Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Ta vare på YouTube-filmane

Det er i grunn masse artig å finna på YouTube, og av og til er det råd å finna filmar og slikt som er vel verd å ta vare på. Og det har jo lenge vore mulig å lasta ned flv-filene, og evt. konvertere dei etterpå, eller bruka tenester som t.d. vixy.net som konverterer til ulike format som du så kan lasta ned. Men, no når det er råd å få filene i betre kvalitet rett frå YouTube, kvifor ikkje utnytta det?

YouTube har jo lagt om eindel for å få betre kvalitet på filene, så i staden for å tukla med flv-filene, så er det råd å lasta ned videoane som mp4-filer. Og med litt hjelp, så er det svært enkelt. Denne sida fortel korleis du kan få eit lite bookmarklet i nettlesaren din (Opera, Safari, Firefox, IE) som automatisk genererer ei lenke til kvar du kan lasta ned videoar i mp4-format. Alt du treng gjera er altså å klikka denne bookmarkleten når du er på ei side med videoen du vil ha. Men, det er jo kjedeleg å måtta gjera det kvar gong òg. Særleg når det er råd å automatisere det. Heilt automagisk.

Har du Opera eller Firefox, sÃ¥ kan du installere eit lite userscript/greasemonkeyscript som legg til ei slik lenke for sidene etter kvart som du besøker dei. Alt som treng gjerast med dette scriptet installert er Ã¥ høgreklikke og velge ‘lagre mÃ¥let som’ (eller tilsvarande) og that’s it. Eg har jo mÃ¥tta prøva det sjølv, og det fungerer som ein draum. Ein god draum.

Den første videoen eg prøvde dette på, var denne:

2 comments

2 Comments so far

  1. Øyvind Sæther May 17th, 2008 2:06

    Videofilene YouTube viser er lagret i .flv format. Hvorfor konvertere dem og miste data?

    Scriptet youtube-dl er nyttig om du vil dra ned ting fra kommandolinjen med YouTube. Jeg bruker det ikke så mye, for jeg bruker swfdec fremfor Adobe sin lukkede flash-fremviser og den lar deg høyreklikke på flash-filer og lagre alle relevante filer (.swf, .flv, etc)

  2. Monica May 17th, 2008 11:41

    Med denne bookmarkleten eller user-/greasemonkeyscriptet så konverterer du ikkje filene frå flv-formatet, men lastar ned mp4-formatet, som òg finst der, i staden. Og at dette er noko du kan gjera etter at YouTube byrja leggja om og få betre kvalitet på filene enn dei opprinneleg tilbaud.

    Men at du kan høgreklikke og lagre flv-filene direkte med swfdec (som eg ikkje var klar over, takk for den) er jo òg veldig praktisk dÃ¥. 🙂