{26. Juni, 2009}   Skiltforvirring?

Me var to stykke på jobb i dag som skulle på toalettet samtidig. Meg i skjørt, og dama i bukser. Framme ved dørene insisterte dama at eg skulle gå inn på det rommet som var symbolisert med ein person i bukser, og ho skulle nytta rommet symbolisert med ein person i skjørt.

Hmmm… Skal me eigentleg berre ignorere sånne skilt, då?

Liknande innlegg:


{25. Juni, 2009}   Sorrows End

Slutt på sorgene. Sorgenfri. Gi slepp på bekymringar.

Det tek nok ei stund før eg er der her i livet, men optimist som eg er så har eg eit håp om at eg skal ta eit stort steg mot det målet i år. I mellomtida går livet sin vante gang.

I Second Life går livet òg sin gang. No er det ikkje så lenge sidan eg var innom bloggen sist og nemnde det, kun… eit halvt år. Ting har skjedd sidan då.

Heimen min i Second Life

Heimen min i Second Life


Den gongen hadde eg i grunnen ingen større planar om å bruka penger på dette. Det gjekk jo så fint utan òg. Er du nok om deg så kan du faktisk skaffa deg alt du har bruk for og meir til utan å betala noko som helst for det. Klart, har du pengar, så kan du gjera enno meir…

Eg veit ikkje heilt kva tid det endra seg littegrann for min del, og eg fann ut eg kunne no kjøpa meg litt Linden dollar, sånn at eg kunne ha litt i bakhand til dei gongane eg faktisk hadde lyst på litt meir. Enkelt, og utan å leita rundt over alt etter gratisalternativ. Det var vel kanskje tilbake til oktober i fjor. Eg spanderte på meg nokre få kroner, som vart ein god slump Linden dollar, og dei varte lenge. Eg fekk til og med ha ein skybox (eit hus, solid fundamentert i lause lufta, nokre hundre meter oppe) hjå ei venninne, heilt gratis, sånn at eg hadde ein liten plass for meg sjølv. Litt koseleg.

Det var då det nye året kom og eg snakka med ei anna venninne, at ho spurte kva tid eg skulle kjøpa meg mitt eige land, då…? Oi. Det kom litt bardus på. Eg hadde jo i grunnen absolutt ingen planar om å kjøpa meg land, og bruka pengar på dette i den grad. Åh nei. Men…

…det var jo noko forlokkande med eige land òg då, kunne forma det som eg ville, og bruka ressursane nett som eg ville sjølv. Kunne eg ta meg råd til det? Etter litt tenketid så fann eg ut at eg kunne ta meg råd til ei lita øy – det tilsvara prisen på eitt blad per månad. Og slik vart eg landeigar, to år etter eg først registrerte meg på Second Life.

Øya mi kalla eg Sorrows End – delvis fordi eg er glad i Alvefolket/Elfquest, der dette er namnet ulveryttarane gav det nye landet dei kom til, fritt for dei sorgene dei flykta frå, og delvis fordi det var ein plass eg kunne «flykta» til og berre kosa meg. Og her har eg forma landskapet og bygd meg hus og meir.

Og drøymer om enno større plass…

Liknande innlegg:


{18. Oktober, 2008}   Kvar blir det av er eg?

Eg har sett at bloggportalen Bloggurat er blitt nemnd rundt om på nettet no, så eg fann ut eg måtte sjekka det ut. Alltid gøy med nye tenester, og her kan eg vise at bloggen min – eller helst eg – held til i Sandnes.

Så særleg interessant opplysning er nok ikkje dette, men lenka må til for å registrere meg på rett plass i Bloggurat. ;)

Liknande innlegg:


{11. Oktober, 2008}   Eg er i live

Og eg har byrja på eit nytt og betre liv.

Eller – i alle fall eit nytt liv. No er det ikkje eit stort og definitivt brot med livet eg har ført til no, langt der i frå. Det nye kjem berre i tillegg til det gamle. Eit liv nummer to, om du vil. På framandlandsk seier dei Second Life.
Bilete av meg i 2nd Life
Eg har i grunnen ikkje så mykje å seia om det no - er ikkje så lenge sidan eg kom i gong der, så det ville uansett ikkje vera det mest spennande eventyra eg kunne fortelja om. Ville berre gi eit aldri så lite livsteikn frå meg, og kanskje det blir litt meir frå den kanten her i bloggen seinare…

Liknande innlegg:


{31. Juli, 2008}   Ein liten limerick

Så er ferien over, og eg får sjå om eg ikkje greier å få sving på blogginga igjen. Og sidan eg nett har hatt ein liten samtale der eitt tema var Limerick, så kan eg jo ta ein her, medan eg hugsar det. Tematisk sett burde det passa bra her…

Ei kjempefin jente frå Røa
sa noko eg trudd’eg sku’ dø’a:
«Trur du at lengda på din
er større enn lengda på min?
Me samanliknar no her bak løa!»

Og med det er vel tonen sett ;)

Om de har nokre limerickar eg ikkje bør gå glipp av, så kom med dei.

Liknande innlegg:


{24. Juli, 2008}   Alt går ikkje alltid som planlagt

No har eg hatt ein del dagar på meg her, ettet å ha kome tilbake frå ein aldri så liten ferie. Eg hadde store planar om å få gjort masse, både blogga litt og forska litt og… gjort ein del. Men, så har det vore ting som har kome i vegen: Mindre fint vêr som gjorde meg giddalaus, og deretter nydeleg vêr som var alt for fint til å kasta vekk inne…

Kort sagt, alt går ikkje som planlagt:

Liknande innlegg:


{21. Juni, 2008}   Ikkje heilt Britney Spears

Men…

Liknande innlegg:


{30. Mai, 2008}   Negler

No og då hender det at eg får godord om neglene mine, at dei er både lange og fine.
Men – nett no kjenner eg at eg kjem til kort…

Liknande innlegg:


{30. Mai, 2008}   Kjønnskorrigering for born?

For ei stund sidan hadde eg eit innlegg om ein dokumentar om transseksuelle born, og korleis dei og foreldrene takla situasjonen. Den gongen var det snakk om å la borna få leve som det kjønnet dei identifiserte seg som, fram til dei var gamle nok til å få operasjonen, dvs 18 år eller så.

Det er kanskje trygt å venta så lenge før ein så drastisk operasjon, men det oppstår eit problem for desse borna ved puberteten. Dei utviklar karakteristikkar for det kjønnet dei hatar å vera. Men – kva kan ein gjera med det? Eg veit Esben Esther Pirelli Benestad har snakka om å bruka legemiddel for å utsetja puberteten, men nyleg kom eg over noko enno meir drastisk. Det vart brukt ord som kjønnsskifte når ein er sju år. Kjeldene for dette skulle vera CNN og NPR.

Og sant nok, i ein video frå CNN vert det snakka om medisinsk behandling av små born. NPR har ein artikkelserie om det same, om korleis to familiar møter situasjonen, og kva legar seier om slik behandling. No er det rett nok ikkje snakk om kjønnsskifte, eller kjønnskorrigering som er det foretrukne ordet, men pubertetsutsetjande behandling. Men i så fall, kvifor er det då snakk om sjuåringar? Det er ei stund til puberteten set inn…

I innslaget på CNN er det òg nemnd bruk av hormon for å endra på kroppen til born, for å få dei meir feminine eller maskuline, alt etter kva dei identifiserer seg som. Men, alder er ikkje nemnd i det heile i innlegget (det eg oppfatta, i alle fall) anna enn at det er unge born det er snakk om. Og, er dei i puberteten, så er dei unge.

Det omstridte opplegget med behandling av unge born baserer seg heller ikkje på ein spesifikk alder, men at dei er så unge som dei er. Enno ikkje myndige, og så byrja fikla med hormon av ulike slag for å påverka kroppen? Det er jo snakk om drastiske og alvorlege ting her, og kva om borna ikkje er sikre, og ville angra på ei slik behandling? Er det ikkje betre å vera på sikre sida, og venta?

