Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for April, 2008

Last ned avansert Canon-kamera

Utsikt frå stranda ut mot havet
Det var reint tilfeldig at eg fekk veta at eg kunne få eit avansert kamera av merket Canon – gratis. Eg skulle nemleg kunna få eit kamera med svært raske lukkartider, ISO-verdiar, lagre i RAW-format, alt det som avanserte Canon-kamera har. Det er ein artikkel i Wired, om korleis ein kan gjera Canon-kameraet om til ei kraftpakke, som fortalde meg dette, og grunnen er at mange kamera frå Canon, enkle som avanserte, brukar same chipen. Det er kun programvaren som er ulik. (Vel, reint bortsett frå fysiske forskjellar mellom kompaktkamera og speilreflekskamera då …) Så ved hjelp av Canon Hacker’s Development Kit (CHDK) går det an å laga ny programvare for å utnytta kameraet til fulle.

Eller leggja vekt på bestemte ting. Det finst fleire ulike versjonar av programvare laga med hjelp av CHDK, som legg vekt på ulike ting. Eg for min del skal ikkje påstå eg er nokon ekspert eller legg vekt på bestemte ting – eg var berre nyfiken nok til å ville prøva, og lasta ned Allbest-versjonen og installerte den.

Og jammen var det mange nye valg som dukka opp i den nye menyen. Eg anar knapt kva det er, alt i hop, så det må bli masse prøving (og feiling) for å finna ut av dette. Men eg fann ut korleis eg kan ta bilete i RAW-format. Var litt spent på å prøva det, sidan det skulle gi stor kontroll ved diverse justeringar av biletet i etterkant. Men, her har eg eit lite problem for tida: Eg må finna ut kva program eller plugin til Photoshop (Windows) som greier å opna og la meg redigere dei .crw-filene eg får frå kameraet…

Er det nokre som har tips? 😉

5 comments

Adresse Beograd – høyrde eg rett?

Eg vart sitjande med PC-en medan NRK sendte “Adresse Beograd” på TV på tysdag. Har pleid å synast at dei programma har vore litt småkoselege å få med meg, uansett kvaliteten på dei ulike melodiane og videoane. Denne gongen syntest eg derimot opplegget var heilt tragisk, så ting gjekk nok sikkert litt forbi meg.

Og det er der problemet mitt kanskje ligg: Fekk eg med meg det ein av “dommarane” sa? David Eriksen representerte Noreg det året Dana International song for Israel, vart det sagt. Eg hugsa ikkje namnet hans, men derimot hugsar eg at han tydlegvis hadde litt problem med akkurat det. At ei transseksuell kvinne var med. Han var nemleg redd for at MGP ville bli eit freakshow på grunn av at ho deltok. Dei kommentarane hans hadde eg absolutt ikkje sansen for.

Og no sist tysdag så syntest eg høyrde meir av same slaget. Det er Dana International som har skrive melodien Israel kjem med i år, og når David snakka om ho, så brukte han pronomenet “ho” – men så kom det ei tilføying eg vonar eg misoppfatta. Eg syntest han sa “eller «han» er det vel” (eller noko liknande.) Kan det stemma? Høyrde eg rett? Det skulle jo vera langt i frå naudsynt å kome med ein slik kommentar.

Programmet går visst i reprise rundt midnatt, natt til laurdag, men eg veit ikkje om eg har så veldig lyst å irritera meg gjennom det programmet (ein gong til) for å sjekka kva han sa…

3 comments

Ikkje alle likar rosa…

…men det kan få dei i godt humør.

Det var tysdag kveld det, eg bestemte meg for at neste dag, då skulle eg vera rosa. Så eg måtte jo forbereda meg litt, med å lakka neglene i ein passande farge eller to. Det gjorde eg. Og så gjekk eg og la meg.

Onsdagen kom, og eg slengde på meg ein lys, rosa genser. Augeskuggen, den var sjølvsagt rosa, og litt lett rosa leppestift høyrde med, òg. Neglene, dei var sjølvsagt knall rosa, med ei tynn stripe i mørkare rosa som gjekk diagonalt over dei. Ikkje så mykje arbeid, men det vert så mykje betre og litt ekstra med neglene på den måten. Og så var det på jobb, då.

Me er i eit lite kontorfellesskap, og då ein kvinneleg kollega kom på jobb og såg meg, så bobla det over med ein trillande latter. Kven var det som gjekk i rosa slik, lurte ho. Vel, eg foreslo jo meg, og damer eg. Min mannlege kollega i starten av 40-åra foreslo faktisk òg 42 år gamle menn. Ingen protestar kom på det. Trur ikkje ein gong ho prøvde å protestere, men ho var i alle fall i godt humør resten av dagen.

Akkurat det var noko ho faktisk trengte òg, den dagen, fortalde ho meg seinare. Ho hadde fått litt dårleg nytt, og noko kjedeleg som måtte gjerast. Kjedeleg, i tydinga “mindre hyggeleg”. Då var det godt at det finst slike som meg, som kan spreia litt glede i kvardagen, på ein god måte. 🙂

Vel, kva kan eg seia? Mission accomplished!

2 comments

Milliways: The Restaurant at the End of the Universe

Eg fekk nokre gode minner dÃ¥ eg sÃ¥g kva som dukka opp i RSS-lesaren min i dag frÃ¥ waxy.org: Nytt (eller gammalt) om Infocom. Andy Baio har fÃ¥tt tak i arkivet til Infocom, med bl.a. dokument og kjeldekode til alle spela dei laga, utgitte og ikkje utgitte, og det er det sistnemnde som var spennande her. Nemleg den planlagde oppfølgjaren til “Hitchhiker’s Guide to the Galaxy” – “Milliways: The Restaurant at the End of the Universe”.

Ikkje berre var det interessant Ã¥ lesa dokumenta og konversasjonar som foregjekk i firmaet under planleggjinga og diverse problem som oppstod (t.d. at Douglas Adams i kjent stil mista interessa og heldt pÃ¥ med andre ting, og…) men blant kommentarane pÃ¥ innlegget sÃ¥ dukka det opp kjende namn: Utviklarar av spela.

No hadde eg jo sansen for Infocom og spela deira, men eg mÃ¥ innrømma: Hitchhiker fekk eg aldri spelt ferdig… Kanskje eg skulle prøva igjen? Hmmm

Comments are off for this post

Ny karriere i Japan?

No er det vel neppe sÃ¥ aktuelt for dei fleste Ã¥ flytta til Japan for Ã¥ arbeide i kafé, men der borte ser det ut til at ingen nisje er for liten til Ã¥ satsa pÃ¥. SÃ¥ dersom du er mann, likar Ã¥ kle deg i dameklede, og kunne tenkja deg Ã¥ mÃ¥tta vera kledd som dame for Ã¥ jobba…

Lurar pÃ¥ om det hadde vore rÃ¥d Ã¥ gjort noko sÃ¥nt her i landet…?

Comments are off for this post

Norske sitatteikn i WordPress

Reglane for typografi varierer i dei ulike landa, og kva sitatteikn som vert brukt her i landet er ulike dei som vert brukte i WordPress sin standardinnstallasjon. Det kunne difor vera hyggeleg med eit lite innstikk som konverterte fr̴ doble og enkle sitatteikn til dei norske Рog det er akkurat det eg har her: Norquote Рkonverterer til norske sitatteikn. No skal eg ikkje gjera meg flinkare enn eg er, d̴ eg berre har teke innstikket til Kimmo Suominen, finquote, og endra til norske forhold.

Eg har brukt det sjølv i lengre tid (heilt problemfitt) så då eg hadde ei opprydding her i kveld, fann eg ut at eg skulle dela med dykk.

Last ned: Norquote

3 comments

Endeleg – eg fekk ut fingen

Eg har ikkje heilt klart for meg kor fingen eigentleg skal vera før me får han ut, sjølv om han i mitt tilfelle har vore der ganske lenge. Men no har eg altså endeleg fått han ut, og oppdatert temaet eg brukar her i bloggen til å ta i bruk widgets. Eg har brukt ein del innstikk som ikkje har vore klare for dette, så det har vore medverkande til at eg ikkje har gjort noko med det, men etter at eg sjekka ein testblogg etter siste WordPress-oppdatering, så la eg merke til at alle så nær som ein av dei funksjonane eg brukte var klare. Då kunne eg ikkje bruka det som unnskulding lengre.

Så då var det berre til å finna fram passande dokumentasjon då, på korleis ting skulle gjerast for å oppgradere temaet mitt. Det var jo lett tilgjengeleg frå widget-menyen i administrasjonspanelet, men det oppdaga eg ikkje før etter eg hadde funne det. Det viste seg at det var svært lett å gjera noko med det. Tida vart brukt til å oppdatere stilarket slik at stilen vart halden. Ikkje så mykje arbeid det heller, faktisk.

Og sÃ¥ det største problemet: Med widgets i funksjon, kva rekkefølgje skulle eg plassera dei i? Kva skulle med og ikkje? Det fÃ¥r eg vel sjÃ¥ meir pÃ¥ etter kvart, òg, men nett no er eg nøgd med at ting ser ut til Ã¥ fungere heilt fint. 🙂

Comments are off for this post