Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for the 'Kvardagsglimt' Category

20 kroner

Det er ikkje sÃ¥ mykje du kan fÃ¥ i dag for 20 kroner, seiest det. Ikkje fornuftige ting. Skjønt — kanskje det kjem an pÃ¥ korleis du investerer pengane? Følgjande episode tok stad i den perioden dÃ¥ eg hadde litt vel store problem med PC-en min, sÃ¥ eg har ikkje vore i særleg humør til Ã¥ rabla ned dette før no, hyggeleg som det elles er.

PÃ¥ enkelte arbeidsstadar har dei av og til vinlotteri – sÃ¥ òg der eg arbeider. No trur du kanskje at eg vann ei flaske vin for desse 20 kronene, sidan eg finn det verd Ã¥ skriva om denne episoden. Men det stemmer nok ikkje heilt, sÃ¥ berre ta det med ro og les vidare.

Men eg kjøpte altsÃ¥ lodd. For 20 kroner — i dette lotteriet vil det seia to lodd, og eg funderte lenge pÃ¥ kva loddbøker eg skulle ta lodda frÃ¥. Med fire ulike fargar Ã¥ velgja mellom var ikkje det ei lett oppgÃ¥ve — veka før hadde eg kjøpt rosa lodd, men dÃ¥ var det berre blÃ¥ som vann. Men grøn var òg ein fin farge. Det vart eitt blÃ¥tt og eit grønt lodd pÃ¥ meg denne gongen, for Ã¥ spre kapitalen litt. VÃ¥r betrudde kollega fór ut før lunsj og kjøpte inn vin for pengane som kom inn.

Vel, lunsjtida kom, og me samla oss alle rundt lunsjbordet — samtidig. Litt uvanleg det, men sÃ¥ er det ikkje kvar dag det er loddtrekning, dÃ¥. Lodda vÃ¥re hadde ma lagt pÃ¥ bordet framfor oss, slik at me lett kunne sjÃ¥ om me hadde vunne, og det var tid for Ã¥ trekka. Ein av oss vart plukka tilfeldig ut til Ã¥ trekka første loddet, og sÃ¥ ville vinnaren trekka neste lodd.

Ei flaske vart vunne, sÃ¥ vann sidemannen mi ei, og han trekte neste. Og jammen santen, sÃ¥ vann han ikkje pÃ¥ loddet han sjølv plukka ut. 2 vinflasker pÃ¥ rappen! No hadde han rettnok kjøpt lodd for meir enn 20 kroner dÃ¥, men det var no bra utteljing likevel. SÃ¥ plukka han opp enno eit lodd frÃ¥ skÃ¥la eg heldt opp — og denne gongen vart vinnaren meg. Jada, eg veit eg sa eg ikkje vann ei flaske for dei 20 kronene mine, men ber over med meg — eg mÃ¥tte jo halda pÃ¥ spenninga litt… 😉 SÃ¥ var det min tur Ã¥ trekka. Eg rota rundt nedi skÃ¥la og sÃ¥g etter kva nummer det var, sa det høgt, men mÃ¥tte berre le litt. Nei, det var ikkje sidemannen som hadde vunne enno ei, som nokre lurte pÃ¥, men eg mÃ¥tte jo følgja opp eg og. Det var det andre loddet mitt som hadde slÃ¥tt til…

Resten av flaskene vart spreidd jamt rundt bordet, men eg hadde altså fått full pott på mine to lodd. Det er vel ikkje så aller verst? Synest det var ei bra investering eg, denne gongen.

PS. Flaskene er ikkje opna enno, sÃ¥ om det er ei søte jente som har lyst Ã¥ dela dei med meg over ein romantisk middag… 😉

Comments are off for this post

Guteleiker?

porsche 356Eg var i leikebutikkar i gÃ¥r for Ã¥ kjøpa ein presang til eine nevøen min — det er jo slikt eg gjerne gjer nÃ¥r dei har fødselsdagar. Ikkje uventa var eg ikkje Ã¥leine i butikkane — det var òg ein del ungar der, med og utan foreldre. Ungane ville sjølvsagt ha masse av det dei sÃ¥g, og bønene om Ã¥ fÃ¥ det eine eller andre var meir eller mindre vellukka. Helst mindre.

Dei som fekk meg til Ã¥ tenkja litt var foreldrene som var ute med dotter si. Ho var vel rundt 3-4 Ã¥r, og skulle tydlegvis fÃ¥ eitt eller anna, sÃ¥ dei vandra rundt mellom reolane for Ã¥ finna noko passande som ho ville ha. Dei vanlege innvendingane var der jo — det var for dyrt, eller det passa meir for dei som var eldre. Men sÃ¥ var det noko jentungen likte, men som mora ikkje syntest noko om. “Det er guteleiker. Det er sÃ¥nt som gutane leikar med,” sa ho, og for bestemt vidare. “Og jenter,” prøvde faren seg med, men mora var like bestemt pÃ¥ at det der var guteleiker, og slikt noko skulle ikkje jenta ha.

Det var visst ikkje sÃ¥ farleg for jenta, ho traska glad vidare etter mora og sÃ¥g pÃ¥ nye ting. Eg for min del var nyfiken pÃ¥ kva det var som hadde skapt sÃ¥ store reaksjonar, sÃ¥ eg kikka rundt hjørna pÃ¥ reolen og fann — bilar. Det var dyre, radiostyrte bilar for litt eldre ungar, sÃ¥ bÃ¥de pris og alder kunne vera grunn til Ã¥ seia nei, men i staden var det det at det er guteleiker som var det viktige.

Eg kunne i første omgang ikkje forstÃ¥ kvifor det skulle vera sÃ¥ farleg om jenta likte bilar/guteleiker — særleg ikkje i vÃ¥re dagar nÃ¥r det er lagt sÃ¥ mykje vekt pÃ¥ likestilling, like rettar og like mulegheitar. Rettnok har opphavet mitt fortalt meg at dÃ¥ eg var liten, sÃ¥ var den populære pedagogiske haldninga at gutar og jenter skulle fÃ¥ leika med dei same leikene — det skulle ikkje gjerast forskjell. Det var ikkje ein særleg vellukka pedagogikk… Eg hugsar at eg fekk plukka ut ei dokke til meg sjølv, men eg kan ikkje hugsa at eg nokon gong leika med ho. Men det er ein forskjell pÃ¥ Ã¥ gi tradisjonelle jenteleiker til gutar og vice versa fordi det skal vera pedagogisk fornuftig, og Ã¥ gjera det fordi ungane har lyst pÃ¥ det. I sistnemnde tilfelle er det interesse til stades.

Når det så er slik at t.d. ei jente har interesse for såkalla guteleiker, er det då rett å nekte ho det? I så fall, kvifor? Eg er nyfiken på kva haldningar ein legg til grunn, og kva haldningar ein i slike tilfelle lærer vidare til ungane. For å ha det sagt: La no ungane leika med det dei vil, meinar eg.

5 comments

Shopping spree

I samband med diktet “I am” i førre post, sÃ¥ tenkte eg eg skulle fortelja litt om kor gøy det har vore Ã¥ bruka ein del av mine surt oppsparte pengar dei siste mÃ¥nadane. For det har det faktisk vore — ikkje fordi eg ikkje greier Ã¥ halda pÃ¥ pengar, men fordi eg har fÃ¥tt sÃ¥ mykje att for dei.

Det er nemleg ein butikk her i byen som har eit slags avslutningssalg. Dei byrja i sommar med det, og skal halda fram til jul. Eller, i alle fall til jul, var det siste eg høyrde. Dette er jo eigentleg ganske lenge for eit salg — godbitane pleier jo Ã¥ forsvinna raskt, og sÃ¥ sit ein igjen med massevis av ukurante storleikar, som XS og S… Det er ikkje akkurat slik her — her kjem det nye klede inn heile tida, og sÃ¥ vert dei lagt ut for salg meir eller mindre med ein gong. DÃ¥ er det gøy!

Det kan sikkert nemnast ein del om kor stor avanse ein vanlegvis tek pÃ¥ kleda for at slikt skal gÃ¥ an Ã¥ gjera i sÃ¥ lang tid, men for min del er det mest interessante no at det er mulig Ã¥ fÃ¥ tak i fleire komplette antrekk for nokre fÃ¥ hundrelappar. Og det har eg fÃ¥tt — mange flotte antrekk, og full valuta for pengane. Men sÃ¥ er eg innom ein gong eller meir i veka òg dÃ¥, og ser om det er nye prisar eller nye plagg som freistar. Av og til er det det, andre gongar ikkje.

SÃ¥ klart, sjølv om det er billig, sÃ¥ kan eg ikkje kjøpa alt eg kunne tenka meg heller. Diverre. Men likevel har det blitt ein god del pÃ¥ meg der — og meir vil det nok bli. Det er ei stund til jul 😉

2 comments

Nuppefjerning og uheldige konsekvensar?

Eg kjøpte meg ein nuppefjernar på måndag. Grunnen til det kunne eg finna i sengetøyet.

Det har seg namleg slik at eg har eit sengesett i sateng, “silk look” eller kva det no heiter. Fint og glatt er det i alle fall, og ganske behageleg Ã¥ liggja i. Slik var det før investeringa i ein nuppefjernar òg, med unntak av heilt nede med beina — der var det sÃ¥ mange nupper at stoffet var ganske ru, og slett ikkje behageleg. Ikkje akkurat som sandpapir, men eg tok meg i Ã¥ kjenna etter om huda mi var fin eller ikkje, kvar gong eg brukte det settet.

Denne gongen var det nok, eg var lei nuppene. MÃ¥ndag kveld sette eg i gong med opprenskinga, og nuppefjernaren fekk skikkeleg kjørt seg. DÃ¥ eg var ferdig, var nuppene vekke, og sengetøyet var glatt og fint igjen. Ved sengetid kunne eg knapt tru mine eigne bein — før og etter nuppefjerning var som natt og dag; no var det inga ekkel skrapekjensle lengre nÃ¥r eg rørde beina. Ah, det ville bli ei god natt.

Dei uheldige konsekvensane? Vel, eg sov ein halvtime lengre enn eg burde i gÃ¥r. Er det ein samanheng? I sÃ¥ fall har eg ikkje vant meg til Ã¥ sova sÃ¥ godt glatt og behageleg enno, for jammen santen sov eg ikkje ein halvtime lengre enn eg burde i dag òg. Muleg det kan ha noko Ã¥ gjera med leggjet… Nei — det er nok nuppefjerninga som gjer det!

2 comments

Det gjekk fort!

Raude støvlettar med høge stiletthælarEg har for ikkje sÃ¥ alt for lenge sidan skrive om skofrustrasjonar. Dagens tema er ikkje sÃ¥ mykje om frustrasjonar — vanlegvis. Det handlar nemleg om sÃ¥lar, og dei vert som kjent slitte etter kvart som skorna og støvlettane vert brukte. Heilt normalt, og skomakaren fÃ¥r besøk no og dÃ¥ for Ã¥ halda fottøyet ved like. NÃ¥r hælane pÃ¥ fottøyet vert mindre blir tyngda konsentrert pÃ¥ eit mindre punkt (elementær fysikk) og slitasjen vert større. NÃ¥r det er snakk om stiletthælar, sÃ¥ mÃ¥ nesten den vesle sÃ¥len bli sett pÃ¥ som forbruksvare.

Dog.

Forbruket kan kanskje bli i største laget, av og til? Når det varer i to veker før skomakaren får besøk igjen, då er det litt frustrerande, og for min del på tide å sjå etter måtar å skjera ned. Kanskje ein ståltipp kunne vera tingen, i staden for vanleg gummisåle? (Eller kva dei no er laga av.) Metallet skulle i alle fall vera meir slitesterkt.

Joda, skomakaren kunne gjerne gjera det han, og det vart ikkje noko dyrare, men — ei lita Ã¥tvaring ville han no gje meg: Støvlettane ville bli glattare Ã¥ gÃ¥ pÃ¥, særleg pÃ¥ fliser, og det ville vera lettare Ã¥ gli og detta. Fleire hadde erfart det. Hmmm. Eg brukte litt tid pÃ¥ Ã¥ tenka meg om, men bestemte meg for uansett Ã¥ ta sjansen. Eg leverte dei inn torsdagen, og henta dei att etter arbeid pÃ¥ fredag. Skomakaren rÃ¥dde meg til Ã¥ bruka sÃ¥nne ekstra hetter pÃ¥ hælane (normalt for Ã¥ verna golva mot merke) slik at dei ikkje skulle vera sÃ¥ glatte, og sÃ¥ ville dei jo òg dempa lyden. slik at det ikkje vart sÃ¥ høge smell nÃ¥r eg gjekk. Dessutan var det jo litt ekstra slitestyrke i dei, òg. Joda, det var greitt for meg, eg tok gjerne eit par slike òg.

Eg gjekk heim og sette frå meg alt eg bar på, skreiv ferdig eit brev og la ved i ein pakke eg skulle posta, og fór ut att. Denne gong med nysåla støvlettar på beina, og musikk på øyrene.

Eg hadde ikkje gÃ¥tt meir enn 2-3 minutt før eg la merke ein godt høyrbar, klakkande lyd i takt med venstrefoten min. Det var slik at eg mÃ¥tte kikka ned for Ã¥ sjÃ¥ at hetta satt pÃ¥ plass pÃ¥ hælen — og det gjorde ho. Vel, eg berre trakk mentalt pÃ¥ skuldrane og fortsette Ã¥ gÃ¥, og muren eg gjekk attmed gav bra med gjenlyd. Spaserturen gjekk roleg vidare til posten, og eg la merke til at begge hælane var like høglydte, og begge hettene var pÃ¥. Og likevel var dei ikkje meir stille? Jaja.

Posten fekk sitt, eg stakk innom Popin og bytta ut ein 100-lapp med eit par gensrar og ein topp før eg vende nasa heimover att. Hælane heldt lojalt ut og let meg ikkje gløyma at dei var der, sÃ¥ dÃ¥ eg kom inn heime, tok eg av meg støvlettane og sÃ¥g etter korleis hettene tok seg ut. Og joda, sÃ¥len pÃ¥ hettene var fin den, og nesten ikkje sleten i det heile. Problemet var i baksida av hetta: MetallsÃ¥len pÃ¥ hælane hadde gnage seg hol der og teke turen ut i friluft. Klart dÃ¥ at det var lett Ã¥ høyra nÃ¥r eg gjekk — eg gjekk jo rett pÃ¥ metalltuppane.

Men — det var jo det eg ville ha. Dei tuppane vil nok halda ei god stund til, i motsetnad til hettene, for dei gjekk an fort. MÃ¥ vel nesten vera rekord? 😉

2 comments

Gravid? Eg?

Gravid kvinne i profilEg vart teken for Ã¥ vera ei dame. Det er smigrande nok det, men…

For Ã¥ ta situasjonen frÃ¥ byrjinga: Eg kom til busstoppen, bærande pÃ¥ ei lang pakke frÃ¥ IKEA. Eg har lakkerte negler pÃ¥ tær og fingrar, høghælte sandalar, skjørt og genser. Ingen pupper, men til gjengjeld har eg ein del skjeggstubbar – slikt som ein fÃ¥r nÃ¥r ein ikkje barberer seg ein dag. PÃ¥ busstoppen stod det ei (søt) dame frÃ¥ før, og me byrja no Ã¥ snakka litt. Litt uti samtalen spør ho, pÃ¥ litt gebrokkent norsk, om eg er norsk. Og jo, eg mÃ¥tte no innrømma det. Deretter peikar ho pÃ¥ magen min, og lurar pÃ¥ om eg er gravid…

No kunne eg jo ikkje anna enn Ã¥ ta det med godt humør dÃ¥ – eg fÃ¥r heller sjÃ¥ om eg greier Ã¥ ta det som ein ekstra, liten spore for Ã¥ slanka meg litt. Sjølv om eg ikkje er sÃ¥ tjukk, i følgje andre… (Er berre litt tynn elles, utanom pondusen.)

Men eg har tenkt litt i ettertid, pÃ¥ korleis ho har tenkt; “Norske menn gÃ¥r ikkje i skjørt, vedkommande er norsk, ergo mÃ¥ det vera dame” – kanskje? Rettnok kan eg med todagarsskjegg sjÃ¥ ei dame i spegelen sjølv, men at andre skulle gjera det? Uansett, bussen hennar kom dÃ¥, sÃ¥ vÃ¥r tid saman var over. Det siste ho sa var rett nok “Snakkest” – men eg har ikkje sett ho seinare, sÃ¥ sjølv om eg gjerne skulle ha snakka meir med ho sÃ¥ har ikkje det skjedd.

3 comments

Torturinstrumentet

HÃ¥rlause leggarEg hadde sjølvsagt høyrt historiane, om lang, smertefull tortur. Kvinnene som orka fortelja om opplevingane sine (for det var alltid kvinner som var offer) pakka ikkje hendingane inn i bomull, men fortalde om smertene i detalj. Eg kunne uttrykka min sympati, men tanken om at det same kunne henda meg sveiv meg ikkje. Likevel, no var eg i nett same situasjon. Naturleg nok var eg ekstremt uroleg dÃ¥ torturinstrumentet — velkjent frÃ¥ overleveringar — sakt men sikkert nærma seg den nakne huda mi. Uvillig til Ã¥ lukka augene beit eg tenna saman og venta pÃ¥ kontakt…

Faktisk, sÃ¥ vart eg litt skuffa. Her hadde eg forberedt meg i lang tid, klargjort kjølebag og eit “nybyrjarhovud” til epilatoren — og alt eg kjende var nokre kitlande stikk dÃ¥ eg byrja Ã¥ epilere leggen min. Kvar var smertene? OK, det var innsida av lÃ¥ret som skulle vera det verste, sÃ¥ dÃ¥ eg testa der, sÃ¥ kjente eg — litt kitlande stikk. Ingen smerte. Diverre, med det nybyrjarhovudet pÃ¥ epilatoren var det ikkje mykje framgang heller, sÃ¥ eg bytta resolutt over til dewt normale hovudet.

Og no snakkar me. Med det normale hovudet pÃ¥ plass, sÃ¥ kjende eg — litt kitlande stikk. Kvar var smertene? Terroren? Men i det minste sÃ¥ gjekk epileringa raskare. Eg hadde ikkje planlagt Ã¥ ta bikinilinja, men vekk gjekk den òg, i lag med armar og armholer. Og eg mÃ¥ innrømma, at dÃ¥ eg tok armholene sÃ¥ kjende eg det godt — dÃ¥ var det ikkje snakk om kitling lenger. Men eg fann no ein teknikk, og det gjekk raskt over. SÃ¥ no sit eg her med ein hÃ¥rlaus og glatt kropp, og ser fram til ikkje Ã¥ mÃ¥tta barbere meg igjen etter eit par dagar. Og utan Ã¥ ha opplevd dette som tortur.

Berre sÃ¥nn at eg kan fÃ¥ sova godt med reint samvet i natt, og ikkje vri meg rundt og bada i sveitte frÃ¥ mareritt etter Ã¥ ha lurt uskuldige menneske, sÃ¥ bør eg nemna at eg fortalde ei løgn over her: Eg er eigentleg ikkje skuffa over at eg ikkje følte smerte. Eg er snarare letta…

3 comments

Supermodell, eg?

Dior-reklameEg gjekk berre rundt og kikka dÃ¥ den store sjansen til ære og lovord opna seg for meg. Ã… bli behandla som ei prinsesse, bli frakta rundt i limosin, bli dulla og stelt med av profesjonelle som kan det dei held pÃ¥ med, styla opp og fotografert, stor reportasje om meg og pÃ¥følgjande fanskare og autografskriving — alt kan bli mitt.

Teoretisk sett.

Vel, kanskje ikkje sÃ¥ heilt stor fanskare heller dÃ¥, men pyttsann. Eg gjekk som nemnd rundt og kikka i butikkar, og plukka med meg ei lita brosjyre frÃ¥ Esthetique. Dei og Dior inviterer til Ã¥ bli med i kÃ¥ringa av “Look of the Year” stod det der. Eg stoppa opp og kikka inni brosjyra, og fann ut at det er i samband med lanseringa av diverse nytt frÃ¥ Dior at me i perioden 11. — 23. september kan fÃ¥ lagt makeup hjÃ¥ Esthetique, og (om me ønsker det) bli teke bilete av for Ã¥ bli med i kÃ¥ringa om Ã¥ bli “Look of the Year” og fÃ¥ ein draumedag som modell i Oslo. Ja, kvifor ikkje?

Eg gjekk inn eg og vart vakkert sminka etter alle kunstens reglar og i nye fargar. Plukka opp nokre tips gjorde eg òg, så no kan eg enno litt meir når eg sminkar meg sjølv. Alltid godt å plukka med seg meir kunnskap når ein kan, om både teknikkar, fargar, og gode produkt. Og til slutt så vart eg altså teke bilete av.

SÃ¥ fÃ¥r me sjÃ¥ dÃ¥, korleis det gÃ¥r. Teoretisk sett sÃ¥ har eg sjansen til Ã¥ bli ein av tre som gÃ¥r vidare til finalen i Oslo, og fÃ¥r SPA og ny frisyre og makeup og det, og teoretisk sett sÃ¥ kan eg gÃ¥ av med seieren òg. Er eg heldig med teorien sÃ¥ kan eg altsÃ¥ oppleva Ã¥ vera supermodell, om enn berre for ein dag. 😉

4 comments

Folk er sprø

Jente som fotografererHistorien om korleis eit skjørt kan få folk til å oppføra seg langt utanom det normale.

Dette hende for ei god stund sidan, på ein tysdag. Eg berre nemner det i tilfelle nokon faktisk er interessert i den vesle biten av informasjonen. Nemnde tysdag hadde eg eit ærend i byen, og mens eg gjekk i gatene tok eg igjen ei gruppe menn og kvinner i tjueåra. Utlendingar.

