{31. January, 2007}   «Kjønnsskifte» i spel

Eg var som vanleg innom Real Life Comics i dag og leste dagens stripe i denne teikneserien, då eg av ein eller annan grunn kom til å tenkja på menn som spelar online rollespel med kvinneleg karakter.

Det har vel eigentleg vore fleire ulike undersøkjingar om kor stor del av mannlege spelarar som spelar som kvinner i online rollespel (og kvinner som menn) – og det er visst ein del, i følgje dei eg har lest opp gjennom åra. Vel – det er ikkje så mange kvinner som spelar som menn. Grunnen til det kan me kanskje finna i andre undersøkingar, der menn fortel at dei blir behandla betre når dei opptrer som kvinner – i ein del tilfelle òg sjølv om det er kjent at dei i «Real Life™» er menn. Klart, det kjem nok sikkert an på kva spel og kva miljø ein er i, for kvinner har òg fortalt om korleis dei kutta ut slike rollespel på grunn av menn (eller tilsynelatande hankjønn i det minste) som heile tida kom med seksuelle tilnærmingar.

Dumt slik – men eg lurar på korleis det er no? Har ting blitt betre med åra? Det bør det vel ha blitt. Eg meinar å ha lest at kvinner er i fleirtal enkelte stadar – muleg det var Second Life? Men det skal eg ikkje seia noko om, eg stolar ikkje nok på hukommelsen min i dette tilfellet.

Second Life, ja. Eg har så vidt byrja å gjera meg litt kjent med det konseptet sjølv no. Har ikkje vore innom så ofte, så det går litt tregt å læra meg ting der, men det ser jo litt spennande ut, då. Skal nok få prøvd meg ein del etter kvart. Eg treng sjølvsagt ikkje nemna at eg er der inne som kvinne? Skulle du møta ei lettare forvirra Chywe deVinna der inne, så er det meg.

Kvifor er eg kvinne der inne? Vel – ikkje berre er det ein stor del av meg, men eg ser jo i tillegg definitivt feminin ut der inne. Utan å stressa for mykje med makeup og det som elles skal til i lang tid først. :wink:

Real Life-stripe; han vil spela som hokjønn

Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    December 2008
    M T W T F S S
    « Oct    
    1234567
    891011121314
    15161718192021
    22232425262728
    293031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kor mange kjønn finst det?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster