{29. September, 2007}   Skriv du som ein mann eller ei dame?

Eg kom over ein test her om dagen, som baserer seg på resultata frå nokre israelske forskarar om ulikskapane i tekstar skrivne av menn og kvinner. Det viser seg at menn og kvinner ordleggjer seg på ulikt sett for å formidla det dei vil, og dette kan kjennast att på bestemte nøkkelord i tekstane. Nøkkelorda vert vektlagde ulikt, og ved hjelp av ein algoritme som baserer seg på desse nøkkelorda og talet på ord i teksten så kunne kjønnet på forfattaren bestemmast 80% sikkert.

Testen eg tok baserer seg på engelske tekstar, men sidan eg har skrive ein del engelsk opp gjennom åra så hadd eg noko materiale å ta av her. Eg prøvde meg med ein del ulike tekstar, og kjønnet eg i følge teksten skal ha er… Sånn rundt om halvparten mann og halvparten kvinne. Passande?

No kunne det vore artig å hatt denne testen for norsk språk, men det er nok ikkje heilt rett fram å tilpassa han norsk. I alle fall ikkje med mine kunnskapar. Likevel, til de av dykk som har nokre tekstar på engelsk: Ta testen, og fortel kor godt det stemmer overeins, då. :)

Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    September 2007
    M T W T F S S
    « Aug   Oct »
     12
    3456789
    10111213141516
    17181920212223
    24252627282930
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Du kan byte kjønn nett når du vil ved å tenke på det. Du ville:

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster