Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Torturinstrumentet

HÃ¥rlause leggarEg hadde sjølvsagt høyrt historiane, om lang, smertefull tortur. Kvinnene som orka fortelja om opplevingane sine (for det var alltid kvinner som var offer) pakka ikkje hendingane inn i bomull, men fortalde om smertene i detalj. Eg kunne uttrykka min sympati, men tanken om at det same kunne henda meg sveiv meg ikkje. Likevel, no var eg i nett same situasjon. Naturleg nok var eg ekstremt uroleg dÃ¥ torturinstrumentet — velkjent frÃ¥ overleveringar — sakt men sikkert nærma seg den nakne huda mi. Uvillig til Ã¥ lukka augene beit eg tenna saman og venta pÃ¥ kontakt…

Faktisk, sÃ¥ vart eg litt skuffa. Her hadde eg forberedt meg i lang tid, klargjort kjølebag og eit “nybyrjarhovud” til epilatoren — og alt eg kjende var nokre kitlande stikk dÃ¥ eg byrja Ã¥ epilere leggen min. Kvar var smertene? OK, det var innsida av lÃ¥ret som skulle vera det verste, sÃ¥ dÃ¥ eg testa der, sÃ¥ kjente eg — litt kitlande stikk. Ingen smerte. Diverre, med det nybyrjarhovudet pÃ¥ epilatoren var det ikkje mykje framgang heller, sÃ¥ eg bytta resolutt over til dewt normale hovudet.

Og no snakkar me. Med det normale hovudet pÃ¥ plass, sÃ¥ kjende eg — litt kitlande stikk. Kvar var smertene? Terroren? Men i det minste sÃ¥ gjekk epileringa raskare. Eg hadde ikkje planlagt Ã¥ ta bikinilinja, men vekk gjekk den òg, i lag med armar og armholer. Og eg mÃ¥ innrømma, at dÃ¥ eg tok armholene sÃ¥ kjende eg det godt — dÃ¥ var det ikkje snakk om kitling lenger. Men eg fann no ein teknikk, og det gjekk raskt over. SÃ¥ no sit eg her med ein hÃ¥rlaus og glatt kropp, og ser fram til ikkje Ã¥ mÃ¥tta barbere meg igjen etter eit par dagar. Og utan Ã¥ ha opplevd dette som tortur.

Berre sÃ¥nn at eg kan fÃ¥ sova godt med reint samvet i natt, og ikkje vri meg rundt og bada i sveitte frÃ¥ mareritt etter Ã¥ ha lurt uskuldige menneske, sÃ¥ bør eg nemna at eg fortalde ei løgn over her: Eg er eigentleg ikkje skuffa over at eg ikkje følte smerte. Eg er snarare letta…

3 comments

3 Comments so far

  1. Becca September 20th, 2006 21:02

    *hmrf* Det gjør shitvondt!! Kanskje du har en bedre og mere snil modell enn den jeg hadde for 5-6 år siden? Hva slags har du da? (har litt lyst til å kjøpe igjen) men åssen synes du dette er i forhold til å vokse leggene feks?
    klem

  2. Monica September 21st, 2006 23:39

    Eg trur nok hÃ¥rrøtene har meir Ã¥ seia enn kva for ein epilator som blir brukt. Mine hÃ¥rrøter er sikkert grunne dei, i forhold til enkelte andre — har ei venninne som ikkje kan epilere seg pÃ¥ grunn av det. Om ho ikkje har lyst Ã¥ sjÃ¥ litt blod, dÃ¥…

    Voksing har eg ikkje prøvd, så eg kan ikkje seia noko om korleis det er.

    (Men elles er det ein Braun Silk épil eg har.)

  3. Hamskifte May 2nd, 2008 21:08

    […] – om det faktisk er sÃ¥ smertefullt, det stemmer kanskje ikkje alltid i realiteten. Det varierer i alle fall ikkje med kjønnet. submit_url = […]