Archive for May, 2008
Negler
No og då hender det at eg får godord om neglene mine, at dei er både lange og fine.
Men – nett no kjenner eg at eg kjem til kort…
Kjønnskorrigering for born?
For ei stund sidan hadde eg eit innlegg om ein dokumentar om transseksuelle born, og korleis dei og foreldrene takla situasjonen. Den gongen var det snakk om å la borna få leve som det kjønnet dei identifiserte seg som, fram til dei var gamle nok til å få operasjonen, dvs 18 år eller så.
Det er kanskje trygt Ã¥ venta sÃ¥ lenge før ein sÃ¥ drastisk operasjon, men det oppstÃ¥r eit problem for desse borna ved puberteten. Dei utviklar karakteristikkar for det kjønnet dei hatar Ã¥ vera. Men – kva kan ein gjera med det? Eg veit Esben Esther Pirelli Benestad har snakka om Ã¥ bruka legemiddel for Ã¥ utsetja puberteten, men nyleg kom eg over noko enno meir drastisk. Det vart brukt ord som kjønnsskifte nÃ¥r ein er sju Ã¥r. Kjeldene for dette skulle vera CNN og NPR.
Og sant nok, i ein video frÃ¥ CNN vert det snakka om medisinsk behandling av smÃ¥ born. NPR har ein artikkelserie om det same, om korleis to familiar møter situasjonen, og kva legar seier om slik behandling. No er det rett nok ikkje snakk om kjønnsskifte, eller kjønnskorrigering som er det foretrukne ordet, men pubertetsutsetjande behandling. Men i sÃ¥ fall, kvifor er det dÃ¥ snakk om sjuÃ¥ringar? Det er ei stund til puberteten set inn…
I innslaget på CNN er det òg nemnd bruk av hormon for å endra på kroppen til born, for å få dei meir feminine eller maskuline, alt etter kva dei identifiserer seg som. Men, alder er ikkje nemnd i det heile i innlegget (det eg oppfatta, i alle fall) anna enn at det er unge born det er snakk om. Og, er dei i puberteten, så er dei unge.
Det omstridte opplegget med behandling av unge born baserer seg heller ikkje på ein spesifikk alder, men at dei er så unge som dei er. Enno ikkje myndige, og så byrja fikla med hormon av ulike slag for å påverka kroppen? Det er jo snakk om drastiske og alvorlege ting her, og kva om borna ikkje er sikre, og ville angra på ei slik behandling? Er det ikkje betre å vera på sikre sida, og venta?
Det er vanskelege problem Ã¥ ta stilling til, ingen lette løysingar er mogelege. Kva tid er me klar over kva kjønn me er? Eller kva kjønn me meiner me skulle vera? Som me ser i dokumentaren “Mitt hemmelege sjølv” sÃ¥ er borna svært unge der. Og for Ã¥ dra problemstillinga litt nærare oss sjølve, uansett kven me er og kva me identifiserer oss som: Kor gamle var me dÃ¥ me vart klar over ulikskapen mellom gutar og jenter, og kor gamle var me dÃ¥ me fann ut kva kjønn me sjølve identifiserte oss med? For flesteparten av oss stemmer denne overeins med kroppen, sÃ¥ det har ikkje vore noko problem, men sjølve prosessen med Ã¥ finna ut kven me er er jo felles. SÃ¥, kor gamle var me dÃ¥ me visste kva me identifiserte oss som, og var me sikre?
PS. Nokre er negative til NPR-artikkelen. På grunn av bruken av pronomen. Men artikkelforfattaren er òg svært negativ til dr Kenneth Zucker, kanskje med god grunn? Behandlinga hans minnar mykje om dr. John Money, og behandlinga av bl.a. David Reimer.
Comments are off for this postDen alvorlege sida av Satinelle-videoen.
Enkelte grupperingar er lette Ã¥ gleda. Det skal liksom ingenting til før det er mange som gÃ¥r i spinn av glede, til dømes av ein liten reklamesnutt. Ta no desse transane, til dømes. Her er dei vane med at om kvinner vert omtala som at dei liknar pÃ¥ ein transe, sÃ¥ er det ikkje positivt meint. Dersom temaet er bukt i reklame eller andre stadar, sÃ¥ er det helst for Ã¥ ha noko Ã¥ le av. Det treng ikkje vera vondt meint, og det er ofte moro, men likevel – du fÃ¥r ikkje noko reellt syn.
