Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for September 22nd, 2007

Dum som eit brød?

Eg er litt sjokkert eg. Sjokkert over kor dumt tilsynelatande vaksne menn kan oppføra seg. Det har å gjera med noko så daglegdags som å handla daglegvarer.

Fleire har sikkert lagt merke til varer som ligg på feil plass rundt om i butikklokala, varer som kundar finn ut dei ikkje vil ha likevel. Litt irriterande kan det kanskje vera, men men. Litt kjedelegare å oppdaga forlatte handlekorger/handlevogner i området rundt kassaapparata (der det gjerne er lange køar i slike tilfelle) men det er ikkje så ofte eg ser. Så lenge det ikkje er snakk om kjøle-/frysevarer så er det jo heller inga skade skjedd. Varene er i god behald.

Men i dag… Vel, eg hadde funne fram varene eg skulle ha, og stilte meg i ein kø der det sÃ¥g ut til Ã¥ vera fÃ¥ varer som skulle handlast. Det burde gÃ¥ raskt; han som stilte seg i køen framfor meg hadde berre eit brød og nokre pastillar. Likevel, det tok ikkje lange stunda før mannfolket byrja Ã¥ visa teikn til Ã¥ vera litt utÃ¥lmodig. Nokre sekund til og han kom med eit irritert grynt, men i staden for Ã¥ leggja varene frÃ¥ seg i t.d. avisstatived attmed seg og gÃ¥, sÃ¥ slengde han dei i frÃ¥ seg pÃ¥ golvet og gjekk. Det var nokre som stirra etter han dÃ¥…

No var det ei lita jente som var flink og gjorde det vaksne mannen ikkje greidde, og plasserte brødet i avisstativet, sÃ¥nn at det var ute a vegen. Hadde han gjort det sjølv kunne eg trudd han hadde det veldig travelt og allereie var alt for seint ute, men som det er har eg ikkje særleg høge tankar om han. Kven han no er…

1 comment