What’s up, doc?

For dei som har fått med seg litt Snurre Sprett, særleg i samspel med Elmer Midd, så er nok overskrifta eit kjent sitat. Skal me no få svaret på akkurat det spørsmålet?

Me kjenner jo til at Snurre ikkje er ukjend med å kle seg som dame, delvis for å sleppa unna forfølgjarar. Kanskje ein del har blitt litt misunnelege, og skulle likt å fått til eit like overbevisane resultat? Vel, med hjelp av Elmer så vil Snurre her gi ei rask innføring i koleis få ein perfekt figur:

Hmmm
Opne opp...
...og inn med padding.
Voila!

Enkelt?

Men dette er jo ikkje alt som skjer – fleire figurar har lyst til å bli med på moroa, så klart. Til dei som måtte ha lyst til å sjå meir, av fleire ulike mannlege figurar som damer (eller hokjønn) så har artisten som kallar seg Bathgate eit heilt galleri på flickr med teiknefilmfigurar i nye og spennande roller. Vel verd eit besøk for å få med seg teikningane.

Gymball

Eg har kjøpt meg gymball eg. Faktisk skeia eg skikkeleg ut, og kjøpte meg ein pakke med gymball, matte, gummislange (til å strekka armar/bein) og instruksjons-DVD. Ja, og eit lite handklede og pumpe til ballen var òg med.

Grunnen til dette utlegget er jo enkelt nok. Eg har prøvd å trimma litt med gymball før, og det er slett ikkje så dumt. Dessutan så vil kanskje enkelte ymta frampå om at eg har grunnar for å slanka meg litt.

Det er ei god stund sidan dette kjøpet no, så korleis går det med trimmen? Lat meg seia det med ei Nemi-stripe…

Nemi fin ei avslappande stilling med gymball

Viktige ord

Day by Day-cartoon

Gutar leikar ikkje med dokker, sånn er det berre. Actionfigurar og denslags derimot, det er heilt greit. Me vil kanskje flira av ei sånn ordveksling som i teikneserien over, men etter ei stund så hadde visst det der kverna litt i bakhovudet, for eg kom til å tenkja på at det var i grunnen ei veldig kjent ordveksling det der, om enn på eit anna område: Klesplagg.

Eg går ut i frå at flesteparten er klar over at det finst eit herreplagg som går under namnet “kilt.” Det er òg fleire sterke meiningar om og rundt kilten, at han skal vera skotskrutete og brukast av skottar til dømes, men òg: Er kilten eit skjørt? I følgje definisjonen av eit skjørt er kilten ein bestemt type skjørt, men det er likevel mange som slett ikkje vil ha noko sånt snakk; ein kilt er ikkje eit skjørt!

Eg veit det er fleire døme på at det finst herre- og dameversjonar av same tingen, der herreversjonen slett ikkje må kallast det same som dameversjonen. Eg har vore ute for slikt – men ikkje kul om eg greier å koma på døme nett no… Hjelp?

Uansett, det eg undrar på er dette: Kvifor denne sterke motviljen mot å bruka same ord for same ting, enten det er for menn eller kvinner? Kvifor er det så viktig å bruka eigne namn – gjerne kun eigne namn – for herreversjonane?

“M”-Mads oppdagar velbrukt teknikk

Dei som ser nedover lenkelistene eg har her, vil kanskje få ein liten mistanke om at eg har litt sansen for teikneseriar – og det har eg. Er inne kvar dag og får med meg fleire enn dei eg har lista opp her, blant anna “M”. Dei siste par stripene av denne serien viser serieforfattaren i ein situasjon fleire kjenner seg att i, etter å ha oppdaga ein teknikk som for mange er velkjent og velbrukt: Kunsten å skapa ein illusjon av at du har noko du eigentleg ikkje har…

Mads oppdagar at han kan få 'kløft' vha tape. Han kler seg i kjole og parykk, og makeup...
...og ringer kameraten som òg prøver. Det forandrar alt. Mads må ha litt tid for seg sjølv...


Og no lurer eg – tek han det lengre i morgon? Kjem han på noko meir å prøva rundt dette? 😀

Slow Wave

Som ei av rutinene mine om sundagane, så går eg innom Slow Wave og ser kva for ein draum som har blitt laga teikneserie av denne gongen. Det kan jo til tider vera ganske sære draumar, og vel verd eit besøk…

Men kvifor kjem eg på å skriva om dette her først no, når eg har lese desse stripene lenge?

Tja…

Ragged Andy Doll in a dress

 

“Kjønnsskifte” i spel

Eg var som vanleg innom Real Life Comics i dag og leste dagens stripe i denne teikneserien, då eg av ein eller annan grunn kom til å tenkja på menn som spelar online rollespel med kvinneleg karakter.

Det har vel eigentleg vore fleire ulike undersøkjingar om kor stor del av mannlege spelarar som spelar som kvinner i online rollespel (og kvinner som menn) – og det er visst ein del, i følgje dei eg har lest opp gjennom åra. Vel – det er ikkje så mange kvinner som spelar som menn. Grunnen til det kan me kanskje finna i andre undersøkingar, der menn fortel at dei blir behandla betre når dei opptrer som kvinner – i ein del tilfelle òg sjølv om det er kjent at dei i “Real Life®” er menn. Klart, det kjem nok sikkert an på kva spel og kva miljø ein er i, for kvinner har òg fortalt om korleis dei kutta ut slike rollespel på grunn av menn (eller tilsynelatande hankjønn i det minste) som heile tida kom med seksuelle tilnærmingar.

Dumt slik – men eg lurar på korleis det er no? Har ting blitt betre med åra? Det bør det vel ha blitt. Eg meinar å ha lest at kvinner er i fleirtal enkelte stadar – muleg det var Second Life? Men det skal eg ikkje seia noko om, eg stolar ikkje nok på hukommelsen min i dette tilfellet.

Second Life, ja. Eg har så vidt byrja å gjera meg litt kjent med det konseptet sjølv no. Har ikkje vore innom så ofte, så det går litt tregt å læra meg ting der, men det ser jo litt spennande ut, då. Skal nok få prøvd meg ein del etter kvart. Eg treng sjølvsagt ikkje nemna at eg er der inne som kvinne? Skulle du møta ei lettare forvirra Chywe deVinna der inne, så er det meg.

Kvifor er eg kvinne der inne? Vel — ikkje berre er det ein stor del av meg, men eg ser jo i tillegg definitivt feminin ut der inne. Utan å stressa for mykje med makeup og det som elles skal til i lang tid først. 😉

Real Life-stripe; han vil spela som hokjønn

Avhengig?

Samanrulla blad.

Det ligg kanskje ikkje til vår natur å innrømma det – korkje for oss sjølve eller andre – dersom me er blitt avhengige av kunstige stimuli. Likevel, eg for min del har byrja å lura litt no, om eg er litt avhengig eller ikkje. Om så er, så er det heldigvis ikkje av skadelege stoff for kroppen, som alkohol, tobakk eller slikt, men det litt mindre farlege “blad.” I fleirtal. Det kan jo vera skadeleg for økonomien.

Trykte blad og magasin, det har eg ein god del av etter kvart, og fleire blir det kvar månad. Foto, kunst, Photoshop, web, PC, teikneseriar og meir – det samlar seg opp. Eg greier kanskje ikkje å setja meg like godt inn i alt (forresten, stryk ordet “kanskje”) men eg greier liksom ikkje heilt å slutta å kjøpa blada heller. Kanskje heller tvert om… No nyleg fann eg eit nytt blad i Narvesen, Advanced Photoshop. Eg har visst om det lenge, at det eksisterte, men eg har ikkje sett det her i landet før. Og, klart eg måtte kjøpa det!

Det fører jo til at eg kan ha litt ulest som ligg og ventar på meg, særleg når det gjeld noveller, men eg greier stort sett å koma meg gjennom alt i løpet av få dagar. Og magasina med noveller, dei er jo som bøker: Dei kastar eg i alle fall ikkje – dei skal nytast, gjerne fleire gongar.

Men – problemet¹ er jo at eg kjøper så masse av det. Og har problem med å stoppa. Er eg avhengig? Treng eg gå på avvenning? Slikt noko går jo trass alt ut over både økonomi og lagringsplass. Rett nok kan eg vera ganske kreativ når det gjeld det siste² men likevel… Om eg prøver å tenkja etter kva eg kjøper inn kvar månad, i generelle termar, så blir det:

  • 1 stk PC-blad (abonnement)
  • 2 stk (digital)fotoblad (abonnement)³
  • 1 stk “kunst”-blad (abonnement)
  • 2 stk webdesignblad (abonnement)
  • 6 stk teikneseriar/manga
  • 1.5 stk Fantasy/SF-blad (abonnement og laussalg – sistnemnde med kun 6 nr i året)

I tillegg så kjem det nokre andre blad eg av og til kjøper, når det er noko interessant. Det er det ofte. Eller som no sist, kanskje: Nye blad som truar med å bli innkjøpt på fast basis.

