{4. February, 2007}   Impotenspillen

Har du problem med ereksjonen? Reiser han seg når det er om å gjera å vera slapp og liten? Lite samarbeidsvillig når det gjeld? No er løysinga her: Impotenspillen Argaiv!

Argaiv - impotenspillen

Dame med ereksjonBorte er dei dagane då ufrivillig ereksjon kunne føra til pinlege situasjonar og/eller eit ruinert image. Ein liten pille er det som skal til for at du kan slappa av, utan frykt for at veslemann handlar heilt på eiga hand og prøver å gjera seg stor og viktig.

Er du redd for å få reisning i herredusjen? Angst for kva reaksjonar det kan medføra? Ein liten pille Argaiv i forkant hjelper deg med å unngå potensielt pinlege situasjonar og rykter.

Skeptisk til å besøka naturiststrender fordi du er usikker på korleis du vil reagere? Kanskje du opptrer i eit strippeshow, og ikkje vil la tilfeldighetane rå? Ein liten pille Argaiv, og du slepp å verta flau om det er noko du absolutt vil unngå.

Eller kanskje er du ofte i situasjonar der ein ereksjon er fullstendig malplassert og kan bokstavleg talt øydeleggja alt, som når du er kledd som dame og definitivt ikkje vil gi nokre hint om at du er ei dame med «det lille ekstra». Ein pille Argaiv før du går ut hjelper deg med å halda på løyndomen i fleire timar. Ein ekstra pille eller to i handveska hjelper på om du skal vera ute lenge.

Bruk

Argaiv hemmar ereksjon og dempar midlertidig sexlyst. Begge delar kjem  tilbake når verknaden av medisinen avtek.

Dose:  1 pille pr 4–6 timar, maks 6 stk pr døgn i 3 døgn. Dosering ut over dette må ikkje gjerast utan i samråd med lege.

Biverknadar

Ved lengre tids bruk kan følgjande biverknadar oppstå:

Liknande innlegg:
Lavendelolje gir deg pupper? ⇐ ⇒ Rocky Horror Picture Show - Sweet Transvestite


Monica skriv:
Gravatar

Sånn apropos Argaiv – bandet høyrest no i grunnen ikkje så verst ut…



Becca skriv:
Gravatar

Jøss, finnes dette i virkeligheten?! Nå har jeg aldri hatt ereksjon, men det må da være praktisk at man er klart til avgang :mrgreen:



Monica skriv:
Gravatar

Det er ei tid for å vera klar – og ei tid for å styra klar. :razz:



Becca skriv:
Gravatar

:lol:



wander skriv:
Gravatar

Å gi gubbenmannen en pille om kvelden, sånn gjemt i en kopp te eller noe sånt - så slipper man mas når man har lagt seg… :wink: De gangene man ønsker å bare sove, altså…



Monica skriv:
Gravatar

Her er ein gammal actionhelt (Van Damme) som kanskje kunne ha tenkt seg den pillen – i alle fall i ettertid…



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    February 2007
    M T W T F S S
    « Jan   Mar »
     1234
    567891011
    12131415161718
    19202122232425
    262728  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kor mange kjønn finst det?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster