Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Ingen vil ta bussen om laurdagane

Eg innrømmer gladeleg at at det nok er ein del som vil vÃ¥ga den pÃ¥standen at eg ikkje har heilt rett i det eg seier i overskrifta, men høyr meg ut. Kjøpesenteret Kvadrat i Sandnes har ein viss storleik — landets største har det blitt sagt mange gangar. Det er ikkje Ã¥ undrast over at det dÃ¥ er ein del ute og handlar der, inkludert om laurdagane.

Busskort, KolumbusDet er kanskje ein logisk samanheng der, men det skulle ein ikkje tru om me ser pÃ¥ kollektivtilbodet om laurdagen: Lite! Greit, det er ikkje sÃ¥ gale i byrjinga av dagen, men senteret har ope lenge det, og utpÃ¥ ettermiddagen gÃ¥r bussane sjeldnare, og det er færre av dei. Med “færre” meinar eg at det er ein del ruter som ikkje gÃ¥r — eller gÃ¥r svært sjeldan.

Kva inneber dette? Kort og godt: Er du ute på storhandel (ikkje så uvanleg no når det er mange julepresangar å kjøpa) så må du gjera deg tidleg ferdig. Brukar du litt tid, og handlar inn litt meir enn du orkar å bæra over lange avstandar så bør du ikkje setja for stor lit til kollektivtrafikken. Slik som til dømes meg i dag. Eg hadde vore ute på julehandel, kjøpt inn presangar og mat, og det var for mykje til å bæra med meg heile vegen heim. Problemet var at eine bussen som ville passa hadde slutta å gå, andre gjekk først to timar seinare, så eg måtte slå meg til ro med ein buss som tok meg mesteparten av vegen fram. Det var berre ein halvtime å venta.

Jammen godt då at det er så få som vil ta bussen om laurdagane, slik at bussjåføren slapp å avvisa alt for mange, og be dei ta neste buss (som gjekk ein halv time seinare, og ei anna rute.)

Sukk!

Kjære julenissen: Eg ønsker meg bil til jul!

Comments are off for this post

Comments are closed.