Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Folk er sprø

Jente som fotografererHistorien om korleis eit skjørt kan få folk til å oppføra seg langt utanom det normale.

Dette hende for ei god stund sidan, på ein tysdag. Eg berre nemner det i tilfelle nokon faktisk er interessert i den vesle biten av informasjonen. Nemnde tysdag hadde eg eit ærend i byen, og mens eg gjekk i gatene tok eg igjen ei gruppe menn og kvinner i tjueåra. Utlendingar.

DÃ¥ eg kom opp pÃ¥ sida av dei, kasta ei av jentene eit blikk pÃ¥ meg og deretter skjørtet mitt, før ho fortsette som normalt. I eit sekund eller sÃ¥. Deretter snudde ho seg mot meg, verkeleg sÃ¥g pÃ¥ skjørtet, stoppa opp og hylte av glede (eller noko) som igjen førte til at resten av gjengen stoppa og snudde seg. Vel — eg gjekk ut i frÃ¥ at ho likte skjørtet (eg gjer det, det er difor eg kjøpte det) men det sÃ¥g ut til at det var meir enn berre det;¹ ho gestikulerte mot meg for Ã¥ fÃ¥ meg til Ã¥ stoppa og rota febrilsk gjennom veska si. Til slutt fiska ho opp eit kamera. Ho snakka litt med dei andre og fekk ein av dei til Ã¥ ta eit bilete, medan ho og dei andre stilte seg opp rundt meg. Ho tok òg tak i skjørtet mitt og drog litt i det, slik at detaljane var meir synlege. (Og fekk meg til Ã¥ visa meir av beina i same slengen.)

Resten av dei kunne ikkje vera verre så klart, så det vart teke mange bilete. Ikkje at eg hadde noko i mot det, eg berre hygga meg eg, uansett kor rart det måtte synast å vera. Til slutt så var ikkje jenta som starta det heile heilt nøgd, dog. Ho ville ha eit bilete av kun oss to. Poserande på ein spesiell måte, fann eg ut. Ho fekk meg til å halda posen eg bar på i andre handa, opna glidelåsen i jakka si, tok tak i den no tomme høgrehanda mi og plasserte ho på barmen hennar. Eller puppene, om du vil. På dette punktet kunne eg ikkje anna enn å le høgt, men ho fekk biletet sitt.

Etterpå skildest me og gjekk kvar vår veg. Dei smilande og lukkelege, pratande på eit språk eg aldri forstod eit ord av, og eg gjekk og smålo for meg sjølv, og vinka farvel. Og eg hadde lært ein ting til den dagen: Folk er sprø.

¹) Det kan jo hende at det at eg var mann, og framstod som det, hadde meir Ã¥ seia enn detaljane i skjørtet…

2 comments

2 Comments so far

  1. Becca September 12th, 2006 17:11

    Jøss! Det mÃ¥ jeg si, folk ER virkelig rare. *ler* Men du takler det jo veldig bra da;) Er kanskje ikke sÃ¥ ille Ã¥ fÃ¥ ta pÃ¥ en fremmed pupp i ny ig ne 😉

  2. […] Hamskifte […]