Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for the 'Kvardagsglimt' Category

Eg skuffar

Tenk deg situasjonen: Du går nedover gata ein sommardag. Kanskje har du nokre posar i hendene og ein bag over skuldra, kanskje ikkje – men det er mindre viktig. Medan du går der, kjem ein mann opp til deg og seier hei. Du kjenner han ikkje, anar ikkje kven han er, men seier no likevel hei tilbake, og legg merke til at han har følgje av ei kvinne. Så vert du litegrann overraska, for det neste han seier er at han er skuffa over deg: Du går nemleg bere forbi dei kvar gong, utan å slå deg ned med dei…

Eg for min del slepp å tenkja meg situasjonen, for det skjedde meg. Rettnok er det ikkje eit heilt ukjent fenomen at ukjente folk seier hei til meg, og til og med kjem bort til meg for å veksla nokre ord, men at dei er skuffa over meg fordi eg ikkje slår meg ned og tek ein øl eller i alle fall ein prat med dei, den var ny.

Eg prøvde å tenkja etter kven andre «dei» kunne vera, utan at eg i første omgang greidde det. Denne ukjente herremannen med dame ville nemleg spandere ei øl på meg, eller noko anna å drikka (sidan eg er så sær at eg korkje drikk øl eller kaffi) men – eg måtte nok skuffa igjen eg… Tilbodet var svært freistande, men det hadde byrja å regna, det vart kjølig (i alle fall sidan eg hadde på meg miniskjørt,) eg byrja å bli svolten, og innhaldet i posane eg hadde med meg burde slett ikkje bli vått.

Veldig dumt, og eg angra nesten litt på det med ein gong, men likevel… Uansett, eg lova at eg ikkje berre skulle gå forbi neste gong. Så får eg berre passa på at eg har tid til å slå meg ned og ikkje berre springa av garde for å gjera diverse ærend før butikkane stenger. 😉

Eg reknar òg med eg veit kven dei andre er no: Ei gruppe menneske eg har slått meg ned og prata med to-tre gongar tidlegare. Stemmer det, så er det i alle fall hyggelege folk. 🙂

2 comments

Kjøpa bøker etter kilopris

Stabelen med bøker eg har kjøpt til kiloprisDenne veka har det vore Sandnesdagar her i, eh, Sandnes. Det har med andre ord vore ei veke med liv i gågata, masse ulike standar og butikkane har hatt fleire gode tilbod. Ja, ikkje berre dei i gågata då. Når det er slik, så blir ein gjerne gåande rundt og sjå litt ekstra, sånn i tilfelle du oppdagar noko gøy du ikkje visste du kunne tenkja deg… 😉

No har det jo òg vore eit ypperleg vêr – stort sett – til å gå rundt slik ute i gata. Lettkledd og nyta sola og softis, sjå på livet, og kanskje finna nokre tilbod du blir litt nyfiken på. Eitt slikt tilbod var det eine bokhandlaren som baud på.

Utanfor nemnde bokhandel var det stilt opp nokre bord der dei hadde bøker til salgs. Ikkje så uvanleg akkurat det, men her var det fleire bøker enn dei pleier stilla ut slik – og så var dei prisa pr kilo. 25 kr/kg og 50 kr/kg. Slikt stiller etter mi meining i klasse med posesalg, så her måtte eg jo berre snusa litt og sjå om det dukka opp noko interessant. No skal det jo seiast, at til ein slik kilopris så kan ting lett bli meir interessante enn det dei opprinneleg var.

Eg fann litt bøker eg. I tre omgangar. Torsdag fann eg litt, jentene i butikken vog opp, og eg betalte for 1,5 kg. Det same skjedde fredagen. Og i dag, då fann eg jammen litt til, denne gongen 860 gram bøker. Så kan du lura då: Kor mange bøker utgjer 3,86 kg? Vel – eg er ikkje heilt sikker eg, for eg la merke til at fredagen så slo dei litt av på vekta. Etter mi vekt her heime, så har eg til saman kjøpt 4,1 kg. Kor mange bøker det utgjer, det kan du sjå av biletet på sida her.

Ser du godt etter på biletet, så legg du kanskje merke til at det er stort sett éin type bøker som har fanga interessa mi. Alle bøkene er òg i same prisklasse, så om eg seier at eg etter mi vekt har fått 6 kroner i avslag, skulle det vera enkelt å finna ut kva kilopris eg har betalt, og kor mykje eg har betalt til saman.