DÃ¥ eg kom opp pÃ¥ sida av dei, kasta ei av jentene eit blikk pÃ¥ meg og deretter skjørtet mitt, før ho fortsette som normalt. I eit sekund eller sÃ¥. Deretter snudde ho seg mot meg, verkeleg sÃ¥g pÃ¥ skjørtet, stoppa opp og hylte av glede (eller noko) som igjen førte til at resten av gjengen stoppa og snudde seg. Vel — eg gjekk ut i frÃ¥ at ho likte skjørtet (eg gjer det, det er difor eg kjøpte det) men det sÃ¥g ut til at det var meir enn berre det;¹ ho gestikulerte mot meg for Ã¥ fÃ¥ meg til Ã¥ stoppa og rota febrilsk gjennom veska si. Til slutt fiska ho opp eit kamera. Ho snakka litt med dei andre og fekk ein av dei til Ã¥ ta eit bilete, medan ho og dei andre stilte seg opp rundt meg. Ho tok òg tak i skjørtet mitt og drog litt i det, slik at detaljane var meir synlege. (Og fekk meg til Ã¥ visa meir av beina i same slengen.)

Resten av dei kunne ikkje vera verre så klart, så det vart teke mange bilete. Ikkje at eg hadde noko i mot det, eg berre hygga meg eg, uansett kor rart det måtte synast å vera. Til slutt så var ikkje jenta som starta det heile heilt nøgd, dog. Ho ville ha eit bilete av kun oss to. Poserande på ein spesiell måte, fann eg ut. Ho fekk meg til å halda posen eg bar på i andre handa, opna glidelåsen i jakka si, tok tak i den no tomme høgrehanda mi og plasserte ho på barmen hennar. Eller puppene, om du vil. På dette punktet kunne eg ikkje anna enn å le høgt, men ho fekk biletet sitt.

Etterpå skildest me og gjekk kvar vår veg. Dei smilande og lukkelege, pratande på eit språk eg aldri forstod eit ord av, og eg gjekk og smålo for meg sjølv, og vinka farvel. Og eg hadde lært ein ting til den dagen: Folk er sprø.

¹) Det kan jo hende at det at eg var mann, og framstod som det, hadde meir Ã¥ seia enn detaljane i skjørtet…

2 comments

“Har du sÃ¥nn?”

Det var nevøen min pÃ¥ fire som spurde. Eg satt i sofaen og kikka i eit Se og Hør dÃ¥ han kom og sette seg attmed meg. DÃ¥ han kikka i bladet kva det var eg satt og leste pÃ¥, stirra Johnny Depp som piraten Jack Sparrow pÃ¥ han frÃ¥ sida; fint sminka og med ein stor øyredobb dinglande frÃ¥ øyreflippen. “Har du sÃ¥nn?” sa fireÃ¥ringen og peika pÃ¥ øyredobben, noko eg mÃ¥tte seia at nei, slik hadde eg ikkje.

Eg bladde meg vidare fram i bladet med nevøen min ivrig kikkande i lag med meg. Han gjentok spørsmÃ¥let sitt pÃ¥ den sida òg, og peika pÃ¥ ei dame, eller heller kjolen hennar. Ein litt spesiell kreasjon, og eg mÃ¥tte igjen innrømma at ein slik hadde eg ikkje. men han gav ikkje opp, peika pÃ¥ neste bilete og gjentok spørsmÃ¥let sitt. “Har du sÃ¥nn?” for ei fin veske og ein ny fin kjole. Men nei, eg hadde ikkje nett slik. Eg hadde noko som likna litt, men ikkje nett slik. Det syntest han eg burde ha — diverre var det ikkje han som kjøpte bursdagspresang til meg litt seinare. 😉

No er det ikkje sÃ¥ rart at han spurte meg om slikt; han har ofte sett meg i dameklede, og vore fascinert over dei lakkerte neglene mine. Tidlegare budde han og foreldrene ikkje sÃ¥ langt i frÃ¥ meg, og dei var jo pÃ¥ besøk hjÃ¥ “onkeline” no og dÃ¥ (og omvendt.) At eg skulle ha dameklede, det er jo dÃ¥ heilt normalt det.

Elles har eg faktisk fÃ¥tt kjøpt meg ein kjole no som slett ikkje er sÃ¥ ulik ein av dei han ville eg skulle ha. 😉

3 comments

« Previous PageNext Page »