Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Gutar meir status enn jenter?

Ein ting eg la merke til i intervjuet Klassekampen hadde med Petter Schjerven om bokstavkjeks og – tilsynelatande – ulike kjekspakkar for dei to kjønna, er noko han sa heilt mot slutten: “Rosa er ene og alene forbeholdt jenter. I et program vi gjorde nylig, var vi på en fødestue, og der kunne vi se hvordan det var helt krise hvis det ikke fantes lyseblå tepper som man kunne tulle inn guttebarna i. Det samme gjaldt ikke motsatt vei. Det er helt ok å tulle ei jente inn i blått. Hvis vi forholder oss til det arkaiske statussystemet mellom kjønnene, betyr det jo at man klatrer oppover i hierarkiet hvis man kler ei jente i blått.”

Er det me ser her eit teikn på at det er meir status med gutar enn jenter? Og er dette i så fall noko som held seg livet ut?

Girls can wear jeans and cut their hair short, wear shirts and boots, because it’s OK to be a boy, but for a boy to look like a girl is degrading, because you think that being a girl is degrading. But secretly you’d love to know what it’s like, wouldn’t you? What it feels like for a girl?

Julie, The Cement Garden

Livet ut ja, for angsten for det feminine til gutar sluttar ikkje med babyteppe, medan det ikkje er problem med at jenter er guttete. (Vel, kanskje ikkje alltid, men vanlegvis.) Gutar skal gjerne ha litt tøffe klede, og i alle fall ikkje søte klede som ei jente kunne gå med. Jenter kan gjerne få søte klede, men om dei heller vil ha tøffe klede så er ikkje det noko problem.

Når det gjeld oppførsel, så skal gutane vera litt tøffe og viltre. Dei kan nok få vera rolege, men dei må i alle fall ikkje halda på med slike ting som det vanlegvis er kun jentene som gjer. Omvendt, så reknar ein helst med at jentene skal vera rolege, men om dei skulle finna på å vera tøffe og viltre som gutane, så er det i grunnen heilt OK. Ordet gutejente har helst ein positiv klang, mens jentegut – i den grad det vert brukt – helst blir brukt negativt. På engelsk finst jo ikkje noko tilsvarande tomboy for gutar i det heile, det seier vel sitt. (Rett nok vart ordet tomboy opprinneleg brukt om viltre gutar, og ikkje jenter, men det har endra seg etter kvart som meir er blitt akseptabelt for jenter, og ikkje gutar.)

Men så veks ein opp, blir vaksne og… Menn er stadig livredde for alt som kan gje inntrykk av at dei ikkje er 100% mann, macho og maskulin. Sånn typisk Pondus, som ikkje ein gong vil bruka fuktighetskrem for å ta vare på huda. Heldigvis er ikkje alle slik då, men sjølv kjenner eg til ein som ikkje vil bruka gensrar med trykk. Både han og familien hans er av den oppfattinga at det er feminint, om det er aldri så mykje kjøpt i herrebutikkar. Men det er kanskje eit ekstremt tilfelle det òg.

Andre er modige nok til å bruka ein kilt av eitt eller anna slag, sjølv om dei ikkje kan skulda på å vera skottar, eller ha røter til Skotland. Rett nok er ein kilt eit heller maskulint plagg, men likevel er det mange (av begge kjønn) som berre ser eit skjørt, og som følgeleg gir grunn til å le av det. Det er jo degraderande. Og kva så med metroseksuelle menn? Med skjørt som ikkje er kilt, sarongar, til og med makeup – det må då vera akseptert no? Vel, når eg ser det omtalt, så ser eg svært ofte òg negative haldningar til det, enno.

Uansett, det er mykje ein mann ikkje kan kle seg i om det ikkje skal verka degraderande, om han ikkje vil bli ledd av. Annaleis er det for kvinnene. Éin ting er at dei kan gå rett inn i herreavdelinga og finna klede til seg sjølve, og det blir sett på som fint og sexy, men dei kan òg ta for seg herrekleda og endra litt på snittet, sånn at det passar den kvinnelege figuren betre. Dressen er vel eit godt eksempel på det, og kva vert det kalla når kvinner ifører seg ein dress? Powerdressing. Dei kler seg som menn, til makt, oppover rangstigen. Eller oppgraderande, om du vil. Det er lov.

6 comments

6 Comments so far

  1. Viktor Viktorsen May 3rd, 2008 21:15

    Kjenner bloggere som blogger under mannlige pseudonym, fordi de da blir mer lest enn om de hadde blogget som kvinner… Vel, jeg sier ikke mer. 😯

  2. Christian May 3rd, 2008 21:34

    For 100 år siden så var rosa guttefargen.
    Skulle gjerne kommet en dokumenterende link, men nettsiden min er nede.

  3. Esquil May 3rd, 2008 23:16

    Kanskje er det statusforskjeller, men jeg tror ikke observasjonen din har så mye med det å gjøre som med at det å wrappe inn et guttebarn i rosa, eller gjøre andre genderbendertrekk, gir homofile assosiasjoner, og at homofili er mindre akseptert for menn enn for kvinner.

  4. Monica May 4th, 2008 0:46

    @Viktor: At kvinner bloggar som menn for å bli lest, det har eg aldri tenkt over – men det er vel i tråd med at mannlege forfattarar har lettare for å bli lest òg. Er jo derfor J.K. Rowling fekk rådet om å kun bruka initialane sine i bøkene …

    Men av og til kan det nok vera fordelaktig å framstå som kvinner òg, alt etter kva ein vil oppnå.

    @Christian: At rosa var ein gutefarge før, det har eg høyrt tidlegare, men utan noko dokumentasjon. Får sjå gjennom nettsidene dine då, om du skal ha ei lenke der om det 🙂

    @Esquil: At homofobien og homofile assosiasjonar er sterkt inne i biletet i mange tilfelle, det er det nok liten tvil om. Men slett ikkje alt skuldest det. Eg har gjennom ein del år, både på og av nettet (mest på) fått med meg fleire frustrasjonar og historiar frå begge kjønn, som tyder på at det absolutt kan vera snakk om statusforskjellar. (Kor er alle dei gode døma no når eg kunne ha brukt dei? *Pooof* Borte.) Frustrasjonen skuldest at det er kvinnene som sit att med fordelane av dette. Det er dei som får eit auka repertoar å utfalda seg på …

  5. Christian May 4th, 2008 8:01

    @Monica: Jeg fant innlegget om saken: Naturlig betingede farger

  6. Monica May 4th, 2008 12:18

    Takk for lenka. Litt gøy å lesa 🙂