{29. September, 2007}   Skriv du som ein mann eller ei dame?

Eg kom over ein test her om dagen, som baserer seg på resultata frå nokre israelske forskarar om ulikskapane i tekstar skrivne av menn og kvinner. Det viser seg at menn og kvinner ordleggjer seg på ulikt sett for å formidla det dei vil, og dette kan kjennast att på bestemte nøkkelord i tekstane. Nøkkelorda vert vektlagde ulikt, og ved hjelp av ein algoritme som baserer seg på desse nøkkelorda og talet på ord i teksten så kunne kjønnet på forfattaren bestemmast 80% sikkert.

Testen eg tok baserer seg på engelske tekstar, men sidan eg har skrive ein del engelsk opp gjennom åra så hadd eg noko materiale å ta av her. Eg prøvde meg med ein del ulike tekstar, og kjønnet eg i følge teksten skal ha er… Sånn rundt om halvparten mann og halvparten kvinne. Passande?

No kunne det vore artig å hatt denne testen for norsk språk, men det er nok ikkje heilt rett fram å tilpassa han norsk. I alle fall ikkje med mine kunnskapar. Likevel, til de av dykk som har nokre tekstar på engelsk: Ta testen, og fortel kor godt det stemmer overeins, då. :)

Liknande innlegg:
Oppdatert ⇐ ⇒ Transedans


Alf Ivar Tronsmo skriv:
Gravatar

Damn…
Female Score: 354
Male Score: 322

Jeg er en Mann for pokker :shock:



Odin / Velmont skriv:
Gravatar

Hmmm. Sers skeptisk. Han fungerer nok ikkje so godt på oss som ikkje hev engelsk til morsmål. Hadde vore moro å laga noko slikt til norsk òg. Det såg jo ganske enkelt ut. Men um me ikkje berre kann omsetja «around» til «rundt» og «where» til «kvar» so vert det nok vanskelegare ja :P

Men eg trur han fungerer dårleg i og med at eg ikkje er ein van engelsk-skribent.

Female Score: 588
Male Score: 572

Systemet trudde eg altso var jenta.



Monica skriv:
Gravatar

Kanskje det er eit teikn på at det er ein spesiell grunn til at de blir dregne mot denne bloggen? :wink:

Men altså, ein av fem gongar skal statistisk sett ta feil om kva kjønn de er, så dei neste fire forsøka bør gå betre. Så sant den indre kvinna i dykk ikkje er særs ivrig skribent, då…



Genese skriv:
Gravatar

Mann 253, kvinne 79. Joda, det ble riktig. Men det må være tekst av en viss lengde, og på engelsk.



abre skriv:
Gravatar

Fikk (svak) dame-score på én del av en tekst, og klar manne-score på en annen del av samme tekst. Selv kunne jeg ikke se noen forskjell i stil eller ordvalg.



Odin / Velmont skriv:
Gravatar

Eg hev teke lange testar som skal seia um ein er jenta eller gut, båe på thespark på netet - men òg på teknisk museum i London.

Resultatet av desse testane er alltid: «du er veldig sannsynleg ei jenta».
Den fyrste jenta som viste (litt større) interessa i meg, (og som på ein måte var fyrste «kjærast») var bifil med flest jente-kjærastar.
Eg hev òg vorte spurt ut på stemnemøte av ein gut. Hehe. :]
Hadde mange fleire jentevener enn gutevener då eg var liten, jenter var enklare å forstå og prata med.

Eg tenkte mykje på det då eg var mindre, men aldri no. Var vel kannhenda mest tilfeldig ;]



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    September 2007
    M T W T F S S
    « Aug   Oct »
     12
    3456789
    10111213141516
    17181920212223
    24252627282930
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Du kan byte kjønn nett når du vil ved å tenke på det. Du ville:

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster