Stay-ups eller slide-downs?

Stay upsStrømper kan gjera beina skikkeleg lekre, men det er neimen ikkje heilt problemfritt heller. Meir spesifikt tenkjer eg på stay ups. Som namnet tyder på, er desse strømpene meint å halda seg oppe utan hjelp av strømpehaldar. Korleis er så situasjonen?

Det varierer jo litt då, det skal eg innrømma. Når strømpene er nye og gummirendene rundt toppen er ekstra klebrig, då sit strømpene godt. I alle fall til vanleg. Men strømper er jo ikkje nye heile tida, og evna til å klistra seg fast til låra avtek forbausande fort. Sjølv ikkje reine og nyvaska strømper får tilbake den evna dei kom med som nye. Gjer det noko? Er ikkje elastikken god nok i lag med littegrann av den anti-gli effekten gummien gir?

Ideelt sett burde det vera slik, men ein dag du anar fred og ingen fare legg du kanskje merke til at det er noko som ikkje stramar som det skulle rundt låra – er du verkeleg uheldig legg du ikkje merke til det før du lurar på kvifor folk kastar eit ekstra blikk ned på beina dine. Då kan det hende du går rundt med kne/ankelstrømper. 🙁

Kor mange er det som har opplevd slikt? Eg veit eg ikkje er åleine om det. Mektig irriterande er det i alle fall. Knestrømpene mine derimot held seg stort sett på plass – det skuldest kanskje til dels forma på leggen, men eg skulle gjerne sett at vanlege stay ups hadde lært seg eit triks der likevel. Eg er litt lei av slide downs-strømper etter kvart.

Berre eit lite hjartesukk…

Impotenspillen

Har du problem med ereksjonen? Reiser han seg når det er om å gjera å vera slapp og liten? Lite samarbeidsvillig når det gjeld? No er løysinga her: Impotenspillen Argaiv!

Argaiv - impotenspillen

Dame med ereksjon

Borte er dei dagane då ufrivillig ereksjon kunne føra til pinlege situasjonar og/eller eit ruinert image. Ein liten pille er det som skal til for at du kan slappa av, utan frykt for at veslemann handlar heilt på eiga hand og prøver å gjera seg stor og viktig.

Er du redd for å få reisning i herredusjen? Angst for kva reaksjonar det kan medføra? Ein liten pille Argaiv i forkant hjelper deg med å unngå potensielt pinlege situasjonar og rykter.

Skeptisk til å besøka naturiststrender fordi du er usikker på korleis du vil reagere? Kanskje du opptrer i eit strippeshow, og ikkje vil la tilfeldighetane rå? Ein liten pille Argaiv, og du slepp å verta flau om det er noko du absolutt vil unngå.

Eller kanskje er du ofte i situasjonar der ein ereksjon er fullstendig malplassert og kan bokstavleg talt øydeleggja alt, som når du er kledd som dame og definitivt ikkje vil gi nokre hint om at du er ei dame med “det lille ekstra”. Ein pille Argaiv før du går ut hjelper deg med å halda på løyndomen i fleire timar. Ein ekstra pille eller to i handveska hjelper på om du skal vera ute lenge.

Bruk

Argaiv hemmar ereksjon og dempar midlertidig sexlyst. Begge delar kjem tilbake når verknaden av medisinen avtek.

Dose:  1 pille pr 4–6 timar, maks 6 stk pr døgn i 3 døgn. Dosering ut over dette må ikkje gjerast utan i samråd med lege.

Biverknadar

Ved lengre tids bruk kan følgjande biverknadar oppstå:

  • Redusert hårtap
  • Meir sensitiv hud
  • Du har lettare for å frysa
  • Periodevise humørsvingingar
  • Auka brystvev (utvikling av bryst)

Avhengig?

Samanrulla blad.

Det ligg kanskje ikkje til vår natur å innrømma det – korkje for oss sjølve eller andre – dersom me er blitt avhengige av kunstige stimuli. Likevel, eg for min del har byrja å lura litt no, om eg er litt avhengig eller ikkje. Om så er, så er det heldigvis ikkje av skadelege stoff for kroppen, som alkohol, tobakk eller slikt, men det litt mindre farlege “blad.” I fleirtal. Det kan jo vera skadeleg for økonomien.

Trykte blad og magasin, det har eg ein god del av etter kvart, og fleire blir det kvar månad. Foto, kunst, Photoshop, web, PC, teikneseriar og meir – det samlar seg opp. Eg greier kanskje ikkje å setja meg like godt inn i alt (forresten, stryk ordet “kanskje”) men eg greier liksom ikkje heilt å slutta å kjøpa blada heller. Kanskje heller tvert om… No nyleg fann eg eit nytt blad i Narvesen, Advanced Photoshop. Eg har visst om det lenge, at det eksisterte, men eg har ikkje sett det her i landet før. Og, klart eg måtte kjøpa det!

Det fører jo til at eg kan ha litt ulest som ligg og ventar på meg, særleg når det gjeld noveller, men eg greier stort sett å koma meg gjennom alt i løpet av få dagar. Og magasina med noveller, dei er jo som bøker: Dei kastar eg i alle fall ikkje – dei skal nytast, gjerne fleire gongar.

Men – problemet¹ er jo at eg kjøper så masse av det. Og har problem med å stoppa. Er eg avhengig? Treng eg gå på avvenning? Slikt noko går jo trass alt ut over både økonomi og lagringsplass. Rett nok kan eg vera ganske kreativ når det gjeld det siste² men likevel… Om eg prøver å tenkja etter kva eg kjøper inn kvar månad, i generelle termar, så blir det:

  • 1 stk PC-blad (abonnement)
  • 2 stk (digital)fotoblad (abonnement)³
  • 1 stk “kunst”-blad (abonnement)
  • 2 stk webdesignblad (abonnement)
  • 6 stk teikneseriar/manga
  • 1.5 stk Fantasy/SF-blad (abonnement og laussalg – sistnemnde med kun 6 nr i året)

I tillegg så kjem det nokre andre blad eg av og til kjøper, når det er noko interessant. Det er det ofte. Eller som no sist, kanskje: Nye blad som truar med å bli innkjøpt på fast basis.

Huff – eg trur ikkje eg tør tenkja på kva eg legg ut på blad eg. Godt at abonnement gjerne er halve prisen av det Narvesen sel dei for. Men eg lurar altså litt: Er eg avhengig?

¹ I den grad det er eit problem?
² Må berre få ta meg saman og rydda litt. Til neste år!
³ Når det gjeld fotoblad har eg faktisk vore flink: Eg har vore oppe i 5 faste/mnd – men eitt gjekk inn, eitt var ikkje interessant nok, og eitt endra karakter …

Ingen vil ta bussen om laurdagane

Eg innrømmer gladeleg at at det nok er ein del som vil våga den påstanden at eg ikkje har heilt rett i det eg seier i overskrifta, men høyr meg ut. Kjøpesenteret Kvadrat i Sandnes har ein viss storleik — landets største har det blitt sagt mange gangar. Det er ikkje å undrast over at det då er ein del ute og handlar der, inkludert om laurdagane.

Busskort, Kolumbus

Det er kanskje ein logisk samanheng der, men det skulle ein ikkje tru om me ser på kollektivtilbodet om laurdagen: Lite! Greit, det er ikkje så gale i byrjinga av dagen, men senteret har ope lenge det, og utpå ettermiddagen går bussane sjeldnare, og det er færre av dei. Med “færre” meinar eg at det er ein del ruter som ikkje går – eller går svært sjeldan.

Kva inneber dette? Kort og godt: Er du ute på storhandel (ikkje så uvanleg no når det er mange julepresangar å kjøpa) så må du gjera deg tidleg ferdig. Brukar du litt tid, og handlar inn litt meir enn du orkar å bæra over lange avstandar så bør du ikkje setja for stor lit til kollektivtrafikken. Slik som til dømes meg i dag. Eg hadde vore ute på julehandel, kjøpt inn presangar og mat, og det var for mykje til å bæra med meg heile vegen heim. Problemet var at eine bussen som ville passa hadde slutta å gå, andre gjekk først to timar seinare, så eg måtte slå meg til ro med ein buss som tok meg mesteparten av vegen fram. Det var berre ein halvtime å venta.

Jammen godt då at det er så få som vil ta bussen om laurdagane, slik at bussjåføren slapp å avvisa alt for mange, og be dei ta neste buss (som gjekk ein halv time seinare, og ei anna rute.)

Sukk!

Kjære julenissen: Eg ønsker meg bil til jul!

Sinnataggen, del 2

SinnataggenDet er ei stund sidan eg skreiv her sist no, men diverre ikkje så mange postar sidan første del av Sinnataggen. Så, kva har skjedd, og kvifor kjem ein del 2 her no? Set deg godt til rette, så skal eg fortelja.

Eg skreiv sist at eg ville reformattere harddisken og innstallere alt på nytt, og det gjorde eg. Reformatteringa gjekk fint. Eg kom meg på nett igjen, og fekk innstallert dei viktigaste programma. Chatta litt med venner òg, og fekk høyra at eit par av dei hadde opplevd det same som meg: Etter automatisk oppdatering av Windows så kræsja PC-en, og dei måtte reformattere. Skummelt!

Men uansett, PC-en min var fin igjen, og stikk i strid med det eg sa eg skulle gjera, sÃ¥ sjekka eg ikkje prisar på nye PC-ar. Det skulle eg kanskje gjort, for mindre enn ei veke seinare – same dag som eg skreiv førre innlegg, “guteleiker?”, så kræsja PC-en min igjen. Det skjedde etter automatisk oppdatering av Windows… Eg fekk han ikkje opp og gå igjen den dagen, før eg måtte leggja meg. Fredagen sjekka eg prisar på PC-ar, kom heim igjen og prøvde å få maskina opp og gå igjen. No such luck. Laurdagen la eg ut det eg hadde råd til (eller litt meir) for ein ny PC.

Ein annan ting som skjedde laurdagen, var at eg i eit siste forsøk fekk den rebelske PC-en opp og gå igjen, òg. Fekk teke backup av dei siste dataene då, så eg mista ikkje noko der. Eg får sjå kva som skjer med den etter kvart.

Men som det heiter: Ei ulukke kjem sjeldan åleine. Ein ny PC er ikkje synonymt med ein problemfri kvardag. Neida, det er ikkje noko gale med den, men eg har òg ein ekstern harddisk, der eg hadde lagra massevis av data, og brukt til å ta backup av det eg hadde. Denne viste no teikn til å gi meg lesefeil, slik at eg ikkje fekk opna filer eg hadde lagra. Fleire og fleire feil, faktisk.

No var eg ikkje høg i hatten! 300GB med data – det ville fylla opp mange DVD-ar det. Ja, for eg måtte jo ta vare på det eg hadde. Heldigvis kom den nye med harddisk på 250GB, så det aller viktigaste vart flytta over der med ein gong. Eg vart glad då det gjekk utan lesefeil – alle foto og uerstattelege data kom feilfritt over. Viktige dokument og brev same eins, og mesteparten av musikken.

Mykje av det andre trengte eg ta ei opprydding i, så eg får sjå det positive i det – og det ser ut til at eg greier å berga det beste, i ei eller anna form. Men likevel, det blir mykje å brenna til DVD framover – og eg skal brenna ut med jamne mellomrom heretter. Så håpar eg at ei reformatering av harddisken er det som skal til for at den skal fungere utan problem etterpå, at det ikkje er noko meir gale med den. I så fall blir eg veldig lei meg…

Sinnataggen

<sinna/>Ting skal ikkje alltid vera lette her i verda. Særleg ikkje når det gjeld tekniske ting, slik som ein PC. Når det går ein periode der problema synest å ikkje gå vekk, men stadig er der i større eller mindre grad, då kjem Sinnataggen fram.

Som eit heilt tilfeldig valt døme så tek eg min eigen PC. Han kan vera litt vel treg til tider, men eg har lært meg å leva med det. Stort sett, i alle fall. Her om dagen så var det likevel ikkje nok for han å la ting gå i sirup under oppstart av program, og slike ting – neida, no var det visst på tida å laga problem under oppstarten av Windows. Som ein unge i trassalderen sette PC-en seg rett ned og nekta å gjera noko som helst. Berre sat der heilt uanfekta etter eit par små steg, og gjorde absolutt ingenting.

Eg for min del kunne vore freista til å gjera litt av kvart – diverre har eg ikkje råd til ein ny PC, så det får heller venta. I staden prøvde eg å slå av og på maskina, for å sjå om det hjelpte. Med same resultat. Av og på igjen, og prøvde å starte opp med valget “sist fungerande konfigurasjon” (eller noko i den dur.) Og då gjekk det. Eg pusta letta ut.

Det dumme med PC-ar er at dei treng restartast av og til, og slik er det òg med min. No er det ingen poeng for å gjetta at oppstarten ikkje gjekk heilt knirkefritt. Igjen hadde eg same problem, og igjen måtte eg starta opp med sist fungerande konfigurasjon. Bah! Her måtte eg til med å ta kopi av det eg ville ta vare på, og reformattere driten. Tenkte eg. Så langt kom eg ikkje.

Greit nok, eg utsette det litegrann, slik at eg ikkje skulle bli sitjande seint på kvelden og halda på med slikt. Eg hadde ikkje tenkt å slå av eller restarta PC-en med det første uansett, så det arbeidet kunne venta. Dagen etterpå? Vel – då eg sat framfor skjermen så kom det eit kort straumglimt. Lyset blinka, og PC-en byrja som vanleg med ein omstart. Jippi, liksom. Men – denne gongen fungerte alt prikkfritt. Omstarten gjekk som på skinner, og eg smilte glad og lukkeleg. Endeleg såg det ut til at problema faktisk var over. Eg stolte ikkje heilt på det, men …

Kor lenge var Eva i Paris? Ei god stund vart det (masse å shoppa?) men i dag – eller teknisk sett i går – så var det over igjen. Denne gongen var det òg skikkeleg vanskeleg å få sparka ting i gong, det måtte mange ulike forsøk til. Denne gongen er det nok, og sundagen blir nok brukt til å kopiere det siste til ein trygg plass, før eg reformatterer og innstallerer ting på nytt. Og pengar eller ei, eg skal sjå om eg ikkje greier å sjekka kva prisane er for ein god PC no om dagen…

Sinnataggen? Det er då opplagt? Med slike problem som er lagt for dagen, og frustrasjonar som følgje av dei, så dukkar Sinnataggen opp. Denne gongen er det eg som er Sinnataggen – håpar det ikkje vil vara alt for lenge.

Den der undertrykkinga

Mannen stÃ¥r og vaskar opp. Kona ved kjøkkenbordet les: I følge denne undersøkinga er du ein mannssjÃ¥vinistisk gris.Menn er undertrykt, det er vel slått grundig fast no? Mykje er skrive etter artikkelen av Døving — ein oversikt finst hjå tiqui, sjølv om debattar føregår fleire andre stadar òg. Det har vore fleire gode artiklar og kommentarar, men jammen har det vore ein del av det motsette slaget òg, og ein del som har fått meg til å stussa.

Eg må innrømma at då eg leste artikkelen til Døving, så reagerte eg ikkje noko særleg på han. Det stod jo i grunnen ikkje noko nytt ut over det som har kome fram i fleire undersøkingar tidlegare? Men fleire såg ut til å latterleggjera det han sa, til å ignorere problema han peika på og heller hakka på han fordi han skulle ha gitt kvinnene skulda for problema, og at kvinnene var undertrykkarar? Var det slik det var då, at han berre la skulda for situasjonen over på kvinnene? Det var ikkje slik eg hugsa artikkelen, så eg lesta han på nytt.

Stadig ser eg ikkje at Døving skuldar på kvinnene, sjølv om han menar dei ikkje ser situasjonen korleis han verkeleg er, kor mykje makt kvinnene faktisk har. Ikkje dermed sagt av det var ein velskriven artikkel. Døving peika på fleire viktige punkt, utan å gå vidare inn på dei, utan å spørja kvifor det er slik og kva som kan gjerast. Dermed gjer han ingenting med den situasjonen han opnar artikkelen med, inga bevisstgjering om at ting kan bli betre enn dei er: “Vi er klar over at ikke alle menn føler seg undertrykt, men vi vet at de fleste er det. Ingen føler seg undertrykt før de har en drøm, en visjon om noe bedre.” I staden er det lett for dei som les artikkelen å sjå på det som surmaga klaging og avfeia heile greiene. Det er synd.

At situasjonen på fleire felt er mykje verre for menn enn kvinner, at menn er dårlegare stilt og blir dårlegare behandla enn kvinner, det har fleire undersøkingar vist. Program har blitt vist på TV om det, i 60 minutes om skulen i USA, korleis krav om kvotering har ført til mindre tilbod til gutane (grunna laber interesse frå jentene), korleis undervisningsopplegget favoriserte jenter (eit eksperiment der elevane vart delt i gute- og jenteklassar, og gutane fekk eit opplegg tilpassa dei, førte til at gutane gjorde det svært mykje betre.) Dokumentaren “Könskriget” frå svensk TV skapte mykje debatt i fjor og i år. Jack Kammer har skrive ei bok om korleis menn blir diskriminert på ulikt sett, If men have all the power, how come women make all the rules? (Kan lastast ned som pdf-fil.) Mange vil nok le av mykje som står i boka, men tenk litt etter: Kor ofte må menn finna seg i å bli behandla eller omtala på måtar ingen ville finna seg i om det var snakk om kvinner? Kor mykje ubevisst dobbeltmoral er det i samfunnet vårt? Eg kunne nok ha peika på fleire ting som enkelte menn finn viktige, andre menn totalt uinteressante, og kvinne tek som ei sjølvfølge for sin eigen del. Kanskje ein annan gong.