SÃ¥ dukkar det opp ein reklame som tek transar pÃ¥ alvor, og enkelte blir rørt til tÃ¥rer over kor vakkert det er. Slikt kan fÃ¥ meg til Ã¥ tenkja etter litt, pÃ¥ korleis situasjonen faktisk er. Eg skulle ønskja at gode artiklar i aviser og blad kunne hjelpa, at TV-program kunne visa litt korleis det er Ã¥ vera transeperson. Spreia litt opplysning og informasjon. Det er ikkje sÃ¥ mange slike artiklar og program, men dei finst, og eg har fÃ¥tt med meg ein del av dei. Men likevel, det er kanskje slik at folk flest ikkje kan sÃ¥ mykje om transepersonar, ut over at dei eksisterer. Og dermed noko ukjent, kanskje farleg? Noko ein bør halda seg unna, eller kanskje le av, for Ã¥ “forsvara” seg og kjenna seg trygge?
SÃ¥ kanskje burde eg ikkje berre kome med ein kort, flÃ¥sete kommentar til den reklamefilmen, men heller kommentert han frÃ¥ ein heilt annan vinkel. No gjorde eg ikkje det. Til gjengjeld vart folka bak Boinkology fascinert, forvirra og nyfikne pÃ¥ filmen og over reaksjonane pÃ¥ denne, og bestemte seg for Ã¥ finna ut meir om denne personen i filmen. Dei fann ut at vedkommande var Karis, dansaren i musikkvideoen “Filthy/Gorgeous” med Scissor Sisters, og fekk eit intervju med han.
Det var hyggeleg å få sjansen til å visa eit positivt bilete av det å vera ein transeperson, seier Karis, og vera med i ein nyskapande reklamefilm. For det er ikkje berre eit par enkle valg ein har i livet, når det gjeld kven ein er:
“The one really great thing about this ad – well, there are a lot of great things – but for me, now I can speak about how there are just so many more avenues than just tranny or gay boy. It’s nice to be able to educate people that there are more avenues.”
Å ta på seg ei utfordring og læra vekk, det er verkeleg bra. Og det er verd strevet:
“I love doing things that challenge and educate. I’ve gotten so many emails from trannies saying that they never thought they’d see something like this in their lifetime – and that alone is worth all the trouble.”
Les heile intervjuet med Karis.
1 commentNytt design for bloggen
Etter at eg har tenkt på det lenge, så fekk eg endeleg fingen ut, og starta på og skikkeleg tilpassa temaet slik eg ville ha det. Tidlegare har eg flikka på korleis tinga fungerer i bakgrunnen, lagt til litt ny funksjonalitet osv. Det er jo viktig det, men eg hadde jo lyst å gjera noko med sjølve utsjånaden òg. Litt meir enn litt diskret endring av fargar.
Og no er det altså gjort. Sidan planen for i dag var å gå gjennom ein del bygdebøker og kyrkjebøker og diverse slikt, med tanke på slektsforsking, så passa det godt å setja meg ned med Photoshop og laga til ei ny teikning å ta utgangspunkt i. Eg hadde laga til ei rask skisse tidlagare, men den ville bli for brei til å kunna brukast her. Ergo, start frå scratch. Det har teke ein del timar, men eg må seia meg relativt nøgd med resultatet.
Teknisk sett trur eg eg skal vera ferdig no. Det skal ikkje vera noko eg har oversett, det eg veit, men om så er så bør det gå greit å oppdatere. Men om det er andre ting som bør endrast, det får eg sjå på etter kvart. Nokre idéar har eg, men kva synest godtfolket? Ser det bra ut?
1 commentTa vare på YouTube-filmane
Det er i grunn masse artig å finna på YouTube, og av og til er det råd å finna filmar og slikt som er vel verd å ta vare på. Og det har jo lenge vore mulig å lasta ned flv-filene, og evt. konvertere dei etterpå, eller bruka tenester som t.d. vixy.net som konverterer til ulike format som du så kan lasta ned. Men, no når det er råd å få filene i betre kvalitet rett frå YouTube, kvifor ikkje utnytta det?
YouTube har jo lagt om eindel for å få betre kvalitet på filene, så i staden for å tukla med flv-filene, så er det råd å lasta ned videoane som mp4-filer. Og med litt hjelp, så er det svært enkelt. Denne sida fortel korleis du kan få eit lite bookmarklet i nettlesaren din (Opera, Safari, Firefox, IE) som automatisk genererer ei lenke til kvar du kan lasta ned videoar i mp4-format. Alt du treng gjera er altså å klikka denne bookmarkleten når du er på ei side med videoen du vil ha. Men, det er jo kjedeleg å måtta gjera det kvar gong òg. Særleg når det er råd å automatisere det. Heilt automagisk.
Har du Opera eller Firefox, sÃ¥ kan du installere eit lite userscript/greasemonkeyscript som legg til ei slik lenke for sidene etter kvart som du besøker dei. Alt som treng gjerast med dette scriptet installert er Ã¥ høgreklikke og velge ‘lagre mÃ¥let som’ (eller tilsvarande) og that’s it. Eg har jo mÃ¥tta prøva det sjølv, og det fungerer som ein draum. Ein god draum.
Den første videoen eg prøvde dette på, var denne:
Gutar meir status enn jenter?
Ein ting eg la merke til i intervjuet Klassekampen hadde med Petter Schjerven om bokstavkjeks og – tilsynelatande – ulike kjekspakkar for dei to kjønna, er noko han sa heilt mot slutten: “Rosa er ene og alene forbeholdt jenter. I et program vi gjorde nylig, var vi pÃ¥ en fødestue, og der kunne vi se hvordan det var helt krise hvis det ikke fantes lyseblÃ¥ tepper som man kunne tulle inn guttebarna i. Det samme gjaldt ikke motsatt vei. Det er helt ok Ã¥ tulle ei jente inn i blÃ¥tt. Hvis vi forholder oss til det arkaiske statussystemet mellom kjønnene, betyr det jo at man klatrer oppover i hierarkiet hvis man kler ei jente i blÃ¥tt.”
Er det me ser her eit teikn på at det er meir status med gutar enn jenter? Og er dette i så fall noko som held seg livet ut?
— Julie, The Cement Garden
Livet ut ja, for angsten for det feminine til gutar sluttar ikkje med babyteppe, medan det ikkje er problem med at jenter er guttete. (Vel, kanskje ikkje alltid, men vanlegvis.) Gutar skal gjerne ha litt tøffe klede, og i alle fall ikkje søte klede som ei jente kunne gå med. Jenter kan gjerne få søte klede, men om dei heller vil ha tøffe klede så er ikkje det noko problem.
NÃ¥r det gjeld oppførsel, sÃ¥ skal gutane vera litt tøffe og viltre. Dei kan nok fÃ¥ vera rolege, men dei mÃ¥ i alle fall ikkje halda pÃ¥ med slike ting som det vanlegvis er kun jentene som gjer. Omvendt, sÃ¥ reknar ein helst med at jentene skal vera rolege, men om dei skulle finna pÃ¥ Ã¥ vera tøffe og viltre som gutane, sÃ¥ er det i grunnen heilt OK. Ordet gutejente har helst ein positiv klang, mens jentegut – i den grad det vert brukt – helst blir brukt negativt. PÃ¥ engelsk finst jo ikkje noko tilsvarande tomboy for gutar i det heile, det seier vel sitt. (Rett nok vart ordet tomboy opprinneleg brukt om viltre gutar, og ikkje jenter, men det har endra seg etter kvart som meir er blitt akseptabelt for jenter, og ikkje gutar.)
Men sÃ¥ veks ein opp, blir vaksne og… Menn er stadig livredde for alt som kan gje inntrykk av at dei ikkje er 100% mann, macho og maskulin. SÃ¥nn typisk Pondus, som ikkje ein gong vil bruka fuktighetskrev for Ã¥ ta vare pÃ¥ huda. Heldigvis er ikkje alle slik dÃ¥, men sjølv kjenner eg til ein som ikkje vil bruka gensrar med trykk. BÃ¥de han og familien hans er av den oppfattinga at det er feminint, om det er aldri sÃ¥ mykje kjøpt i herrebutikkar. Men det er kanskje eit ekstremt tilfelle det òg.
Andre er modige nok til Ã¥ bruka ein kilt av eitt eller anna slag, sjølv om dei ikkje kan skulda pÃ¥ Ã¥ vera skottar, eller ha røter til Skotland. Rett nok er ein kilt eit heller maskulint plagg, men likevel er det mange (av begge kjønn) som berre ser eit skjørt, og som følgeleg gir grunn til Ã¥ le av det. Det er jo degraderande. Og kva sÃ¥ med metroseksuelle menn? Med skjørt som ikkje er kilt, sarongar, til og med makeup – det mÃ¥ dÃ¥ vera akseptert no? Vel, nÃ¥r eg ser det omtalt, sÃ¥ ser eg svært ofte òg negative haldningar til det, enno.
Uansett, det er mykje ein mann ikkje kan kle seg i om det ikkje skal verka degraderande, om han ikkje vil bli ledd av. Annaleis er det for kvinnene. Éin ting er at dei kan gå rett inn i herreavdelinga og finna klede til seg sjølve, og det blir sett på som fint og sexy, men dei kan òg ta for seg herrekleda og endra litt på snittet, sånn at det passar den kvinnelege figuren betre. Dressen er vel eit godt eksempel på det, og kva vert det kalla når kvinner ifører seg ein dress? Powerdressing. Dei kler seg som menn, til makt, oppover rangstigen. Eller oppgraderande, om du vil. Det er lov.
6 commentsMenn tÃ¥ler visst ikkje smerte…
…sÃ¥ difor mÃ¥ ei løysing finnast for Ã¥ unngÃ¥ det. Og – kor ser ein etter løysinga dÃ¥?
Men – om det faktisk er sÃ¥ smertefullt, det stemmer kanskje ikkje alltid i realiteten. Det varierer i alle fall ikkje med kjønnet.
Comments are off for this post