Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for September 19th, 2006

Torturinstrumentet

HÃ¥rlause leggarEg hadde sjølvsagt høyrt historiane, om lang, smertefull tortur. Kvinnene som orka fortelja om opplevingane sine (for det var alltid kvinner som var offer) pakka ikkje hendingane inn i bomull, men fortalde om smertene i detalj. Eg kunne uttrykka min sympati, men tanken om at det same kunne henda meg sveiv meg ikkje. Likevel, no var eg i nett same situasjon. Naturleg nok var eg ekstremt uroleg dÃ¥ torturinstrumentet — velkjent frÃ¥ overleveringar — sakt men sikkert nærma seg den nakne huda mi. Uvillig til Ã¥ lukka augene beit eg tenna saman og venta pÃ¥ kontakt…

Faktisk, sÃ¥ vart eg litt skuffa. Her hadde eg forberedt meg i lang tid, klargjort kjølebag og eit “nybyrjarhovud” til epilatoren — og alt eg kjende var nokre kitlande stikk dÃ¥ eg byrja Ã¥ epilere leggen min. Kvar var smertene? OK, det var innsida av lÃ¥ret som skulle vera det verste, sÃ¥ dÃ¥ eg testa der, sÃ¥ kjente eg — litt kitlande stikk. Ingen smerte. Diverre, med det nybyrjarhovudet pÃ¥ epilatoren var det ikkje mykje framgang heller, sÃ¥ eg bytta resolutt over til dewt normale hovudet.

Og no snakkar me. Med det normale hovudet pÃ¥ plass, sÃ¥ kjende eg — litt kitlande stikk. Kvar var smertene? Terroren? Men i det minste sÃ¥ gjekk epileringa raskare. Eg hadde ikkje planlagt Ã¥ ta bikinilinja, men vekk gjekk den òg, i lag med armar og armholer. Og eg mÃ¥ innrømma, at dÃ¥ eg tok armholene sÃ¥ kjende eg det godt — dÃ¥ var det ikkje snakk om kitling lenger. Men eg fann no ein teknikk, og det gjekk raskt over. SÃ¥ no sit eg her med ein hÃ¥rlaus og glatt kropp, og ser fram til ikkje Ã¥ mÃ¥tta barbere meg igjen etter eit par dagar. Og utan Ã¥ ha opplevd dette som tortur.

Berre sÃ¥nn at eg kan fÃ¥ sova godt med reint samvet i natt, og ikkje vri meg rundt og bada i sveitte frÃ¥ mareritt etter Ã¥ ha lurt uskuldige menneske, sÃ¥ bør eg nemna at eg fortalde ei løgn over her: Eg er eigentleg ikkje skuffa over at eg ikkje følte smerte. Eg er snarare letta…

3 comments