar, mens dei som har mindre treng litt ekstra hjelp. Og at det finst ulikt Ã¥ fylle ut litt ekstra i ein BH med, det er heller ikkje noko stor løyndom. Det er alt i frÃ¥ formpressa skumgummi til silikonputer som aukar cup-storleiken. Og dette fann eg jo der, no som tidlegare. Men eg fann òg noko eg kun har sett pÃ¥ nettet før, pÃ¥ stadar som rettar seg mot transar. Eg fann falske brystvorter.

Vel, kvifor ikkje? Det kan vel vera pirrande for nokon ein kvar Ã¥ ha konturen av eit par framtredande brystvorter under toppen, like mykje som litt større pupper…

Likevel, slagordet «litt meir kvinneleg» fÃ¥r etter kvart ei litt anna tyding for meg no, nÃ¥r Lindex sÃ¥ smÃ¥tt byrjar Ã¥ gÃ¥ transebutikkar etter i næringa. :wink:

Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    September 2007
    M T W T F S S
    « Aug   Oct »
     12
    3456789
    10111213141516
    17181920212223
    24252627282930
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Steller du neglene dine?
    (Du kan velgje maks 6 svar)

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster