Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for October, 2007

Tvetydig kjønn

Eg kom over ein liten episode i det vanlege lesestoffet mitt i dag, der det vart sagt om ein nyfødd baby: There don’t seem to be any sex organs. Male or female. SÃ¥ kva gjer ein i slike tilfelle? Eg kan berre støtta meg til det eg har lese tidlegare her, og i følgje det var det tidlegare vanleg Ã¥ operere desse borna ganske tidleg. Dei fekk dÃ¥ helst kjønnskorrigerande operasjon kvinneleg kjønnsorgan, sidan dette var enklast.

Grunnen til å gjennomføra tidlege operasjonar var jo med tanka på borna sitt beste. Dei skulle få oppleva ein normal barndom, og ikkje vera ulike dei andre borna, med dei eventuelle negative følgjer dette kunne ha. Dessutan, teorien var at det var oppsedinga av borna som avgjorde om dei ville kjenna seg som gutar eller jenter i oppveksten. Dr. John Money hadde jo òg gjennomført eit inngrep på ein av to tvillinggutar som hadde fått øydelagt penis ved rutinemessig omskjering, og denne guten vart oppseda som jente. Det var faktisk ein suksesshistorie, som viste at det biologiske kjønnet ikkje spelte ei rolle. Borna sin kjønnsidentitet kunne formast.

Vel, det var slik i følgje dr. Money, i alle fall. Guttungen sjølv fann seg aldri til rette som jente – han kjende seg alltid annaleis. At han eigentleg var gut. Den historien fortalde ikkje dr. Money, sjølv lenge etter at det vart kjent. Diverre, for det har nok ført til at mange med uklÃ¥re kjønnsorgan feilaktig har fÃ¥tt kjønnskorrigerande operasjon til jenter, sidan det var dr. Money sin historie som var kjent innan legestanden.

I dag er det visst helst slik at ein ventar med operasjon, til det blir klart kva kjønn barnet identifiserer seg som. Og det gir nok det beste resultatet for alle til slutt.

Det minnar meg om eit sitat frÃ¥ Monty Pythons Meningen med livet: “- Vart det gut eller jente? spør den nybakte mora. – Er det ikkje litt tidleg Ã¥ pressa barnet inn i samfunnet sine forventningar til kjønnsroller enno? svarar legen.” (Fritt etter minnet.)

Comments are off for this post

Ikkje

NÃ¥r ein ser ordet “ikkje” sÃ¥ tenkjer ein kanskje pÃ¥ at det er noko ein ikkje bør gjera – men eg gjer det likevel eg.

Det har seg nemleg slik at dette ordet har dukka opp ganske mange gongar i statistikken min, over ord som er brukte i søkemotorar for Ã¥ finna mine sider. Kun ordet “ikkje”, heilt for seg sjølv. Godt inne pÃ¥ topp 10-lista over populære søkeord. Akkurat kva dei er ute etter dei som søker etter dette veit eg ikkje, men eg vil no likevel gjera mitt til at dei finn noko om akkurat ordet “ikkje”:

ikkje, kan verta avstytt til kje. Nektingsadverb.

Ordet kan nyttast til å laga samansette ord med bindestrek, der meininga blir den motsette, som t.d. diskriminering, ikkje-diskriminering.

Til vanleg stÃ¥r nektingsadverbet ikkje mellom infinitivsmerket og infinitiven: Eg skal prøva Ã¥ ikkje vera sÃ¥ sein. Men det kan òg stÃ¥ føre infinitivsmerket: Eg skal prøva ikkje Ã¥ vera sÃ¥ sein. I slike tilfelle gjeld det Ã¥ ikkje vera tvitydig, som desse døma er: Det gjeld ikkje Ã¥ gÃ¥ raskaste vegen … Eg lovar ikkje Ã¥ søkja stillinga som leiar …

I at-setningar kan ikkje stÃ¥ anten føre eller etter det tidsbøyde verbet: Eg lovar at eg ikkje skal vera for sein … Eg lovar at eg skal ikkje vera for sein.

