{16. September, 2007}   Photoshop, Painter – gå heim og vogg!

Photoshop har jo vore sett på som det beste programmet for grafikk og fotomanipulering, og Painter har fått ord på seg som det beste til å simulere ekte media som oljemaling, akvarell, blyant osv. Vel – tid for å skjerpa seg, for her er konkurranse frå eit velkjent programvarefirma. Eg let videoen tala for seg sjølv:

(Either JavaScript is not active or you are using an old version of Adobe Flash Player. Please install the newest Flash Player.)

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{18. December, 2006}   Avhengig?

Samanrulla blad.Det ligg kanskje ikkje til vår natur å innrømma det – korkje for oss sjølve eller andre – dersom me er blitt avhengige av kunstige stimuli. Likevel, eg for min del har byrja å lura litt no, om eg er litt avhengig eller ikkje. Om så er, så er det heldigvis ikkje av skadelege stoff for kroppen, som alkohol, tobakk eller slikt, men det litt mindre farlege «blad.» I fleirtal. Det kan jo vera skadeleg for økonomien.

Trykte blad og magasin, det har eg ein god del av etter kvart, og fleire blir det kvar månad. Foto, kunst, Photoshop, web, PC, teikneseriar og meir – det samlar seg opp. Eg greier kanskje ikkje å setja meg like godt inn i alt (forresten, stryk ordet «kanskje») men eg greier liksom ikkje heilt å slutta å kjøpa blada heller. Kanskje heller tvert om… No nyleg fann eg eit nytt blad i Narvesen, Advanced Photoshop. Eg har visst om det lenge, at det eksisterte, men eg har ikkje sett det her i landet før. Og, klart eg måtte kjøpa det!

Det fører jo til at eg kan ha litt ulest som ligg og ventar på meg, særleg når det gjeld noveller, men eg greier stort sett å koma meg gjennom alt i løpet av få dagar. Og magasina med noveller, dei er jo som bøker: Dei kastar eg i alle fall ikkje – dei skal nytast, gjerne fleire gongar.

Men – problemet¹ er jo at eg kjøper så masse av det. Og har problem med å stoppa. Er eg avhengig? Treng eg gå på avvenning? Slikt noko går jo trass alt ut over både økonomi og lagringsplass. Rett nok kan eg vera ganske kreativ når det gjeld det siste² men likevel… Om eg prøver å tenkja etter kva eg kjøper inn kvar månad, i generelle termar, så blir det:

I tillegg så kjem det nokre andre blad eg av og til kjøper, når det er noko interessant. Det er det ofte. Eller som no sist, kanskje: Nye blad som truar med å bli innkjøpt på fast basis.

Huff – eg trur ikkje eg tør tenkja på kva eg legg ut på blad eg. Godt at abonnement gjerne er halve prisen av det Narvesen sel dei for. Men eg lurar altså litt: Er eg avhengig?

¹ I den grad det er eit problem?
² Må berre få ta meg saman og rydda litt. Til neste år!
³ Når det gjeld fotoblad har eg faktisk vore flink: Eg har vore oppe i 5 faste/mnd – men eitt gjekk inn, eitt var ikkje interessant nok, og eitt endra karakter…
Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    August 2008
    M T W T F S S
    « Jul    
     123
    45678910
    11121314151617
    18192021222324
    25262728293031
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Steller du neglene dine?
    (Du kan velgje maks 6 svar)

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen