Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

«Har du sånn?»

Det var nevøen min på fire som spurde. Eg satt i sofaen og kikka i eit Se og Hør då han kom og sette seg attmed meg. Då han kikka i bladet kva det var eg satt og leste på, stirra Johnny Depp som piraten Jack Sparrow på han frå sida; fint sminka og med ein stor øyredobb dinglande frå øyreflippen. «Har du sånn?» sa fireåringen og peika på øyredobben, noko eg måtte seia at nei, slik hadde eg ikkje.

Eg bladde meg vidare fram i bladet med nevøen min ivrig kikkande i lag med meg. Han gjentok spørsmålet sitt på den sida òg, og peika på ei dame, eller heller kjolen hennar. Ein litt spesiell kreasjon, og eg måtte igjen innrømma at ein slik hadde eg ikkje. men han gav ikkje opp, peika på neste bilete og gjentok spørsmålet sitt. «Har du sånn?» for ei fin veske og ein ny fin kjole. Men nei, eg hadde ikkje nett slik. Eg hadde noko som likna litt, men ikkje nett slik. Det syntest han eg burde ha – diverre var det ikkje han som kjøpte bursdagspresang til meg litt seinare. 😉

No er det ikkje så rart at han spurte meg om slikt; han har ofte sett meg i dameklede, og vore fascinert over dei lakkerte neglene mine. Tidlegare budde han og foreldrene ikkje så langt i frå meg, og dei var jo på besøk hjå «onkeline» no og då (og omvendt.) At eg skulle ha dameklede, det er jo då heilt normalt det.

Elles har eg faktisk fått kjøpt meg ein kjole no som slett ikkje er så ulik ein av dei han ville eg skulle ha. 😉

3 comments

3 Comments so far

  1. Becca August 31st, 2006 18:45

    🙂 morsomt, og ikke minst herlig med de som ikke er full av fordommer 🙂

  2. Anonymous August 31st, 2006 20:13

    Å, er du sånn «onkel fanget i tantekropp» eller omvendt? Fascinerende! Må være deilig å ikke ha noen andre interesser utover seg selv og sin egen navle.

  3. Monica August 31st, 2006 22:28

    Kjære Anonyme, det førekjem meg at du har visse problem når du støter på ting som ikkje er heilt A4? Eller er det berre den ville slutningen du dreg som forvirrar meg?

    Uansett, for å svara på spørsmålet ditt: Nei, eg er korkje tante i onkelkropp eller omvendt. Er relativt nøgd med kroppen min eg. Kunne godt ha vore slankare og hatt problemfri hud og vidare i den duren, men det er no heller vanlege ønske blant fleire.

    Interessene mine – at eg ikkje har skrive om fiske, bilrace eller fotografering (eller andre ting) er ikkje det same som at eg ikkje har interesser. Kanskje dukkar det opp ting frå interessefeltet mitt her i bloggen seinare, kanskje ikkje – det får eg sjå på etter kvart.

Leave a reply

(Antispam - krav)