Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Dame for ein dag

Rocky

Eller for kvinnene: Mann for ein dag. Det var Rocky som sette tankane i sving denne gongen: Kva ville du gjort om du var dame for ein dag — fullstendig biologisk dame — dersom du stod heilt fritt til Ã¥ gjera kva du ville? Det er ikkje spesielt originale tankar, dÃ¥ dei har vore framme fleire gongar ulike stadar, og mange ville gjerne oppleve det dei fysisk sett ikkje ville vera i stand til som menn. Men — kva om me endrar litegrann pÃ¥ problemstillinga?

Du opplever at du i løpet av natta har blitt fullstendig, biologisk dame. Alt det andre er som før: Arbeid, ektemake, born, og kva det no skulle vera. Kva dÃ¥? Ein ting er jo t.d. korleis kona ville oppleva Ã¥ vakna opp med ei dame i senga i staden for ektemannen, for dei med den sivilstanden – men kva med resten av dagen? Ville du fÃ¥tt sjokk og murt deg inne, eller?

SÃ¥ klart, det er slett ikkje usannsynleg at du ville trenga litt tid for Ã¥ takla ei slik omvelting – særleg om du ikkje visste kor lenge dette kjønnsskiftet ville vara. Korleis ville det vera om du var dame for ei veke, ein mÃ¥nad, eit Ã¥r…? Kva ville du dÃ¥ gjort?

Og sÃ¥ kan eg endra enno ein gong pÃ¥ problemstillinga: Ikkje berre ville du vera klar over at du ville vera dame for ein dag – du ville òg vera i stand til Ã¥ skifta pÃ¥ Ã¥ vera mann og kvinne nett nÃ¥r du ville, og sÃ¥ lenge du ville. Ville du i det heile teke prøvd Ã¥ bytta kjønn? I sÃ¥ fall, kor ofte, kor lenge og kvifor?

Jaja. SÃ¥nne tankar er det eg gjer meg nÃ¥r eg burde ha lagt meg for mange timar sidan. Men det kunne vore gøy om enkelte hadde prøvd Ã¥ svara 😉

Som hamskiftar ville eg nok sjølv bytta att og fram titt og ofte av same grunn som eg no skiftar ham pÃ¥ mindre fullstendig mÃ¥te. Og nyta kroppen min, i alle fall i starten — kunne vore greit Ã¥ fylla ut der eg skulle fylla ut, og ikkje omvendt. Hadde eg derimot vakna opp som dame utan Ã¥ veta om det pÃ¥ førehand, sÃ¥ hadde eg nok fÃ¥tt sjokk i første omgang. Og deretter, om det varte, levd som vanleg som ei lesbisk? (For eg ville nok stadig vera glad i damer, reknar eg med.)

2 comments

2 Comments so far

  1. Sexy Sadie September 23rd, 2006 10:21

    Nei, jeg elsker å være kvinne. Synes faktisk litt synd på fyrer, de går glipp av så mye.

  2. wander September 23rd, 2006 19:36

    Jeg ville nok bytta for Ã¥ prøve…