Det skulle i alle fall vera liten tvil om at det ikkje er noko å seia på prisen…

Einaste problemet då er å finna ut kva for ei eg skal starta med. Kom gjerne med forslag 😉

2 comments

Leika med dokker

I dag hadde eg tenkt å ta meg i saman, og få skrive eit veldig seriøst innlegg her, om kjønn og sånt. Eit innlegg eg har utsett og utsett, men kva trur de det er som skjer? Joda, eg set meg ned og leikar med dokker i staden…

Greit nok, der er ikkje akkurat Barbie det er snakk om her, men digitale Candybar-dokker – du lagar dine eigne gute- og/eller jentedokker, med ulik frisyre, ansikt, auge, munn, klede… du kan stilla inn på det meste, og få det til å likna deg sjølv nokolunde. Eg skulle berre sjekka litt raskt kva det var for noko eg, men tida gjekk den…

Meg som dameMeg som mannMeg som mann igjen, fritidskledd

Det vart til at eg laga meg to dokker: Ei av meg som dame, og ei av meg som mann, med to ulike klesskift. Når eg ser på dei, så lengtar eg nok tydleg etter sol og varme no… Og eg har nok pynta litegranne på korleis eg ser ut. 😳

Det dumme med dette er at det ikkje var så heilt lett å lagra dokkene med Opera – eg sendte av garde ei lita melding til Opera-folka i håp om at dei finn ut av dette. Dei er jo flinke til det, både i samarbeid med dei som lagar websidene det er problem med og elles. Klart, om fleire finn ut at dei vil hinta frampå om problem så blir det kanskje prioritert høgare… 😉

Og – no byrja eg å lura på ein ting. Eg veit eg har ein del som er innom sidene mine og les no og då, nokre er sikkert dødsseriøse og veldig opptekne og sånt altså, men likevel: Kor mange vil prøva å laga dokker av seg sjølve, og kor mange vil visa i kommentarane her korleis resultatet blir? Eg kryssar fingrane og håpar det blir nokre eg. Så, ta turen innom eLouai’s Candybar Doll Maker 3 og ha det litt gøy då. 😀

4 comments

Bokstavkjeks. Og kjønn?

Eg er kanskje litt treg av meg, men i dag såg eg bokstavkjeks i butikken. Mange år sidan eg hadde sett det sist, men då eg høyrte med ei venninne fekk eg veta at joda – eg er treg. Det var leeeenge sidan bokstavkjeksa var tilbake. Men – kor lenge sidan då?

bokstavkjeks.jpeg

Eg googla litt eg, for å finna svaret. Sætre sine sider fekk eg ikkje kontakt med, så det neste som såg ut til å gi svar var ein artikkel i Klassekampen, eit intervju med Petter Schjerven. Med ei fortid som programleiar i «Typisk norsk» kunne det nok vera passande å snakka med Petter om bokstavkjeks – og eg fann svaret eg var ute etter. Kjeksa var på plass i hyllene att i februar dei. Eg trøystar meg med at det er ikkje lenge sidan, så heilt blind har eg vel ikkje vore. I «min» butikk kom dei kanskje seinare òg, for alt eg veit.

Men kvar kjem kjønnet inn i alt dette? Vel, programleiaren i serien «Eva og Adam» – Petter Schjerven – hadde lagt merke til noko anna enn berre forma på kjeksa. Han hadde òg lagt merke til pakningane: Dei såg ut til å vera delt opp i gutepakkar og jentepakkar… akkurat det er utilsikta, i følgje marknadssjefen i Sætre. Dei ville berre laga ein familie av bokstavkjeksbilar – motiva på pakningane. Det er vel eigentleg ingen grunn til å mistru dei på det, eller?

Uansett så står det viktigaste av alt oppe i dette fast: No er det lov å leika seg med maten igjen! Blir de med på bokstavkjeksscrabble?

3 comments

Bli sminka i butikk

Makeup i butikk

Har de nokon gong prøvd å få lagt makeup i butikk? Det har eg, nokre gongar. Eg høyrer/les litt rundt om at det slett ikkje er alle som tør det, men det har aldri vore noko problem for meg, uansett kven av meg eg har vore… Det har vore heilt naturleg å behandla meg som dame, og til og med som mann – eg kan vera meg, utan å forestilla meg. Personalet i butikkane har alltid vore minst like vennlege som elles.