Men, korleis skal me gripa fatt i det Døving skriv om? Korleis skal me løysa dei problema han peikar på? Først og fremst må me bli klar over at det er problem som må gjerast noko med. Først kan me bøta på manglande forståing for problema, finna ut kva som må gjerast. Det kan kanskje vera vanskeleg til tider, for mykje av det nokre synest er ubetydeleg og kan ignorerast er svært viktig for andre – me må ta slikt på alvor og ikkje avvisa desse poblemstillingane som ikkje-eksisterande, noko begge kjønn likevel gjer, òg ovanfor sine eigne. At det er få som snakkar om eit problem tyder kanskje på at det er mange som ikkje tør snakka om det, og ikkje at det er eit fåtal som opplever problemet? Slikt veit me ikkje før me tek problema på alvor og studerer dei.

Eg ser forresten at mange menn er glade for det Døving skriv, fordi dei kjenner att problema frå eigne liv. Det tyder jo på at artikkelen ikkje var eit totalt bomskot, i alle fall.

RewriteEngine? Ooops! Eg treng hjelp…

Det er ikkje så alt for lenge sidan eg skeia ut og spanderte på meg eit eige domene til denne bloggen, og det som eventuelt måtte kome i tillegg seinare. Eg innstallerte WordPress, fikla litt med innstilligane, og valde å bruka fine url-ar. WordPress tok seg av å skriva .htaccess-fila, og eg såg at alt var bra. Litt tilpassing av ønska design og ekstra funksjonar, og eg var i gong med å skriva. Det var ingen problem. Så – etter nokre dagar – fekk eg lyst til å kikka på statistikken over besøket.¹

Ooops!

Eg gjorde som eg skulle, og skreiv inn hamskifte.com/stats i adresselinja i Opera, men i staden for å sjå statistikken (eller måtta logga meg inn for å sjå) så fekk eg sjå – bloggen min. Eg hadde blitt fint og pynteleg redirigert til framsida av den i staden. Javel ja. Då var det nok magien i RewriteEngine som spela meg eit puss, så eg opna opp .htaccess og såg etter:

# BEGIN WordPress

RewriteEngine On
RewriteBase /
RewriteCond %{REQUEST_FILENAME} !-f
RewriteCond %{REQUEST_FILENAME} !-d
RewriteRule . /index.php [L]

# END WordPress

No må eg innrømma at kunnskapane mine om RewriteEngine heller er ganske små, men eg fann no ut at den regelen slår til om URL-en korkje peikar til ei fil eller katalog. 'stats' er korkje ei fil eller ein katalog hjå meg, og følgeleg slo RewriteRule til og let meg sjå index.php (bloggen) i staden for statistikken. Eg måtte altså laga meg eit unntak for det, men korleis?

Ein del prøving og feiling tok stad etter å ha lest det eg fann om mod_rewrite og RewriteEngine. Resultata vart til tider at ingenting skjedde, eller at eg fekk sett statistikken, men ikkje bloggen. Men til slutt fekk eg no laga til noko som gjorde at eg fekk sett både bloggen, og statistikken når eg ville det. Eg rekna med at det heilt sikkert ikkje var slik det burde gjerast, men så lenge det fungerte…

# BEGIN WordPress

RewriteEngine On
RewriteBase /
RewriteRule ^stats/?$ stats/ [L]
RewriteCond %{REQUEST_FILENAME} !-f
RewriteCond %{REQUEST_FILENAME} !-d
RewriteRule . /index.php [L]

# END WordPress

Vel — eg hadde rett i at det heilt sikkert ikkje var slik det skulle gjerast, for når eg no ville ha meg ein liten kikk pÃ¥ statistikken igjen (sjølv om eg ikkje venta meg så masse nytt) så var eg tilbake til det gamle: Eg fekk sjå bloggen min i staden.

*Sukk*

Det er berre til å gå på med krum hals igjen, og prøva finna ein god plass Ã¥ læra dette, men det skal òg seiast: Om det skulle dukka opp ein riddar i skinnande rustning og hjelpa meg her, så ville eg setja stor pris på det. 😉