Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Sinnataggen, del 2

SinnataggenDet er ei stund sidan eg skreiv her sist no, men diverre ikkje så mange postar sidan første del av Sinnataggen. Så, kva har skjedd, og kvifor kjem ein del 2 her no? Set deg godt til rette, så skal eg fortelja.

Eg skreiv sist at eg ville reformattere harddisken og innstallere alt på nytt, og det gjorde eg. Reformatteringa gjekk fint. Eg kom meg på nett igjen, og fekk innstallert dei viktigaste programma. Chatta litt med venner òg, og fekk høyra at eit par av dei hadde opplevd det same som meg: Etter automatisk oppdatering av Windows så kræsja PC-en, og dei måtte reformattere. Skummelt!

Men uansett, PC-en min var fin igjen, og stikk i strid med det eg sa eg skulle gjera, så sjekka eg ikkje prisar på nye PC-ar. Det skulle eg kanskje gjort, for mindre enn ei veke seinare – same dag som eg skreiv førre innlegg, «guteleiker?», så kræsja PC-en min igjen. Det skjedde etter automatisk oppdatering av Windows… Eg fekk han ikkje opp og gå igjen den dagen, før eg måtte leggja meg. Fredagen sjekka eg prisar på PC-ar, kom heim igjen og prøvde å få maskina opp og gå igjen. No such luck. Laurdagen la eg ut det eg hadde råd til (eller litt meir) for ein ny PC.

Ein annan ting som skjedde laurdagen, var at eg i eit siste forsøk fekk den rebelske PC-en opp og gå igjen, òg. Fekk teke backup av dei siste dataene då, så eg mista ikkje noko der. Eg får sjå kva som skjer med den etter kvart.

Men som det heiter: Ei ulukke kjem sjeldan åleine. Ein ny PC er ikkje synonymt med ein problemfri kvardag. Neida, det er ikkje noko gale med den, men eg har òg ein ekstern harddisk, der eg hadde lagra massevis av data, og brukt til å ta backup av det eg hadde. Denne viste no teikn til å gi meg lesefeil, slik at eg ikkje fekk opna filer eg hadde lagra. Fleire og fleire feil, faktisk.

No var eg ikkje høg i hatten! 300GB med data – det ville fylla opp mange DVD-ar det. Ja, for eg måtte jo ta vare på det eg hadde. Heldigvis kom den nye med harddisk på 250GB, så det aller viktigaste vart flytta over der med ein gong. Eg vart glad då det gjekk utan lesefeil – alle foto og uerstattelege data kom feilfritt over. Viktige dokument og brev same eins, og mesteparten av musikken.

Mykje av det andre trengte eg ta ei opprydding i, så eg får sjå det positive i det – og det ser ut til at eg greier å berga det beste, i ei eller anna form. Men likevel, det blir mykje å brenna til DVD framover – og eg skal brenna ut med jamne mellomrom heretter. Så håpar eg at ei reformatering av harddisken er det som skal til for at den skal fungere utan problem etterpå, at det ikkje er noko meir gale med den. I så fall blir eg veldig lei meg…

No comments

No comments yet. Be the first.

Leave a reply

(Antispam - krav)