NÃ¥r det gjeld uttale, sÃ¥ skal ordet “ikkje” uttalast med ein kj-lyd. Det virkar logisk, men enkelte har problem med det, og blandar med sj-lyden. I min dialekt er ikkje dette eit problem, dÃ¥ kj-lyden her er meir som ch-lyden i det engelske ordet cheap. Han minnar òg mykje om tj-lyden i ordet tjukk. Eg veit enkelte vil rynka pÃ¥ nasa over dette, men me unngÃ¥r i alle fall problemet med at folk trur dei sel kjelen sin til djevelen for Ã¥ oppnÃ¥ gode resultat…

Comments are off for this post

Auga for auga

Alt eg vil med denne posten, er å dela. Det er så hyggeleg når andre deler gode lenker og opplevingar med meg, så eg må gjera ei teneste igjen, synest eg. Eg vil dela ei lenke.

Som eg har nemnd tidlegare så likar eg SF og Fantasy, og éin nettstad eg har glede av med tanke på dette, er 365 tomorrows. Som namnet hintar om er det ein ny, kort historie kvar dag, innan Science Fiction-sjangeren. Veldig greitt å abonnere på feed-en der.

Eg kom nett pÃ¥ det, dÃ¥ eg gjekk tilbake og leste ein litt eldre historie, Eye For An Eye, og tenkte at slikt skulle eg kunna hatt her òg…

Comments are off for this post

Diskofil — Da Johnny Ble’ til Conni

Tid for litt god, gammal disko her, med ny tekst til melodien Y.M.C.A.

Comments are off for this post

Meme: 7 ting om meg

Eg fekk først utfordringa frÃ¥ bza om Ã¥ skriva 7 ting om meg sjølv – gjerne med den vrien at eitt av punkta ikkje stemmer. Seinare kom wander med den same utfordringa, dog utan den ekstra vrien. Diverre har eg vore for sjuk fram til no til at eg har greidd Ã¥ setja meg ned og skriva mine eigne 7 punkt, men no kjem dei altsÃ¥.

1. Eg er ei potet. Eller, eg kan i alle fall brukast som ei. Eg har arbeidd som lærar, kontorassistent, programmerar, databaseutviklar, grafikar… Ganske allsidig.

2. Eg studerer ikkje lengre, men eg har stadig eit studentkort frå universitetet i Stavanger som seier at namnet mitt er Monica Lie.

3. Eit par produkt eg har laga har ved eit par tilfelle blitt brukt i svindel. Vellukka svindel, det eg har sett…

4. Eg føretrekk å lesa Fantasy og Science Fiction.

5. Det var ein gong snakk om at eg kunne få ein historie publisert i ein antologi i USA. Det vart dog aldri noko av.

6. Eg teiknar sjølv julekorta eg sender, og det har eg gjort i… ganske mange Ã¥r etter kvart.

7. Eg reiste ein gong på ferie til Portugal på grunn av ein spøk.

SÃ¥nn, det skulle vera mine sju punkt. Og, som i oppfordringa eg først fekk, er det eitt av dei som ikkje er heilt sannferdig – men kva for eitt…?

SÃ¥ var det Ã¥ senda vidare oppfordringa, dÃ¥… Tenker eg satsar pÃ¥ Odin og Rebecca og Helge.

6 comments

Ulogisk?

Ein tanke slo meg brÃ¥tt her eg sat og filte neglene mine: Det seiest at kvinner frys lettare enn menn – i alle fall er det det eg har høyrt fleire gongar. Er det ikkje dÃ¥ litt ulogisk at i selskap, fine tilstellingar og slikt, sÃ¥ kler kvinnene seg lett og tynt, gjerne viser ein god del hud, mens menn kler godt pÃ¥ seg, gjerne i fleire lag (skjorte, vest, jakke – gjerne i tungt stoff) slik at minimalt med hud visest?

3 comments

Harisu – Liar

Me tek turen austover att, til Korea og artisten Harisu.

Comments are off for this post