{23. September, 2006}   Dame for ein dag

Rocky

Eller for kvinnene: Mann for ein dag. Det var Rocky som sette tankane i sving denne gongen: Kva ville du gjort om du var dame for ein dag – fullstendig biologisk dame – dersom du stod heilt fritt til Ã¥ gjera kva du ville? Det er ikkje spesielt originale tankar, dÃ¥ dei har vore framme fleire gongar ulike stadar, og mange ville gjerne oppleve det dei fysisk sett ikkje ville vera i stand til som menn. Men – kva om me endrar litegrann pÃ¥ problemstillinga?

Du opplever at du i løpet av natta har blitt fullstendig, biologisk dame. Alt det andre er som før: Arbeid, ektemake, born, og kva det no skulle vera. Kva då? Ein ting er jo t.d. korleis kona ville oppleva å vakna opp med ei dame i senga i staden for ektemannen, for dei med den sivilstanden - men kva med resten av dagen? Ville du fått sjokk og murt deg inne, eller?

SÃ¥ klart, det er slett ikkje usannsynleg at du ville trenga litt tid for Ã¥ takla ei slik omvelting - særleg om du ikkje visste kor lenge dette kjønnsskiftet ville vara. Korleis ville det vera om du var dame for ei veke, ein mÃ¥nad, eit Ã¥r…? Kva ville du dÃ¥ gjort?

Og så kan eg endra enno ein gong på problemstillinga: Ikkje berre ville du vera klar over at du ville vera dame for ein dag - du ville òg vera i stand til å skifta på å vera mann og kvinne nett når du ville, og så lenge du ville. Ville du i det heile teke prøvd å bytta kjønn? I så fall, kor ofte, kor lenge og kvifor?

Jaja. Sånne tankar er det eg gjer meg når eg burde ha lagt meg for mange timar sidan. Men det kunne vore gøy om enkelte hadde prøvd å svara ;)

Som hamskiftar ville eg nok sjølv bytta att og fram titt og ofte av same grunn som eg no skiftar ham pÃ¥ mindre fullstendig mÃ¥te. Og nyta kroppen min, i alle fall i starten – kunne vore greit Ã¥ fylla ut der eg skulle fylla ut, og ikkje omvendt. Hadde eg derimot vakna opp som dame utan Ã¥ veta om det pÃ¥ førehand, sÃ¥ hadde eg nok fÃ¥tt sjokk i første omgang. Og deretter, om det varte, levd som vanleg som ei lesbisk? (For eg ville nok stadig vera glad i damer, reknar eg med.)

Liknande innlegg:


{23. September, 2006}   Korleis fÃ¥r ei dame plass til sÃ¥ mykje i veska si?

Det går jo igjen det heile tida, at damer har så mykje rart i veskene sine. Korleis får dei plass til alt? Vel - det er berre til å pakka rett det. Kor flink er du til å pakka? Her har du sjansen til å prøva deg, i eit heilt kjønnsnøytralt puslespel. Ingen handvesker innblanda.

For å snu på brikkene, hald nede Skift-tasten og klikk med musa. Brikkene kan ikkje liggja over kvarandre eller utanfor firkanten, men dei kan røra kvarandre.

Lenke til flash-fila: Puslespel


Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    September 2006
    M T W T F S S
    « Aug   Oct »
     123
    45678910
    11121314151617
    18192021222324
    252627282930  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kjenner du ein transe?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster