Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for September 21st, 2007

Det me ikkje likar, bør ingen få lov til

Som enkelte av dei som er innom bloggen min har lagt merke til, har eg ei avstemming gåande på sida her, med nye spørsmål no og då. No for tida har eg hatt spørsmålet om sminke for menn framme (det går fint an å stemme på dei som er i arkivet òg) og resultata der forundrar meg ærleg talt lite grann.

No skal eg ikkje gjera meg viktigare enn eg er og dra så bastante haldningar ut av denne statistikken, for så mange er det ikkje som stemmer. Eg har nok alt for få besøkande til det. Likevel, eg undrar meg altså litt.

SpørsmÃ¥let er kort og godt om me bør fÃ¥ sminke for menn. Ikkje heilt uventa (vil eg tru) er det eit fleirtal som er positive til dette av dei som er innom her. Og stemmer. Dei resterande vil helst ikkje eller slett ikkje ha noko av dette. Ingen har kryssa av for at det er det samma for dei – og det er det som overraskar.

At dei som kunne tenkja seg Ã¥ bruka sminke sjølv, eller vil at mannen/kjæresten skal bruka det, er positive er naturleg nok. At mange er skeptiske til Ã¥ bruka sminke sjølve overraskar heller ikkje, men at ingen av desse synest det er det same kva andre mÃ¥tte gjera, det overraskar. For det er jo det som ligg i valget “Samma for meg.” Kan det ha vore litt mistydingar ute og gÃ¥, at ein del av dei som har vore negative har stemt ut i frÃ¥ kun seg sjølve og ikkje kva menn generelt burde kunna gjera, eller er det litt fordommar Ã¥ spora her?

Uansett, det er jo stadig mogeleg å påvirka resultatet, både på denne avstemminga og dei tidlegare som er i arkivet.

Comments are off for this post