Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Det gjekk fort!

Raude støvlettar med høge stiletthælarEg har for ikkje sÃ¥ alt for lenge sidan skrive om skofrustrasjonar. Dagens tema er ikkje sÃ¥ mykje om frustrasjonar — vanlegvis. Det handlar nemleg om sÃ¥lar, og dei vert som kjent slitte etter kvart som skorna og støvlettane vert brukte. Heilt normalt, og skomakaren fÃ¥r besøk no og dÃ¥ for Ã¥ halda fottøyet ved like. NÃ¥r hælane pÃ¥ fottøyet vert mindre blir tyngda konsentrert pÃ¥ eit mindre punkt (elementær fysikk) og slitasjen vert større. NÃ¥r det er snakk om stiletthælar, sÃ¥ mÃ¥ nesten den vesle sÃ¥len bli sett pÃ¥ som forbruksvare.

Dog.

Forbruket kan kanskje bli i største laget, av og til? Når det varer i to veker før skomakaren får besøk igjen, då er det litt frustrerande, og for min del på tide å sjå etter måtar å skjera ned. Kanskje ein ståltipp kunne vera tingen, i staden for vanleg gummisåle? (Eller kva dei no er laga av.) Metallet skulle i alle fall vera meir slitesterkt.

Joda, skomakaren kunne gjerne gjera det han, og det vart ikkje noko dyrare, men — ei lita Ã¥tvaring ville han no gje meg: Støvlettane ville bli glattare Ã¥ gÃ¥ pÃ¥, særleg pÃ¥ fliser, og det ville vera lettare Ã¥ gli og detta. Fleire hadde erfart det. Hmmm. Eg brukte litt tid pÃ¥ Ã¥ tenka meg om, men bestemte meg for uansett Ã¥ ta sjansen. Eg leverte dei inn torsdagen, og henta dei att etter arbeid pÃ¥ fredag. Skomakaren rÃ¥dde meg til Ã¥ bruka sÃ¥nne ekstra hetter pÃ¥ hælane (normalt for Ã¥ verna golva mot merke) slik at dei ikkje skulle vera sÃ¥ glatte, og sÃ¥ ville dei jo òg dempa lyden. slik at det ikkje vart sÃ¥ høge smell nÃ¥r eg gjekk. Dessutan var det jo litt ekstra slitestyrke i dei, òg. Joda, det var greitt for meg, eg tok gjerne eit par slike òg.

Eg gjekk heim og sette frå meg alt eg bar på, skreiv ferdig eit brev og la ved i ein pakke eg skulle posta, og fór ut att. Denne gong med nysåla støvlettar på beina, og musikk på øyrene.

Eg hadde ikkje gÃ¥tt meir enn 2-3 minutt før eg la merke ein godt høyrbar, klakkande lyd i takt med venstrefoten min. Det var slik at eg mÃ¥tte kikka ned for Ã¥ sjÃ¥ at hetta satt pÃ¥ plass pÃ¥ hælen — og det gjorde ho. Vel, eg berre trakk mentalt pÃ¥ skuldrane og fortsette Ã¥ gÃ¥, og muren eg gjekk attmed gav bra med gjenlyd. Spaserturen gjekk roleg vidare til posten, og eg la merke til at begge hælane var like høglydte, og begge hettene var pÃ¥. Og likevel var dei ikkje meir stille? Jaja.

Posten fekk sitt, eg stakk innom Popin og bytta ut ein 100-lapp med eit par gensrar og ein topp før eg vende nasa heimover att. Hælane heldt lojalt ut og let meg ikkje gløyma at dei var der, sÃ¥ dÃ¥ eg kom inn heime, tok eg av meg støvlettane og sÃ¥g etter korleis hettene tok seg ut. Og joda, sÃ¥len pÃ¥ hettene var fin den, og nesten ikkje sleten i det heile. Problemet var i baksida av hetta: MetallsÃ¥len pÃ¥ hælane hadde gnage seg hol der og teke turen ut i friluft. Klart dÃ¥ at det var lett Ã¥ høyra nÃ¥r eg gjekk — eg gjekk jo rett pÃ¥ metalltuppane.

Men — det var jo det eg ville ha. Dei tuppane vil nok halda ei god stund til, i motsetnad til hettene, for dei gjekk an fort. MÃ¥ vel nesten vera rekord? 😉

2 comments

2 Comments so far

  1. Becca October 18th, 2006 16:05

    Åssen klarer du å slite sko så lett? Har aldri fått til det jeg.. Ja bortsett fra mine elskede vintersko som var utslitt etter fjor. Nevnte jeg at jeg kjøpte dem i 8 klasse *fnis*

  2. Monica October 22nd, 2006 1:47

    SmÃ¥ stiletthælar blir raskt sletne ut — er reine fysiske lover det. Andre sko har eg hatt i fleire Ã¥r utan skomakarbesøk. 🙂