Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

På vengene

I teikneserien Knøttene så tek hunden Sniff på seg rolla som eit flygaress – «Luftens Baron» – der han sit på hundehustaket. Eg har vel gjort noko av det same eg no, i går og litt i dag, at eg har gått inn i rolla som «Luftens Baronesse.»

Innover mot Sandnes sentrumDet er Google Earth som hjelper meg med det, med ein innebygd flysimulator. Ikkje den heilt enklaste å finna kanskje, men han er berre ein liten tastekombinasjon vekke: Control-Alt-A/Command-Option-A er dei tre tastane du skal halda nede (med fokus på sjølve kartet) for å få fram simulatoren. Der kan du velja mellom to ulike fly – jagarfly (F16) og propellfly – og kor du vil starta frå. Du kan starta frå diverse flyplassar som er lagt inn, og ta prosedyren med takeoff, eller enkelt og geit starta frå det punktet du er og ser på i Google Earth.

For å ta den skjermdumpen du kan sjå her, så starta eg i Sandnes, sidan det er her eg bur. Det er òg råd å sjå akkurat kor eg bur på det biletet. Hadde oppløysinga vore betre, eller eg floge enno nærare bakken, så kunne stovevingauget skimtast. Vinkelen er den rette for det. 😉

Eg prøvde òg å landa på flyplassen på Sola, men det gjekk ikkje så heilt bra. På første forsøk spratt eg opp att, og på andre forsøk small eg i bakken. Ein ting er at kontrollane er svært vare, men eg burde nok òg lesa litt meir på kontrollane eg kan bruka i simulatoren. Det hjelper jo alltid litt å veta nokonlunde kva du gjer, og kva funksjonar dei ulike tastane har.

Litt gøy er det jo. Eg får kopla til ei gledesstikke og sjå om det gir meg betre kontroll enn å kun bruka tastaturet neste gong.

No comments

No comments yet. Be the first.

Leave a reply

(Antispam - krav)