Eg har ikkje alltid kjøpt noko dei gongane, men eg har jo plukka opp tips og teknikkar for å få fint resultat, og det er jo alltid godt å ta med seg. Makeup kan brukast på litt utradisjonelt vis òg, har eg lært av dette.

Ein gong eg impulsivt stakk innom og vart sminka som mann forresten, sette sminkøren stor pris på det. Alt for få menn her i landet brukar makeup, meinte ho. Ho samanlikna med menn nedover i Europa, der dette var meir vanleg. For forloveden til dotter hennar (ein italienar) var dagleg makeup heilt naturleg. Kanskje me vil sjå litt meir av i slik utvikling her i landet òg no, når H&M byrjar å føre sminke for menn i sortementet sitt?

Men altså, for min del har det å bli sminka i butikk vore ei udelt positiv oppleving. Prøv det, de òg, menn som kvinner.

1 comment

Hårfarging

Eg hadde lyst å fornya meg eg, så i kveld farga eg håret. Ikkje så veldig uvanleg aktivitet, akkurat – mange gjer det ganske ofte. Eg har i grunnen gjort det ein del gongar eg òg, og prøvd litt ulike fargar. Sist to eg ein farge nokså lik den naturlege hårfargen min, berre litt meir blond, så forskjellen vart ikkje så overvettes. Ingen kommenterte det, så det vart kanskje ikkje lagt merke til i det heile. Denne gongen hadde eg lyst å endra farge litt meir tydeleg – eg tenkte meg litt meir gylden/mørkare då eg kikka på dei ulike fargane eg kunne kjøpa.

Denne gongen vart det litt tydlegare at eg har farga håret. Ikkje heilt den fargen eg såg for meg, det skal eg innrømma. Det vart nemleg litt… raudt…

Blir spennande å høyra kva kollegaer seier i morgon då. Dei kjenner meg berre som blondine der eg er no – raudhåra er det fleire år sidan eg har vore, så det er litt uvant å sjå meg sjølv i spegelen. 😉

Ein ting eg kom til å tenkja på då eg heldt på å skylja ut overskytande farge frå håret, er kven det er som fargar håret, og kor stor eller liten aksepten for det er. Er du ung og jente, så kan du skifte farge så ofte du vil, men når du blir eldre så bør du visst halda deg til éin nyanse, og kanskje helst nær den naturlege? Eit inntrykk eg har, men det kan sikkert variere med miljø. Miljøet spelar i alle fall ei rolle når det gjeld gutar: For enkelte er det heilt greit å farge med den fargen du vil, mens for andre er det ikkje akseptert. Det heng nok igjen at det er ein feminin aktivitet.

Det med at hårfarging skal vera for kvinner er nok ei haldning som gjer seg mest gjeldande blant menn, middelaldrande og oppover. Ein episode eg har i minne er frå då eg starta å farga mitt eige hår: Eg stod og såg på dei hårfargane dei hadde på salg på Cubus, då eit ektepar på rundt 50 kom og såg òg. Det viste seg at det var hårfarge til mannen dei var ute etter – men han var litt nervøs, og villa ha kona attmed seg. Kva ville andre tru om dei såg han stå der med hårfargane – åleine? At han farga håret var ikkje noko han ville andre skulle veta…

Er det litt fy-fy enno at menn fargar håret? Det eg ser treng jo ikkje vera det som gjeld generelt, og det kunne vera gøy å veta koleis det ligg an elles rundt om, for både eldre og yngre garde av både han- og hokjønn.

No comments

Eg må læra meg å lesa i TV-programma

I går – eller onsdag – såg eg at dei reklamerte for ein liten realityserie på TV2 Zebra. «Boys will be girls.» Den skulle eg ha med meg – eg hadde lest om serien på nettet tidlegare, og det var lovande omtalar. Tre gutar som skulle få fart på musikkarriera si igjen – som jenteband. Perfekt serie. 🙂

Joda, eg fekk med meg programmet, ingen problem der. Det eg er ein smule irritert på meg sjølv over er at eg ikkje fekk med meg starten av serien. Eg trudde nemleg at dette var første program, og at eg ville få med meg utplukkinga av kandidatane, og reaksjonane deira då dei fekk veta at dei skulle opptre som eit jenteband. Den gong ei. Dette var tredje episode, og altså godt i gong (det er seks episodar til saman.) Kjedeleg. Men eg skal i alle fall ha med meg resten av serien!