Huff – eg trur ikkje eg tør tenkja på kva eg legg ut på blad eg. Godt at abonnement gjerne er halve prisen av det Narvesen sel dei for. Men eg lurar altså litt: Er eg avhengig?

¹ I den grad det er eit problem?
² Må berre få ta meg saman og rydda litt. Til neste år!
³ Når det gjeld fotoblad har eg faktisk vore flink: Eg har vore oppe i 5 faste/mnd – men eitt gjekk inn, eitt var ikkje interessant nok, og eitt endra karakter …

Sko-frustrasjonar

Alle har me eit forhold til sko, på eitt eller anna vis. Du kan vera likegyldig, kresen, sjå på det som eit naudsynt onde eller elska sko. Sko kan òg vera ei kjelde til frustrasjon.

Mitt forhold til sko er – variert. Eg likar slanke, elegante sko, gjerne litt eleverte i bakkant. Med litt hæl, altså. Ser eg på herresko så er det lett å finna sko som passar, men for min del synest eg flesteparten er breie og klumpete. At sko er breie for å gjera plass til breide føter er greit nok – men kvifor den dumme centimeteren med såle utanfor? Den er til stades på alt for mange sko.

Hælar på herresko finst det òg, men sjeldan høgare enn eit par centimeter. Eg fann eit par for ikkje så lenge sidan med rundt 5cm hæl, men det var eit par ting som drog ned inntrykket: Med sånn brei såle stikkande langt utanfor overlæret var han ikkje særleg elegant — og så såg han kjedeleg ut òg. Skal kanskje ikkje pirka for mykje på det siste punktet, for herresko er generelt kjedelege. Herresko kjøper ein fordi ein treng nokre sko, ikkje fordi ein vil variere litt.

Men er det så mykje betre på damesida då? For min del er det kanskje vel så mykje frustrasjonar der… Joda, det er masse fint, elegant og stilig, men damesko sluttar jo vanlegvis i storleiken 40-41, sjeldan over. Det er dumt, fordi eg brukar vanlegvis nr. 42, av og til må eg opp i 43. Ikkje uventa må eg difor sjå med lengsel på mange par sko eg skulle likt å hatt, men som ikkje finst i min storleik.

Slikt er frustrerande for meg, og fleire med meg. Snakkar eg med ekspeditørar i skobutikkane, så kan eg ana litt frustrasjon der òg – dei skulle gjerne hatt større storleikar inne, men er dei med i kjeder så må dei ta til takke med dei pakkane dei får tilsendt, og dei pakkane inneheld ikkje så mange store nok sko. Dette trass i at dei som arbeider i butikkane legg merke til at det er fleire og fleire kvinner med store føter, og som er ute etter elegante sko. Slike sko forsvinn gjerne fort, i nr. 42.

Dei skoa butikkane gjerne har igjen eller får i min storleik, er slikt som dei sjølve gjerne kallar “tantesko” eller “konesko” – låge, solide sko som skal tåla litt vekt, men kanskje litt gammaldagse i utsjånad? For eldre “koner” og “tanter”? Ikkje ein stil som først og fremst tiltalar meg.

Ã… bestilla via postordre er jo råd, frå butikkar som spesialiserer seg på store sko, eller som har større utvalg. Har kjøpt slik éin gong med godt hell, men eg er likevel litt skeptisk til å kjøpa slikt utan å prøva skoa først. Er ikkje alltid like lett å veta kva storleik eg faktisk må ha. Men alt er jo ikkje berre trist heller, då. Eg har fått meg litt sko etter kvart likevel, og flesteparten med litt høg hæl. Og apropos høge hælar:

Nemi: Høge hælar = Bambi on ice

Eg har alltid vore litt forundra over alle dei som seier dei aldri ville vore i stand til å gå i høge hælar – har aldri hatt problem med det eg. Ikkje ein gong aller første gongen eg prøvde. Kanskje det har noko å gjera med at eg greier å strekka ut foten ganske bra? Det skal jo vera viktig for ballettdansarar som vil halda balansen når dei står på tå.