Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for September 2nd, 2006

Kvifor brukar kvinner bukser?

Jente i jeansTradisjonelt sett så har kvinner brukt skjørt og kjolar, med enkelte situasjonsbestemte unntak i meir moderne tid. Enkelte kvinner tok etter kvart risikoen med å gå i bukser til vanleg òg, sjølv om dei vart sett stygt etter på grunn av det. Først mot slutten av 60-talet (etter det eg har lest) vart det vanleg – og godteke – å sjå kvinner i bukser. No for tida er det nesten omvendt: Du ser som oftast damene i bukser, sjeldnare i skjørt. Kvifor er det slik, at dei bytta ut eit behageleg plagg som skjørt med bukser?

Mykje kan nok seiast om akkurat det, og mykje har blitt sagt, men dei to viktigaste grunnane er nok enkle:

  1. Dei kan
  2. Dei har lyst

Trengst det meir forklaring enn det? Og trengst det betre grunnar? For nokre tiår sidan var det sikkert råd å høyra fleire mishagsytringar mot at kvinner skulle ikle seg eit slikt herreplagg, men i dag er det ingen som løftar eit augebryn. Faktisk treng det ikkje alltid vera naudsynt med plagg sydd med snitt tilpassa den kvinnelege figuren heller: Det er heilt i orden at kvinner kjøper klede til seg sjølve i herreavdelingen.

Dette er noko som bringer meg over til neste tema: Bukser er kanskje meir behagelege for kvinner enn menn¹, så kvifor er det så få menn som brukar skjørt? Me høyrer jo sjølvsagt innvendingar, men har desse noko betre fundament enn dei innvendingane me vil le av i dag om dei hadde blitt brukt om kvinner i bukser? Eller er det berre tåpelege fordommar?

Ei innvending som ikkje er så uvanleg er at skjørt er feminint, eller at menn ikkje vil kle seg som kvinner. (Eller at kvinner ikkje vil at menn skal ha på seg skjørt av same grunnar.) Dette held ikkje vatn. Kvinner i bukser skulle i følgje same tankegang vore maskuline/kle seg som menn, men det er jo langt frå sanninga. Det finst tvert om mange feminine bukser, og kvinner i bukser er like tiltrekkande og feminine som sine søstre i skjørt. Og tilsvarande for menn – det finst maskuline skjørt, der kilt nok er det mest kjende her, og menn i t.d. kilt er ikkje utan vidare særleg feminine…

Andre spekulerer i om denne motviljen skuldast at menn er lite trygge på sin eigen seksualitet, eller om kvinner føler seg «trua» på sitt område. Eg veit ikkje eg, men det er i alle fall fleire menn som går og vil gå i skjørt og elles vera frie til å gjera det dei vil. Motemessig. Og det er fleire som vil ha fleire menn i skjørt no.

¹ Kvifor skulle bukser vera meir behagelege for kvinner enn menn? Fordi menn har meir mellom beina enn kvinner. Av og til har denne ekstrapakken litt dårleg plass…

4 comments