Berre eit lite hjartesukk frå meg.

No comments

Stay-ups eller slide-downs?

Stay upsStrømper kan gjera beina skikkeleg lekre, men det er neimen ikkje heilt problemfritt heller. Meir spesifikt tenkjer eg på stay ups. Som namnet tyder på, er desse strømpene meint å halda seg oppe utan hjelp av strømpehaldar. Korleis er så situasjonen?

Det varierer jo litt då, det skal eg innrømma. Når strømpene er nye og gummirendene rundt toppen er ekstra klebrig, då sit strømpene godt. I alle fall til vanleg. Men strømper er jo ikkje nye heile tida, og evna til å klistra seg fast til låra avtek forbausande fort. Sjølv ikkje reine og nyvaska stømper får tilbake den evna dei kom med som nye. Gjer det noko? Er ikkje elastikken god nok i lag med littegrann av den anti-gli effekten gummien gir?

Ideelt sett burde det vera slik, men ein dag du anar fred og ingen fare legg du kanskje merke til at det er noko som ikkje stramar som det skulle rundt låra – er du verkeleg uheldig legg du ikkje merke til det før du lurar på kvifor folk kastar eit ekstra blikk ned på beina dine. Då kan det hende du går rundt med kne/ankelstrømper. 🙁

Kor mange er det som har opplevd slikt? Eg veit eg ikkje er åleine om det. Mektig irriterande er det i alle fall. Knestrømpene mine derimot held seg stort sett på plass – det skuldest kanskje til dels forma på leggen, men eg skulle gjerne sett at vanlege stay ups hadde lært seg eit triks der likevel. Eg er litt lei av slide downs-strømper etter kvart.

Berre eit lite hjartesukk…

1 comment

Velbrukt er… gjerne slite

BootsEin eller annan stad har eg ei bok eg har lest, der hovudpersonen hamnar i ei verd der ting vert betre jo meir dei vert brukt. Diverre kjem eg ikkje på kva for ei bok det er, men eg trur forfattaren er L. Sprague de Camp. Uansett, av og til kunne det vore greitt å hatt det på same måten her.

Eg har hatt eit par svarte, høge støvlettar i lang tid. Høgt skaft, og greie hælar. Dei har vore gode på og halde bra, noko som berre har vore positivt, då det ikkje alltid er så lett å finna fine støvlettar i min storleik. Diverre er det jo slik i denne verda at ting vert meir slitne dess meir dei vert brukt. Ein ting er at støvlettar kan sålast om etter kvart som sålen vert slite ned, men her om dagen oppdaga eg at eg kunne sjå kva farge neglelakken på stortåneglene mine hadde, utan å ta av meg på beina. var det på tide å få meg nytt fottøy, fann eg ut.

Det var ikkje det beste tidspunktet å bli utan støvlettar på dette, sidan det har gått ut ein del tusen meir enn venta, og ein del tusen til skal snart gå same vegen (dvs vekk frå meg) så bankkontoen er ikkje særleg velfylt. Men – eg må ha godt fottøy i det vêret me har no, så det var berre å gi seg ut på ein liten runde i butikkane.

Eg var faktisk litt heldig: Den første butikken eg stakk innom var den eg hadde minst tiltru til, då dei svært sjeldan har noko i min storleik, men jammen santen hadde dei ikkje eitt par boots der. I min storleik. Dei var på salg òg, så eg kom svært rimeleg ut av dette. Kun ein hundrelapp fattigare, men til gjengjeld eit par boots rikare. Eg tok dei på meg i butikken og let personalet der kasta dei gamle støvlettane mine.

Greit nok, det var ikkje akkurat denne typen eg hadde sett for meg då eg gjekk ut, men til den prisen skal eg ikkje klaga. Då kan eg faktisk ha råd til eit par til ein gong seinare då, om eg skulle komma over noko fint. 🙂

3 comments

Bært! Bært! *Vinke*

Eg anar ikkje kven han er, men eg har sett han ein del gongar. Det skal nok noko til å oversjå han òg, for kvar gong han køyrer forbi meg, så fløytar han på meg og vinkar ivrig. Det har han gjort sidan i vår. Han har til og med teke omvegen innom ein liten blindveg for å kunna køyra forbi meg og fløyta, vinka og smila.

Eg? Vel, eg greier jo ikkje la vera å smila, då. 🙂

6 comments

« Previous PageNext Page »