Det er vanskelege problem å ta stilling til, ingen lette løysingar er mogelege. Kva tid er me klar over kva kjønn me er? Eller kva kjønn me meiner me skulle vera? Som me ser i dokumentaren «Mitt hemmelege sjølv» så er borna svært unge der. Og for å dra problemstillinga litt nærare oss sjølve, uansett kven me er og kva me identifiserer oss som: Kor gamle var me då me vart klar over ulikskapen mellom gutar og jenter, og kor gamle var me då me fann ut kva kjønn me sjølve identifiserte oss med? For flesteparten av oss stemmer denne overeins med kroppen, så det har ikkje vore noko problem, men sjølve prosessen med å finna ut kven me er er jo felles. Så, kor gamle var me då me visste kva me identifiserte oss som, og var me sikre?

PS. Nokre er negative til NPR-artikkelen. På grunn av bruken av pronomen. Men artikkelforfattaren er òg svært negativ til dr Kenneth Zucker, kanskje med god grunn? Behandlinga hans minnar mykje om dr. John Money, og behandlinga av bl.a. David Reimer.

Liknande innlegg:


{29. Mai, 2008}   Den alvorlege sida av Satinelle-videoen.

Enkelte grupperingar er lette å gleda. Det skal liksom ingenting til før det er mange som går i spinn av glede, til dømes av ein liten reklamesnutt. Ta no desse transane, til dømes. Her er dei vane med at om kvinner vert omtala som at dei liknar på ein transe, så er det ikkje positivt meint. Dersom temaet er bukt i reklame eller andre stadar, så er det helst for å ha noko å le av. Det treng ikkje vera vondt meint, og det er ofte moro, men likevel – du får ikkje noko reellt syn.

Så dukkar det opp ein reklame som tek transar på alvor, og enkelte blir rørt til tårer over kor vakkert det er. Slikt kan få meg til å tenkja etter litt, på korleis situasjonen faktisk er. Eg skulle ønskja at gode artiklar i aviser og blad kunne hjelpa, at TV-program kunne visa litt korleis det er å vera transeperson. Spreia litt opplysning og informasjon. Det er ikkje så mange slike artiklar og program, men dei finst, og eg har fått med meg ein del av dei. Men likevel, det er kanskje slik at folk flest ikkje kan så mykje om transepersonar, ut over at dei eksisterer. Og dermed noko ukjent, kanskje farleg? Noko ein bør halda seg unna, eller kanskje le av, for å «forsvara» seg og kjenna seg trygge?

Så kanskje burde eg ikkje berre kome med ein kort, flåsete kommentar til den reklamefilmen, men heller kommentert han frå ein heilt annan vinkel. No gjorde eg ikkje det. Til gjengjeld vart folka bak Boinkology fascinert, forvirra og nyfikne på filmen og over reaksjonane på denne, og bestemte seg for å finna ut meir om denne personen i filmen. Dei fann ut at vedkommande var Karis, dansaren i musikkvideoen «Filthy/Gorgeous» med Scissor Sisters, og fekk eit intervju med han.

Det var hyggeleg å få sjansen til å visa eit positivt bilete av det å vera ein transeperson, seier Karis, og vera med i ein nyskapande reklamefilm. For det er ikkje berre eit par enkle valg ein har i livet, når det gjeld kven ein er:

«The one really great thing about this ad – well, there are a lot of great things – but for me, now I can speak about how there are just so many more avenues than just tranny or gay boy. It’s nice to be able to educate people that there are more avenues.»

Å ta på seg ei utfordring og læra vekk, det er verkeleg bra. Og det er verd strevet:

«I love doing things that challenge and educate. I’ve gotten so many emails from trannies saying that they never thought they’d see something like this in their lifetime – and that alone is worth all the trouble.»

Les heile intervjuet med Karis.

Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    Juli 2009
    M T O T F L S
    « Jun    
     12345
    6789101112
    13141516171819
    20212223242526
    2728293031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kva nettlesar føretrekk du?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster