Tranny planet gives astronomers a show

Det var med stor spenning og glede eg leste overskrifta. Nytt om og frå verdsrommet er spennande nok i seg sjølv det, men når det her i tillegg var snakk om “a tranny planet“? Ein som attpåtil gir astronomane ei oppvising? Dette måtte jo berre vera bra.

Eg er jo van med ordet “tranny” som engelsk slang tilsvarande det norske “transe”, og var veldig nyfiken på korleis denne vrien var. Moder jord står fram som fader jord, kanskje?

No viste det seg at cluet her var ordet “transiting”. Ein ørliten nedtur kanskje, men astronomi er no spennande uansett, som sagt. 🙂

Kvifor brukar kvinner bukser?

Jente i jeansTradisjonelt sett så har kvinner brukt skjørt og kjolar, med enkelte situasjonsbestemte unntak i meir moderne tid. Enkelte kvinner tok etter kvart risikoen med å gå i bukser til vanleg òg, sjølv om dei vart sett stygt etter på grunn av det. Først mot slutten av 60-talet (etter det eg har lest) vart det vanleg – og godteke – å sjå kvinner i bukser. No for tida er det nesten omvendt: Du ser som oftast damene i bukser, sjeldnare i skjørt. Kvifor er det slik, at dei bytta ut eit behageleg plagg som skjørt med bukser?

Mykje kan nok seiast om akkurat det, og mykje har blitt sagt, men dei to viktigaste grunnane er nok enkle:

  1. Dei kan
  2. Dei har lyst

Trengst det meir forklaring enn det? Og trengst det betre grunnar? For nokre tiår sidan var det sikkert råd å høyra fleire mishagsytringar mot at kvinner skulle ikle seg eit slikt herreplagg, men i dag er det ingen som løftar eit augebryn. Faktisk treng det ikkje alltid vera naudsynt med plagg sydd med snitt tilpassa den kvinnelege figuren heller: Det er heilt i orden at kvinner kjøper klede til seg sjølve i herreavdelingen.

Dette er noko som bringer meg over til neste tema: Bukser er kanskje meir behagelege for kvinner enn menn¹, så kvifor er det så få menn som brukar skjørt? Me høyrer jo sjølvsagt innvendingar, men har desse noko betre fundament enn dei innvendingane me vil le av i dag om dei hadde blitt brukt om kvinner i bukser? Eller er det berre tåpelege fordommar?

Ei innvending som ikkje er så uvanleg er at skjørt er feminint, eller at menn ikkje vil kle seg som kvinner. (Eller at kvinner ikkje vil at menn skal ha på seg skjørt av same grunnar.) Dette held ikkje vatn. Kvinner i bukser skulle i følgje same tankegang vore maskuline/kle seg som menn, men det er jo langt frå sanninga. Det finst tvert om mange feminine bukser, og kvinner i bukser er like tiltrekkande og feminine som sine søstre i skjørt. Og tilsvarande for menn – det finst maskuline skjørt, der kilt nok er det mest kjende her, og menn i t.d. kilt er ikkje utan vidare særleg feminine…

Andre spekulerer i om denne motviljen skuldast at menn er lite trygge på sin eigen seksualitet, eller om kvinner føler seg “trua” på sitt område. Eg veit ikkje eg, men det er i alle fall fleire menn som går og vil gå i skjørt og elles vera frie til å gjera det dei vil. Motemessig. Og det er fleire som vil ha fleire menn i skjørt no.

¹ Kvifor skulle bukser vera meir behagelege for kvinner enn menn? Fordi menn har meir mellom beina enn kvinner. Av og til har denne ekstrapakken litt dårleg plass…

RewriteEngine? Ooops! Eg treng hjelp…

Det er ikkje så alt for lenge sidan eg skeia ut og spanderte på meg eit eige domene til denne bloggen, og det som eventuelt måtte kome i tillegg seinare. Eg innstallerte WordPress, fikla litt med innstilligane, og valde å bruka fine url-ar. WordPress tok seg av å skriva .htaccess-fila, og eg såg at alt var bra. Litt tilpassing av ønska design og ekstra funksjonar, og eg var i gong med å skriva. Det var ingen problem. Så – etter nokre dagar – fekk eg lyst til å kikka på statistikken over besøket.¹

Ooops!

Eg gjorde som eg skulle, og skreiv inn hamskifte.com/stats i adresselinja i Opera, men i staden for å sjå statistikken (eller måtta logga meg inn for å sjå) så fekk eg sjå – bloggen min. Eg hadde blitt fint og pynteleg redirigert til framsida av den i staden. Javel ja. Då var det nok magien i RewriteEngine som spela meg eit puss, så eg opna opp .htaccess og såg etter:

# BEGIN WordPress

RewriteEngine On
RewriteBase /
RewriteCond %{REQUEST_FILENAME} !-f
RewriteCond %{REQUEST_FILENAME} !-d
RewriteRule . /index.php [L]

# END WordPress

No må eg innrømma at kunnskapane mine om RewriteEngine heller er ganske små, men eg fann no ut at den regelen slår til om URL-en korkje peikar til ei fil eller katalog. 'stats' er korkje ei fil eller ein katalog hjå meg, og følgeleg slo RewriteRule til og let meg sjå index.php (bloggen) i staden for statistikken. Eg måtte altså laga meg eit unntak for det, men korleis?

Ein del prøving og feiling tok stad etter å ha lest det eg fann om mod_rewrite og RewriteEngine. Resultata vart til tider at ingenting skjedde, eller at eg fekk sett statistikken, men ikkje bloggen. Men til slutt fekk eg no laga til noko som gjorde at eg fekk sett både bloggen, og statistikken når eg ville det. Eg rekna med at det heilt sikkert ikkje var slik det burde gjerast, men så lenge det fungerte…

# BEGIN WordPress

RewriteEngine On
RewriteBase /
RewriteRule ^stats/?$ stats/ [L]
RewriteCond %{REQUEST_FILENAME} !-f
RewriteCond %{REQUEST_FILENAME} !-d
RewriteRule . /index.php [L]

# END WordPress

Vel — eg hadde rett i at det heilt sikkert ikkje var slik det skulle gjerast, for når eg no ville ha meg ein liten kikk pÃ¥ statistikken igjen (sjølv om eg ikkje venta meg så masse nytt) så var eg tilbake til det gamle: Eg fekk sjå bloggen min i staden.

*Sukk*

Det er berre til å gå på med krum hals igjen, og prøva finna ein god plass Ã¥ læra dette, men det skal òg seiast: Om det skulle dukka opp ein riddar i skinnande rustning og hjelpa meg her, så ville eg setja stor pris på det. 😉

Nattleg besøk

Eg hadde fått på meg nattkjolen og gått til sengs då eg høyrde det small i veggen. Eg rykka til, låg stille og lytta; det var inne — eg var ikkje lengre åleine i huset, men hadde fått ein ubeden gjest på besøk.

Ubeden gjestEg hadde ikkje fått slått av lyset heller, så då eg såg i den retninga smellet kom frå, så såg eg den ubudne gjesten. Han var svær, og eg såg fascinert opp på han¹. Han flytta seg og kom nærare meg, og eg formeleg såg ondskapen² lysa ut av augene hans. Var han komen for å røva frå meg all nattesøvn? Skulle eg tilbringa natta i angst og fortviling over herjingane hans?

Fast bestemt på å ta natta tilbake tok eg opp kampen mot inntrengjaren. I motsetning til meg brydde ikkje han seg om lampar, radio og diverse anna som måtte stå i vegen, så han greidde å sno seg unna ein del gongar. Av og til fekk eg tak i han, men sniken greidde å smetta vekk frå meg likevel. Etter lang tids kamp hadde eg han likevel der eg ville ha han – kanskje var han trøytt og utsleten, men eg fekk no til slutt grep rundt han, og strama til. Denne gongen slapp han ikkje unna.

Det er muleg eg har for stor medkjensle, for eg orka ikkje tanken på å skada han eller la han sitja innesperra for ein periode i livet sitt, så eg let han gå. Eller flyga. Eg eskorterte han ut vindauga og slapp han laus, og han forsvann ut i mørket. Sikkert for å finna andre å terrorisere, men det vart i alle fall ikkje meg denne natta.

¹ Det kan for så vidt vore ei ho òg, men sidan både gjest og inntrengjar er hankjønnsord er det korrekt å bruka “han” om vedkommande.
² Det kan ha vore gjenskinnet frå lyset/blitzen som gjorde det, men eg trur no helst det var ondskapen som lyste ut likevel eg.

Manglar menn shoppinggenet?

Kvinne ute og shopparNo stiller eg vel eit unødvendig spørsmål i overskrifta – det er jo opplest og vedteke at menn manglar shoppinggenet. Menn likar ikkje å gå rundt i butikkar for å berre sjå, og kanskje handla noko om dei kjem over noko dei berre ha. Sånn er det berre.

Eller?

Når eg tenker meg om, så tek vel desse påstandane utgangspunkt i premissa frå kvinner — at menn ikkje likar å gå rundt i same typar butikkar som kvinner. Klesbutikkar er eit ynda døme på denne forskjellen: Kvinner kan gå rundt og sjå på klede i fleire timar, mens tidsforbruket til menn kan målast i minutt. Men er det så rart då?

Eg hugsar ein reklame for ei tid tilbake, ein mann som skulle ha seg nye gensrar. Ein med rund hals, ein med V-hals, og ein med høg hals. Inn i butikken, finn dei raskt, og det var det. Korleis kunne kvinner bruka så lang tid på den slags? Litt på spissen, men det er jo slik utvalget er i herrebutikkar og herreavdelingane: Nokre få typar gensrar, bukser, skjorter, nokre få fargar, av og til litt mønster — kor lang tid brukar ein på å sjå gjennom alt? Skal ein mann kle seg opp, så har han i grunnen berre eitt valg. Dress, blazer, jakke/bukse/skjorte — det er små variasjonar over same tema.

Flyttar du blikket over frå herreavdelingen til kvinneavdelingen, så er mengda det første som slår ein. Ikkje fordi det er så mykje fleire like plagg av kvart enn for menn, men fordi det er mange fleire variasjonar. Ei bukse er ikkje berre ei bukse – det finst utallige snitt, mange variasjonar i stoff, fargar og mønster. Same for gensrar, toppar, skjørt, kjolar… Skal ei kvinne kle seg opp så finst det òg mange valg. Det er råd å sjå på ulike variasjonar i selskapsklede i fleire timar. Ei kvinne kan òg – om ho vil – kle seg etter temperatur og vêr…

Så at ein mann går lei av å sjå på klede etter kort tid er ikkje så rart – det er grenser for kor lenge han likar å sjå på dei same plagga heile tida. Men om me ser på verktøy, elektronikk og tekniske duppedittar — slikt som tradisjonelt menn skal lika — korleis er biletet då? Joda, då kan mannen gjerne gå rundt og kikke — lenge. I alle fall så lenge han ikkje har dama med, for ho synest gjerne at slikt ikkje er interessant å bruka tid på …

At mannen manglar shoppinggenet stemmer vel ikkje heilt då, så lenge det finst nok av ting å shoppa rundt etter. Av interesse for han.

Då har eg gjort det.

Vel, så har eg altså gått hen og gjort det. Eg har fått meg mitt eige domene eg kan boltra meg på, så får me sjå då om eg angrar på det – eg har jo ikkje vore aktiv, sjølv om eg har prøvd ut litt ulike bloggetenester. Men no kan eg jo prøva meg på litt anna enn berre blogging, òg, om eg vil.

Tida vil vise korleis det går, men eg er i alle fall i gong.

Long time no see

Det ser ut til å vera ei stund sidan eg har skrive i bloggen her no. Rart. Eller kanskje ikkje. Eg har leika meg litt rundt i ulike bloggtenester for å sjå litt kva eg likar best, men i større grad har eg berre ikkje orka å skriva noko. Når det siste er tilfelle så blir resultatet noko heilt anna enn ein tekst…

Men no er eg i grunnen blitt litt lei av å ikkje gjera noko på web-fronten, blogging eller heimesider generelt, og har bestemt meg for å ta meg litt i nakken. Eg har bestemt meg for å skriva noko kvar veke, uansett kor tullete det måtte vera. Får eg sving på sakene, så vil eg vurdera å gjera alvor av tankar eg har leika meg litt med, men ikkje realisert: Registrere mitt eige domene og ha både full kontroll og fleire mogelege valg. Nokre idéar snurrar rundt i hovudet mitt no og då, men eg må vera så pass sikker på at eg ikkje berre kastar vekk pengar på det før eg bestemmer meg.

Når det gjeld denne bloggen, så såg eg for meg to valg: Enten her, eller nytta meg av Opera sitt tilbod. Sistnemnde har jo masse plass til bilete og sånt òg, i motsetning til her, men så spørst det kor mykje bilete eg kjem til å bruka då – og om eg får meg eige domene vil eg nok bruka WordPress der òg, så då vil bloggen vera grei å migrere (vonar eg.) Om ikkje, så kan eg jo uansett registrere meg i Operasamhaldet for å dra nytte av galleriet der, om så er det eg vil.

Vel – då er eg i gong. Dette er første post i ei (vonar eg) lang rekke.