Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Nytt design for bloggen

Eigenprodusert Hamskifte-temaEtter at eg har tenkt på det lenge, så fekk eg endeleg fingen ut, og starta på og skikkeleg tilpassa temaet slik eg ville ha det. Tidlegare har eg flikka på korleis tinga fungerer i bakgrunnen, lagt til litt ny funksjonalitet osv. Det er jo viktig det, men eg hadde jo lyst å gjera noko med sjølve utsjånaden òg. Litt meir enn litt diskret endring av fargar.

Og no er det altså gjort. Sidan planen for i dag var å gå gjennom ein del bygdebøker og kyrkjebøker og diverse slikt, med tanke på slektsforsking, så passa det godt å setja meg ned med Photoshop og laga til ei ny teikning å ta utgangspunkt i. Eg hadde laga til ei rask skisse tidlagare, men den ville bli for brei til å kunna brukast her. Ergo, start frå scratch. Det har teke ein del timar, men eg må seia meg relativt nøgd med resultatet.

Teknisk sett trur eg eg skal vera ferdig no. Det skal ikkje vera noko eg har oversett, det eg veit, men om så er så bør det gå greit å oppdatere. Men om det er andre ting som bør endrast, det får eg sjå på etter kvart. Nokre idéar har eg, men kva synest godtfolket? Ser det bra ut?

1 comment

1 Comment so far

  1. Pop-Ola May 20th, 2008 22:20

    Jeg synes det nye designet er kult… og treffende!